Hopp til innhold

Bud er ikkje bindande i Sverige

I Sverige kan du legge inn bud på fleire bustader samtidig. Bud er nemleg ikkje bindande før du har signert sjølve kontrakten. Her er tipsa til deg som skal kjøpe feriehus i nabolandet.

Hytte i Sverige

I Sverige er ikkje bud bindane før du har signert kontrakten.

Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK

Sjølv i vårt naboland Sverige er det mange reglar ved sal av bustader som er annleis enn i Norge.

Meklar P. W. Torben Jonsson i Strømstad skriv bok om «Boligkjøp i Sverige».

Han har sett på dei største skilnadane mellom Norge og Sverige.

1. Bud er ikkje bindande

- I Norge er eit bud bindande så fort du har sendt faksen med ditt bud til meklaren. I Sverige er ikkje bud bindande før du har signert sjølve kjøpskontrakten, fortel Torben Jonsson i Meklarhuset i Strømstad til NRK.no.

I praksis betyr det at du som kjøpar kan vere med i fleire budrundar samtidig, sjølv om dette ikkje er så vanleg.

Men dette er ikkje ein ubetinga fordel for deg som kjøpar. Om du har fått tilslaget på ei hytte, så kan det likevel komme andre på bana i ettertid og by over deg.

Hytta er først di når du har signert kontrakten.

Det er heller ikkje vanleg å operere med budfristar i Sverige – sjølv om dette er tillate.

2. Ingen objektiv takstmann

Det er ikkje same krav til takst i Sverige som i Norge.

Du kan ikkje forvente å finne ein objektiv takstrapport ved kjøp av ei hytte.

Eigaren skriv ned det han veit om tilstanden, men det er opp til kjøparen å undersøke at dette faktisk stemmer.

Dei tekniske opplysningane om bygget er difor minimale.

Dette gjer at du sjølv må gjere grundige undersøkingar av objektet du ser på.

Ser du på ei hytte er det alltid lurt å leite etter fukt under hytta – dersom det er tilgang dit. For å vere mest mogeleg trygg bør du ta med ein fagmann på vising.

Heldigvis er det mange som nå er i ferd med å kjøpe seg uavhengige takstmenn.

3. Kor finnes drømmehytta?

Finn er nettstaden ein ofte nyttar i Norge i jakt på draumeobjektet.

Dei fleste hytter som peikar seg mot den norske marknaden blir også lagt ut der.

Sverige har også sin versjon, som heiter Hemnet Dei mest populære områda finn ein sjølvsagt langs kysten.

For nordmenn er Strømstad og Tanum kommune veldig populært. Nesten halvparten av alle fritidshus her blir kjøpt av nordmenn.

Sjarmerande byar som Grebbestad , Fjellbacka, Hamburgsund og vidare nedover mot Kungshavn er også svært populære område.

Skal du gjere eit kupp er det best å trekke litt inn i landet.

4. Høgare provisjon

Provisjonen til ein meklar i Sverige er ofte høgare enn for meklarar i Norge.

Men det er ikkje dermed sagt at det er dyrare å bruke meklar i Sverige.

- I vår provisjon er alt inkludert. Både prospekt, visningar og all marknadsføring som annonser i avisene. I Norge derimot er dette utgifter som kjem i tillegg til den vanlege provisjonen, fortel Jonsson.

Han meiner at kunden på den måten vil få lettare totaloversikt over kostnadane.

5. Skatt og avgifter

I Sverige må du betale avgift til kommunen.

Den tidligare eigendomskatten er fjerna, men ein betalar 0,75 prosent av bustaden sin takst, som ei kommunal avgift. Maksimalt 6400 kroner i året.

I tillegg må du betale 22 prosent skatt om du vel å selje hytta og du får selt med forteneste.

Dette er uavhengig av kor lenge du har eigd hytta.

I Sverige er tinglysningsgebyret på 1,5 prosent mot 2,5 prosent i Norge. Dokumentavgifta utgjer i overkant av 800 kroner.

6. Ingen buplikt

Du kan trygt kjøpe deg villa i Sverige – men likevel bruke det som feriehus.

I Sverige finst det nemleg ikkje buplikt på hus og hytter.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)