Hopp til innhold

Fellene du ikkje ser på visning

Bustad er vårt livs største investering. Likevel brukar vi lengre tid på kjøpe oss ny bukse enn å kjøpe oss bustad. Her er fellene vi gløymer å sjå etter på visning.

Video Visningsfeller

Mykje kan sjå bra ut ved første blikk, men bak fasadane kan det ligge skjulte kostnadar. Foto: Karina Jørgensen

Trond Bøhlrengen, SINTEFF Byggforsk

Vi brukar for lite tid på visning, seier Trond Bøhlrengen frå SINTEFF Byggforsk.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Vi er alt for lite flinke til å stille kritiske spørsmål på visning. Vi har dårleg tid og lar oss rive med og blir blenda av det som er på overflatene.

– Det er viktig å hugse at det som bestemmer den tekniske verdien på huset ligg under overflata og at det er her dei store kostnadane ligg, seier Trond Bøhlrengen, seniorforskar ved SINTEF Byggforsk til NRK.no.

Her hans råd til kva du må spørre meklaren om på visning.

1. Elektriske anlegg

Sikringsskap

Eit gamalt sikringsskap, slik som dette, er dyrt å skifte ut.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Det er ikkje lett å oppdage feil i det elektriske anlegget.

Sjekk difor alltid om det er nytt eller gamalt.

– Gamle hus og gamle elektriske anlegg har ikkje nok kraft til dei tekniske løysingane og behova vi har i moderne bustader i dag. Å skifte dette i ettertid medfører ofte store investeringar, fortel seniorforskaren.

2. Baderommet

Bad

Å pusse opp eit bad kan fort koste 100.000 kroner.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Sjekk byggeåret for bad og om det er nyleg oppussa.

Hugs å spørre etter dokumentasjon på arbeidet som er utført og kva material som er valt.

– Finst det ikkje slik dokumentasjon så er det grunn til å vere skeptisk, for då veit ein ingenting om dei tekniske løysningane som ligg bak overflatene, seier Bøhlerengen.

Alle baderom bygd eller oppgradert dei siste 15-20 åra skal ha slik dokumentasjon.

Det er viktig å vite at levetid også for membran er avgrensa til 15 til 20 år. Er badet eldre enn dette, bør du uansett forutsette at full oppgradering blir nødvendig om kort tid.

3. Takkonstruksjon og isolering

Still alltid spørsmål om isolering og konstruksjonen på bygget.

Energikostnadar er viktig å tenke på. Eldre hus er som regel bygd i ein annan standard enn dagens krav.

Er bygget eldre enn 30 år bør du undersøke om huset er etterisolert. Viss ikkje kan ein risikere å fyre for kråkene.

Å etterisolere er kostnadskrevjande.

4. Kan du nytte kjellaren?

Kjellertrapp

Ikkje alle gamle kjellarar er i like god stand som dei andre delane av bustaden.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Mange hus har kjellar.

Men ikkje alle er bygd for bustadformål.

– I eldre hus, og særleg før 1950, var kjellaren bygd for heilt andre ting enn i dag. Da vart den nytta til vaskerom, lager og potetkjellar, fortel eksperten.

Dette gjer at mange er uegna til bustadformål etter dagens standard. Sjekk når det er drenert rundt huset.

– Dessutan er det viktig å vite at dreneringa rundt huset må gjerast om igjen etter ei tid. Dette kjem ofte som ei overrasking på mange og kan medføre store utgifter, er rådet frå SINTEF-eksperten.

5. Oppussing eller oppgradering?

Ikkje la deg lure av huset dersom det er pussa opp.

Det er stor skilnad på oppussing og oppgradering.

Oppussing er berre fornying av overflatene og det ytre du ser. Det har ingen ting med teknisk standard på huset å gjere.

– Oppgradering handlar om å heve standarden opp mot dagens tekniske nivå og er noko heilt anna. Denne fella er det mange av oss som går i, seier Bøhlrengen.

6. Skaff deg nok kunnskap

Det er ikkje alt meklaren kan svare på, og du har sjølv undersøkingsplikt.

På bokmarkedet fins det tips om kva du bør undersøke før du kjøper, og i Boligkjøperboka gir blant annet Forbrukerrådet tips om sjølve kjøpet, for eksempel om forbehold, overtaking og klage.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)