Hopp til innhold

Lag mos, puré og stappe – gi rotgrønsakene ein «boost»

Poteter og grønsaker smaker fantastisk når dei er mosa. Ulike kombinasjonar av rotgrønsaker tilsett herleg krydder lagar nye, spennande rotmosar.

Ertepuré

Enten det er erter, poteter eller andre grønsaker, kutt dei opp i små bitar. Små bitar i gryta gir kortare koketid, billigare straum og dei blir lettare å mose.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Bruk handmakt eller finn fram stavmiksaren og mos grønsakene. Saman med fløyte, mjølk, nøtter og krydder får maten heilt nytt liv.

Du kan lage puré av nesten kva som helst. Denne med søtpotet er nydeleg, delikat å sjå på òg.

Dropp kjøpestappa. Kutt opp ferske rotgrønsaker i små bitar, då går kokinga kjapt. Denne med pastinakk og nøtter gjer mosen til festmat.

Miks rotgrønsaker etter hjartet. Det er ein smart måte å få fleire grønsaker i ungane òg. Poteter, pastinakk og sellerirot er kjempegodt saman og har mange næringsstoff. Passar til både kjøtt og fisk.

Potetmos på «amerikansk» ser sånn cirka slik ut. Den minner i stor grad om den «vanlege» vi bruker her heime òg.

Jordskokk har ein smak som er nøttaktig, delikat, søt og mjølen. Nydeleg i potetstappa. Dryss gjerne på småhakka nøtter.

Vi har også ein delikat mos laga på berre jordskokk saman med mjølk, smør, sitron og krydder.

Har du smakt mos med ein miks av poteter og søte eple? Her er ein trygg, og samtidig spennande, oppmoding.

Mos ertene òg. Flott farge og kjapp å lage.