Steinar Lindstrøm lagar bacalao i ildfast form. Reporter Gro Ravnestad.

Bacalao i eldfast form

Ordet «bacalao» betyr rett og slett torsk. I Portugal skryt dei av å ha like mange variantar, som det er dagar i året. Her skal du få tips til bacalao laga med klippfisk.

Slik gjør du

Planlegging er viktig når ein skal lage bacalao. Klippfisken bør nemleg leggast i vatn 2–3 dagar før den skal brukast. Eit godt råd frå kokken er å ikkje skifte vatn, då held fisken på den gode smaken.

Reins fisken for skinn og bein og skjær den i passe små stykke. Bacalaoen skal lagast i ei eldfast form, då er den lett å servere rett på bordet.

Kok potetene halvferdige, og kok opp sausen av tomatar, tomatpuré, vatn og finhakka kvitlauk. Ha i litt olivenolje og smak til med nykverna pepar. Eit lite triks er å ha i ei lita teskjei sukker for å avrunde smaken.

Skjær opp lauk i skiver og fres den i litt olivenolje.

Legg først litt tomatsaus i botnen av den eldfaste forma. Ha i fisk, lauk og poteter i eit taksteinsystem. Ha over resten av tomatsausen og set den i omnen på 180 grader ein halvtimes tid. Fem minutt før bacalaoen er klar strør du over svarte oliven.

Du kan gjerne servere godt brød til bacalaoen.

Kilde: Steinar Lindstrøm