Hopp til innhold

«Andreas» står 168 timar i kø for å kjøpe bustadtomt

Fleire campar utanfor eit meklarkontor i Fredrikstad før nye bustadtomter blir selde. Eiendom Noreg er ikkje overraska.

Flere har satt seg ned i kø utenfor et meglerhus i Fredrikstad for å sikre seg boligtomt.

JAKTAR: Fem personar har sett seg godt til rette ei veke før salsstart på 19 bustadtomter i Fredrikstad.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

– Folk trur vi er uteliggarar, fattige eller demonstrantar, seier «Andreas».

Midt i Fredrikstad sentrum er det rigga til med klappstolar, soveposar og solsenger utanfor eit meklarkontor. Fleire personar har danna eit køsystem.

Måndag neste veke blir 19 ulike bustadtomter sleppte på Brønnerødtoppen i Fredrikstad. Tomtene strekker seg frå 860 til 1100 kvadratmeter.

Her skal dei mest ivrige site i kø i ei veke totalt.

Nesten 170 timar

– Det er mange som kjem bort til oss og spør kvifor vi sit her, men vi forventa denne merksemda, seier ein av mennene i køen, «Andreas».

Han heiter eigentleg noko anna, men ønsker ikkje at namnet hans skal publiserast.

– Eg sit her i ei veke av livet mitt, men får eit draumehus for dei neste 40 åra. Det er ei investering for meg, seier han.

Det var Fredriksstad Blad som først skreiv om saka.

Overraska over telting utanfor

Tomtene som skal seljast blir lagde ut til fastpris. Vanlegvis blir slike eigedommar selde til den som byr mest.

Henriette Knold Andersen, eiendomsmegler og partner i Ask Meglerhuset Fredrikstad.

Henriette Knold Andersen, eigedomsmeklar og partnar Meglerhuset Ask i Fredrikstad.

Foto: Maria Johannessen / NRK

– Vi veit det er stor interesse for tomter i det området, så det har vore ei avveging på fastpris eller ikkje. Vi kjente vi landa på det som var mest ryddig, seier Henriette Knold Andersen, eigedomsmeklar i meklarhuset Ask.

Ho har aldri tidlegare opplevd av folk brukar ei veke av livet sitt utanfor eit meklarhus i jakta på ein eigedom.

– Vi forventa kanskje at det skulle skje noko nærare helga, smiler ho.

Les også Byggebransjen sliter: Men Fredrik (27) sikret drømmejobben

Fredrik Christiansen

Bransjeorganisasjon: Ikkje nedgang på tomtepris

Bustadprisane i Noreg har den siste månaden auka 1,2 prosent, viser ferske tal frå bransjeorganisasjonen Eiendom Noreg.

Men sjølv om prisane aukar, så fall salet av nye bustader. Dei tre første månadene i år fall salet med 3 prosent.

For sal av tomter finst det inga slik historisk oversikt, ifølge bransjeorganisasjonen.

– Tomtene som desse nye bustadene skal byggast på har ikkje gått noko særleg ned. Dei ligg meir eller mindre på det same som før, seier administrerande direktør Henning Lauridsen.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge

Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Noreg.

Foto: Vegar Erstad

Han meiner interessa rundt tomtene i Fredrikstad viser at det framleis er stor interesse rundt attraktive bustadområde.

– Sjølv om det er ein liten dump i marknaden nå, så veit alle at det kjem tilbake, seier han.

Les også Nybygging nær halvert: – Trur nokon får varsel om permittering i julegåve

Et reisverk i tre med stilas i grått fyller det meste av bildet. på stillaset står en mann i mørkeklær, lener seg og ser ned på en mann som står på bakken i mørke klør og ser opp. i forgrunn ligger byggematerialer, Himmelen i bakgrunnen er grå.

Interne reglar i køen

For dei mest lokale har prosjektet Brønnerødtoppen vore ein snakkis i ei årrekke. Området er regulert for nesten 300 bustader og ligg i nær tilknyting til marka og skianlegg.

Et telt utenfor meglerhuset Ask i Fredrikstad.

Dei fem personane som jaktar draumetomta har sett seg godt til rette før salsstart på bustadtomtene i Fredrikstad.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Ei eldre kvinne i køen sit der for dottera og svigersonen. Ho seier dei peika seg ut ei tomt allereie for eitt år sidan.

– Det er i alle fall god stemning her mellom oss. Vi pratar mykje, men så langt har vi ikkje komme til djupe tema som havet, livet, kjærleiken, seier kvinna, som ikkje sjølv er frå Fredrikstad.

Ho fortel at dei som sit i køen har laga interne reglar.

– Vi byter på å gå på do, ha matpause og andre små oppgåver. Viss du forlèt plassen i meir enn 20 minutt, så mistar du plassen din, seier ho.