– Har du gulrøter eller andre rotgrønsaker som har blitt slappe, kan ein setje dei ei natt i ei skål med kaldt vatn i kjøleskapet. Dagen etter vil dei vere nesten like gode som nye, fortel Mette Nygård Havre som står bak instagram-kontoen Spis opp maten.
Ho legg til at det også gjeld salatar, tomatar og til og med halve avokadoar som fort kan bli slappe eller brune etter nokre dagar i kjøleskapsskuffa.
– Det er verdas enklaste triks. Ofte treng grønsakene berre litt ekstra veske for å halde seg lenger, fortel ho.
Behald emballasjen på
For at ikkje grønsakene skal bli dårlege for tidleg, kan ein tenkje litt ekstra over korleis ein oppbevarer dei.
– Det meste er viktig å ha i emballasjen sin, for å unngå vesketap. Samstundes skal det ikkje vere heilt tett, då grønsakene må få puste, fortel Helga Næs, forskingssjef for trygg og haldbar mat ved Nofima.
Dei fleste grønsakene held seg godt i emballasjen frå butikken, men det kan vere lurt å pakke dei ekstra inn. Salatmiksar som ein får kjøpt i pose i butikken bør ein ete så snart som råd etter at ein har opna den.
– I desse salatblandingane er det ulike gassar i posen for at dei skal halde seg lenger. Så fort ein opnar ein slik pose vil den ikkje halde særleg lenge, fortel Næs.
Bør ikkje oppbevarast saman
– Det er nokre varer som er meir varmekjære, som agurk og tomat. Om ein ikkje har eit rom som held mellom 12–15 grader som dei trivst best i, ha dei på kjøkkenbenken. Det gir også den beste smaken, seier rådgjevar Toril Gulbrandsen i Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Frukt og grønt kan stort sett lagrast i same skuffe i kjøleskap eller på benken – med visse unntak.
– Mellom anna eple frigjer ein modningsgass kalla etylen, som gjer at frukt og grønt som ligg i nærleiken blir modna fortare, fortel Guldbrandsen.
For at bananar skal halde seg lenger, kan ein putte dei i kjøleskap.
– Dei blir fortare svarte i skalet om dei ligg kaldt, men kjøtet held seg kvitt og fint. I motsetning til om dei er på benken – då kan skalet halde seg gult, men bananen blir fortare brun inni, fortel Næs.
For å unngå å kaste frukt og grønt, kan ein ha ein boks i frysaren der ein kan putte det som er i ferd med å bli dårleg, ifølgje Havre.
– Eple som har byrja å bli brune, jordbær eller blåbær som har byrja å bli mjuke, kan brukast i smoothie eller som fruktmüsli. Eg frys alt mogleg, til og med avokado, fortel matbloggaren.