Hopp til innhold

Våre beste med blåbær

Dei blå bæra er her. Bærplukking har lange tradisjonar i Noreg – gratis mat med kosteleg smak. Heldigvis finst dei også i butikken.

Blåbærboller med sprø topping

Søtt, saftig og blått. Nyplukka eller frosne bær, like godt okke som.

Foto: Marit Hegle

Kort og godt kan dei blå smaksbombene brukast til det meste. Saft, syltetøy, kaker, bakst, frukostblandingar og smoothies – vel og vrak. Men ikkje vrak denne. Blåbærbolle med mjuk mandelsmak.

Friske blåbær held seg ikkje friske lenge. Dei bør frysast om dei ikkje blir brukte innan få dagar. I alle oppskriftene kan du bruke frosne bær. Men har du friske bær: Et dei medan dei er lunkne. Himmelsk.

Liker du enkle, men kjempegode kaker? Du er ikkje åleine. Denne med vaniljekrem og knasande topping er lett å lage.

Kva ville danskane gjort med bæra? Jo, dei hadde laga lappar med havregraut og krydder. Danskane er verkeleg ikkje dumme.

Dette er så søtt, saftig og godt. Det er nesten så vi gir ein ordre: Lag desse.