Hopp til innhold

Ylvis tapar stort på tv-strid

Striden mellom Discovery og Canal Digital får følger. Berre 122.000 sjåarar skrudde på« I kveld med Ylvis» i går.

I kveld med Ylvis

Ylvis har mista store delar av tv-sjåarane etter at ein million husstandar mista TVNorge natt til måndag.

Foto: TVNorge

Talkshowet til Ylvis skulle vere det store trekkplasteret på TVNorge denne våren. I sesongpremieren i byrjinga av januar hadde programmet 372.000 sjåarar. Men i går var det berre 122.000 som såg showet. Det er ein marknadsdel på 7,7 prosent.

Espen Skoland

Kommunikasjonsdirektør Espen Skoland i Discovery håper på ei snarleg løysning i konflikten med Telenor.

Foto: Siri Saugstad / NRK

Striden mellom TVNorge-eigar Discovery og Telenor får ein stor del av skulda for nedgangen i sjåartala. Partane klarte ikkje bli samde om ny distribusjonsavtale innan fristen natt til måndag, og dermed mista ein million husstandar Discovery-kanalane.

Håper på snarleg løysing

Kommunikasjonsdirektør Espen Skoland i TVNorge og Discovery seier dei var budde på at dei kom til å miste sjåarar som følge av konflikten:

– Vi visste dette kunne skje då det blei brot i forhandlingane. Vi ser at fleire av dei mest populære programma våre mister sjåarar. Dette viser kva posisjon Telenor har i tv-marknaden.

Gjennom distribusjonsselskapet Canal Digital kontrollerer Telenor halve tv-marknaden i Noreg. Skoland seier dei no håper på ei rask løysing i konflikten.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters