Passbilete av Thorvald Hellesen
Foto: Ukjent fotograf

Nordmannen som hang med Picasso

Noreg forstod ikkje eit kvekk av kunsten hans. 104 år seinare får Thorvald Hellesen ein ny sjanse.

Eit fly sirklar over Kristiania i 1919. Det er spenning i lufta. Den unge kunstnaren Thorvald Hellesen skal halde si første eiga utstilling på norsk jord. Han er tilbake i moderlandet etter åtte år i Paris, der han har vanka med Picasso og skapt seg eit namn.

No vil han lage eit show. Han har bedt broren, som er pilot, om å flyge over bygget der utstillinga står. Tanken er at publikum skal sjå og høyre flyet, for deretter å gå inn i utstillinga, og bli møtt av eit fly på lerretet.

Men det er ingen som forstår noko av dette.

Flyvemaskinen (Tivoli) av Thorvald Hellesen

LITE MÅLERI: «Flyvemaskinen (Tivoli)» av Thorvald Hellesen.

Foto: Thorvald Hellesen / Andreas Harvik/Nasjonalmuseet

Hellesens forsøk på å ta den nye kunstretninga kubismen til Noreg, endar i ei krasjlanding. Kunstnaren, som ein gong blei kalla den nye Munch, blir totalslakta.

Det skal ta lang, lang tid før Hellesen får ein plass på det norske kunsthistoriske kartet.

Lovande år

Thorvald Hellesen vart fødd 1. juledag 1888 inn i ein fornem familie i Kristiania. Far hans var høgsterettsadvokat og morfaren statsminister.

Hellesen valde annleis. Etter fullført skulegang, eit kort innhopp innom universitetet og eitt år på Krigsskulen gjorde han eit byks over til kunsten. På Kunstakademiet studerte han under sjølvaste Christian Krohg i 1910-1911. Skildringa av Hellesen frå ein medelev tyder på at han frå første stund tok kunsten på kraftig alvor. «Han var en god elev, men urolig og respektløs etter datidens begreper. Han tok aldri hensyn til hva vi medelever mente, han kom, arbeidet og gikk.»

Sjølvportrett av Thorvald Hellesen, 1908

UNG MANN: Sjølvportrett teikna i 1908, nokre år før Hellesen studerte under Krohg. I dag i privat eige.

Foto: Thorvald Hellesen / Andreas Harvik/Nasjonalmuseet

Hellesen vart raskt ein teknisk god målar. På avgangsutstillinga stilte han ut fleire portrett som kunne minne om Munchs. Han fekk då også god kritikk av Jappe Nilssen, den leiande kunstkritikaren som var ven med Munch.

Selvportrett

SJØLVPORTRETT: Slik ville Hellesen stå fram, med penslar i handa. Dette portrettet er måla i 1911.

Foto: Thorvald Hellesen / Eckbos legat / Jon Henrik Falk

Kort tid etter at han fullførte Kunstakademiet, reiste ein nyutdanna Hellesen ut i verda med statsstipend i lomma og god sjølvtillit. Endestasjon: Paris.

Her kom han inn i miljøet rundt Pablo Picasso og oppdaga ei ny kunstretning.

Kubismen

Han var på rett stad til rett tid. Han hadde eit talent for det, seier kunstsamlaren Lise Stolt-Nielsen.

Ho oppdaga Hellesen nyleg, då ho blei tipsa om at kunsten hans kunne passe godt inn i hennar samling. Ho saumfór Internett etter arbeid av han, og etter eit par mislukka bod, kom ho over eit lite måleri av han. Då ho såg handskrifta og tittelen «Flyvemaskinen (Tivoli)», forstod ho at det var same motiv som på invitasjonane til skandaleutstillinga i 1919. Tivoli var nemleg staden der Hellesen stilte ut.

– Det er ein liten juvel, seier ho om måleriet.

Tivoli av Thorvald Hellesen

DEN VESLE JUVELEN: Slik såg plakaten for utstillinga ut. Måleriet er for tida utlånt til Nasjonalmuseet av samlaren Lise Stolt-Nielsen.

Foto: Javier Auris / NRK

Stolt-Nielsen er fascinert av at Hellesen, som hadde bakgrunn i tradisjonell figurativ kunst, kom inn i eit miljø i Paris med ei heilt anna tilnærming, og så forlèt alt han kjente.

Han er ein norsk pioner. Han har sitt eige uttrykk i kubisme, meir konkret enn mange andre, og samtidig veldig hyggelege fargetonar. Det er bra og harmoniske arbeid.

Då Hellesen kom til Paris, stod heile ideen om kva eit bilete skal vere for fall.

Biletet skulle ikkje lenger vere eit vindauge inn til ei verd som ein kunne kjenne igjen, men ei oppleving i seg sjølv. Kunstnarane spalta opp motivet i små, geometriske figurar slik at det ikkje var til å kjenne igjen. Samtidig forsvann sentralperspektivet og kjensla av djupne. Kunstretninga fekk namnet kubismen, etter dei små kube-figurane, og i spissen stod Pablo Picasso.

Pablo Picasso i Vallauris, Frankrike, 1953

GENIET: Pablo Picasso i sitt studio i Frankrike i 1953. Han er den mest kjente kubisten, og Hellesen vanka i hans miljø.

Foto: Ap

Hellesen fortel i eit intervju mot slutten av livet at han kom inn i ein krins rundt superstjerna, men kor godt han kjente han, er vanskeleg å vite.

Det som er sikkert, er at Hellesen seinare blir besteven med ein annan kjent kunstnar, Fernand Léger, som samanfatta filosofien deira slik: «Dynamitt, dynamitt, er det vi vil. Det forrykande, eksplosive harmonerer jo også betre med den tid vi lever i.»

Radarparet blir skildra som to av dei sterkaste personlegdommane i det kubistiske miljøet i Paris av De Stijl-grunnleggjaren Theo van Doesburg.

Ein stad mellom 1914 og 1916 skapar Hellesen Noregs første nonfigurative måleri. Om du vil ha eit bilete med bruksrettleiing, er ikkje Hellesen rett mann, men om du likar eit mysterium, kan du kose deg framfor bileta hans mange, mange gongar – utan å framleis vite kva dei førestiller. Hellesens bilete er som ein rubiks kube.

Komposisjon av Thorvald Hellesen

KVA SER DU? Hellesen gav verka sine den enkle tittelen «Måleri», men dette, Noregs første nonfigurative måleri, har i ettertid fått tittelen «Komposisjon».

Foto: Thorvald Hellesen / Børre Høstland/Nasjonalmuseet

Sjølv valde han å berre titulere verka sine som «måleri», på fransk, han ville ikkje styre publikums tolking av kunsten. Denne type titulering vart seinare ein trend blant moderne kunstnarar.

Hellesen skildrar kunstsynet sitt slik: «Jeg vil ikke at det skal bli trær og møbler og mennesker. Det skal fortsette med å være oljefarger.»

Skandalen

Då han reiser heim til Noreg for å halde si første store utstilling i 1919, er det med bilete som «Komposisjon» i bagasjen, totalt 40 stykk.

Balalaika av Thorvald Hellesen

«BALALAIKA»: Dette måleriet lagde Hellesen ein stad mellom 1914 og 1916. Det russiske instrumentet blei brått svært populært i Europa på dette tidspunktet, og Hellesen fanga det opp.

Foto: Thorvald Hellesen / Børre Høstland/Nasjonalmuseet

Han skal halde utstillinga på Tivoli, Oslos populære underhaldningsdestinasjon. Området husar restaurantar, dansesalar, sirkus, karusellar og skøytebaner, og ligg rett mellom der Rådhuset og Nationaltheatret er i Oslo sentrum i dag.

Kristiania Tivoli

TIVOLI: Ei 20 mål stor tomt med underhaldningstilbod, midt i Kristiania sentrum, bygd etter inspirasjon frå Københavns Tivoli. Området blei rive i 1937 i samband med bygginga av Oslo Rådhus.

Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum / CC04 Digitalt museum

Ynsket om å overtyde etter lang tid ute må ha vore stort. Kompisen Lèger og Hellesens kone, Hélène Perdriat, blir med som støtte. Hellesen har gjort det han kan for å skru opp temperaturen, ved å hyre inn broren til å gjere akrobatiske stunt i lufta over Tivoli, og trykkje opp invitasjonar med flymotiv.

Det er berre eitt problem: Noreg er ikkje klare for kubismen.

Førehandsomtalane til avisene er håpefulle og positive. Så snur vinden. Hellesens skjebne inngår i den eldgamle forteljinga «Nordmann reiser ut og gjer suksess for så å bli sabla ned heime».

Komposisjon, cirka 1919, av Thorvald Hellesen

«KOMPOSISJON»: I 1919, same året som dei første neonlys-reklamane dukka opp i Paris, lagde Hellesen dette biletet. Han inkluderte ofte moderne ting i kunsten sin.

Foto: Thorvald Hellesen / Børre Høstland/Nasjonalmuseet

Fleire av kritikarane er på jakt etter ein fasit på bileta hans. Morgenpostens kritikar verkar oppgitt i forsøket på å forstå meininga bak. Han skriv:

«Hellesen har en ren redsel for at et bilde skal forestille noe. Motivet skjuler han best mulig i sine kuber og buers mangfoldighet. Det lykkes ham ikke alltid, hist og her stikker et hverdagslig ben eller hode frem av mylderet, og de arme tilskuere tror straks at gåten er løst – det er altså et portrett – men nei, i neste nå er det hele borte igjen, et hustak eller noe grønt noe i retning av et landskap. Ingen kan være sikker på løsningen. Bildene har nemlig ikke noen tittel.»

Morgenposten konkluderer med at det heile er «en banal koloritt uten det ringeste spor av sjarme», medan Aftenposten skriv at utstillinga er ein spøk og skildrar bileta som fargeorgiar slengt på veggane.

Det er likevel Jappe Nilssen, han som rosa Hellesens avgangsutstilling på Kunstakademiet, som slår hardast.

Jappe Nilssen malt av Edvard Munch fra 1909. Olje på lerret.

KRITIKAREN: Jappe Nilssen har, i kraft av sitt forhold til Edvard Munch og jobben som kunstkritikar i kulturavisa Dagbladet, ein enorm posisjon og definisjonsmakt.

Grafikk: E. Munch / Munchmuseet

Han skriv: «Hellesen har en uttrykksmåte som vi står helt uforstående likeoverfor, han taler et språk, som vi ikke er i stand til å tyde. Etter sigende skal det være etter ni års iherdige studier i Paris at han har oppnådd disse forbløffende resultater. Kunne han avse ni nye år for å komme på rett kjøl igjen, kunne han muligens ennå finne plass i norsk malerkunst.»

Han vil ikkje ein gong kommentere enkeltmåleria, han berre konkluderer med at utstillinga ikkje er verdt plassen. 30 år gamal er Thorvald Hellesen avskrive i norsk kunstliv.

Isolert

Thorvald Hellesen har kasta seg inn i ei heilt ny kunstretning. Gått dit få nordmenn før han har gått. For dette blir han slakta, ikkje hylla.

Kva er grunnen til det?

Fem år før Hellesens skandaleutstilling hadde modernismen kome til Noreg. Ein gjeng med unge kunstnarar, som hadde studert hos Henri Matisse, fekk gjennomslag for sin måte å måle på, og dei knytte band med den eldre garde av norske kunstnarar.

– Så kom Hellesen, med noko som var enda meir moderne, og det fall ikkje i god jord, seier kunsthistorikar Steinar Gjessing.

Passbilete av Thorvald Hellesen

FRÅ VENSTRE: Hellesen med hatt, falma Hellesen, blid Hellesen i profil, munter Hellesen mot kamera.

Foto: Ukjent fotograf

Gjessing oppdaga Thorvald Hellesen på midten av 1970-talet, etter at kunstnaren hadde vore gløymt i mange år. Han forklarar at dei norske kunstnarane som reiste ut, ofte fekk det vanskeleg i Noreg.

– Dei reine modernistane, slik som Hellesen, representerte ein internasjonalisme som ikkje hadde særleg grobotn her i landet. Hellesen er eit eksempel på kor isolert ein kan bli når ein yppar seg med internasjonale impulsar i det heimlege miljøet, kommenterer Gjessing.

Portrett av Hélène Perdriat med Dostojevskijs Idioten

EI KJENT BOK: «Portrett av Hélène Perdriat med Dostojevskijs «Idioten»», cirka 1916.

Foto: Thorvald Hellesen / Eckbos legat / privat eige

Det var ei tilfeldigheit som gjorde at Gjessing kom over Hellesen. Som student undersøkte han kåra for moderne norske kunstnarar på 1920- og 1930-talet. I gamle aviser oppdaga han Hellesen. Han blei forundra over å finne ein norsk kubist.

– Eg blei nokså overraska, det må eg seie. At det var ein norsk målar som hadde gjort sånn.

Gjessing humrar i telefonen. Han forstod likevel raskt kvifor han ikkje hadde høyrt om Hellesen då han las den krasse kritikken.

La Ville

MYSTISK: Hellesen leikar katt og mus med publikum i bileta sine. Dette er «La Ville» frå 1926.

Foto: Thorvald Hellesen / Christen Sveaas' Kunststiftelse

I 1978 spora Gjessing opp fleire bilete av kunstnaren og avla rapport til Nasjonalmuseet, som kjøpte inn tre verk. Samtidig skreiv han den første vitskapelege artikkelen om Hellesen. Dette vart starten på Thorvald Hellesens rehabiliteringsprosess.

Den magiske tida i Paris

Vi veit lite om korleis nederlaget med skandaleutstillinga i Kristiania prega Hellesen, men i 1936 kommenterte han det slik: «Da jeg like etter krigen kom hjem til Oslo og lagde en ny utstilling, vendte mine tidligere venner og velyndere seg mot meg alle som en – og i avisene frakjente man meg enhver gnist av talent.»

Heldigvis hadde han framleis ein plass i Paris. Etter skandaleutstillinga i 1919 kom han tilbake til ein by som var i gledesrus etter siger i 1. verdskrigen. Rasjoneringa var over, kunstsalongane opna, og optimismen råda. Dans, musikk, kino, litteratur, kunst… Kulturen blomstra i Paris, og trekte til seg kjente kulturpersonlegdomar som forfattaren Ernest Hemingway, komponisten Igor Stravinskij og motedesignaren Coco Chanel.

Midt oppi alt dette fanst Thorvald Hellesen.

Dansere og bargjester i baren til Moulin Rouge, 1929 i Paris, Frankrike.

DET GLADE PARIS: Slik kunne det sjå ut på Moulin Rouge når sjampanjen flaut og stemninga var god. Hellesen tok dans og kabaret inn i enkelte av verka sine.

Foto: Keystone-France / Gamma-Keystone via Getty Images

Hadde vi reist tilbake til 1920-talets Paris, som hovudkarakteren i Woody Allens «Midnight in Paris» gjer kvar kveld, hadde vi kanskje møtt Hellesen på kabaret eller i salongen til Gertrud Stein. Vi kunne gått på fest i bustaden han delte med kona, før dei skilde lag, og sett korleis han febrilsk måla nye motiv i jakt på det store gjennombrotet.

Thorvald Hellesen og Hélène Perdriat

MOTERIKTIG PAR: Thorvald Hellesen og Hélène Perdriat i Paris, cirka 1916.

Foto: Ukjent fotograf / Privat eige

Der mange norske kunstnarar som hadde reist ut, etter kvart vende tilbake til det som slo an i Noreg, snudde ikkje Hellesen. Han heldt fram med å måle kubistisk i Paris, og det lønte seg. I åra 1920-1925 fekk han stille ut fleire stadar i den franske hovudstaden, han fekk innpass i den kunstnarstyrte foreininga La Section d’Or, og skryt frå viktige kunstmagasin og kritikarar.

Der Sturm-forside av Thorvald Hellesen

HELLESEN-FRAMSIDE: Thorvald Hellesen fekk teikne framsida på kunst-tidsskriftet Der Sturm i 1920. Då lurte han inn bokstavane til «Norge».

Foto: Der Sturm

Etter skandaleutstillinga reiste Hellesen berre tilbake til Noreg på korte besøk. Han skulle likevel rekke å sette preg på den norske kvardagen.

Eit kort, men hendingsrikt, liv

Heime i Noreg hadde Thorvald Hellesen ein god støttespelar i Eivind Eckbo. Yrkesoffiseren hadde blitt ein av Noregs mest vellukka forretningsmenn. Han kjøpte kunst av Hellesen, samt gav han fleire viktige oppdrag.

Portrett av Eivind Eckbo, 1914

STØTTESPELAR: Portrett av Eivind Eckbo, 1914. Viser at Hellesen er på veg inn i ein kubistisk stil.

Foto: THORVALD HELLESEN / ECKBOS LEGAT

Eckbo eigde på denne tida Kristiania Sporveisselskap. Han gav Hellesen i oppdrag å sette farge på dei nye trikkane. Hellesen valde ut den karakteristiske blåturkise fargen.

Vogn 70 bygget i 1913 av Falkenried for Kristiania Sporveisselskap.

FARGEN: Dette er trikketypen som Nasjonalmuseet trur at Hellesen gav farge til.

Foto: Trond Strandsberg / Creative commons

Eckbo gav også Hellesen i oppdrag å utsmykke Sjøfartsbygningen i Oslo. Bygninga romma kontor, restaurant og frisør, og Hellesen gav bygget takmåleri, trappedekorasjonar og heisplakatar i kubistisk stil.

Trappeoppgang Sjøfartsbygningen

TRAPPEOPPGANG: Sjøfartsbygningen i Hellesens stil.

Foto: Eckbos legat

At Hellesen no byrja å jobbe med utsmykking, hang fint saman med den kubistiske tenkjemåten. Kubistane ynskte nemleg å bidra til å gjere kvardagen meir estetisk. Hellesen fortel i eit intervju i 1936: «I Frankrike lager kunstnerne tegninger til moderne silkestoffer, til tapeter og møbeltrekk – og således venner folk seg gradvis til det nye, til å se det og ha det i deres hjem.»

Han lagde også mønster til klede og tapet, mellom anna for systera, som hadde starta Sylvian, eit av Noregs første motehus, og hadde veninna dronning Maud på kundelista.

Jakke frå merket Sylvian. Mønster teikna av Thorvald Hellesen.

JAKKE: Mønsteret er teikna av Thorvald Hellesen for Sylvian, eit av Noregs første motehus. Motehuset var drive av systera hans, Sylvia Salvesen, som elles vart kjent som motstandskvinne under 2. verdskrigen.

Foto: Sylvian/Thorvald Hellesen / Frode Larsen/Nasjonalmuseet

På 1930-talet fekk Hellesen også eit utsmykkingsoppdrag av København by. Han måla Sankt Annæ Passage. Dessverre blei denne måla over på 1980-talet, den offisielle forklaringa var at utsmykkinga stod i konflikt med dansk byggeskikk.

Oppdraget skulle bli Hellesens siste.

I 1937 fekk han ryggsmerter og deretter påvist kreft. Denne sommaren blei han lagt inn på eit sjukehus i Paris og behandla med stråling, ei ny behandlingsform. Men heile kroppen blei stråla, og etter kort tid var Hellesen ute av stand til å bevege seg. Han måtte bli bore til og frå behandlingane.

Då det blei klart at han ville døy av sjukdomen, reiste Hellesen, saman med sin nye kjærast, Guri Mortenssen, heim til Oslo, der han blei lagt inn på Rikshospitalet. På sjukeleiet gifta han seg med Mortenssen, ei opphavleg dansk kvinne som var dansar på Moulin Rouge. Kort tid etter døydde Hellesen, 48 år gamal.

Den misforståtte kunstnaren

Thorvald Hellesen heldt berre denne eine utstillinga i Noreg i si levetid.

På museum rundt omkring i verda kan du sjå bilete av kubistane han hang med. Kompisen Léger, som jobba tett med Hellesen, er for eksempel representert på Guggenheim-museet i New York.

Hellesen, derimot, er sjeldan å sjå. Først no kan eit stort norsk publikum oppleve ei eiga museumsutstilling via til Hellesen. 31. mars opnar «Thorvald Hellesen. Kubistisk pioner» på Nasjonalmuseet, 300 meter unna der han blei slakta første gongen.

Bilete av Thorvald Hellesen

KVA ER DETTE, DÅ? «Uten tittel» er klar for utstilling på Nasjonalmuseet. Det er datert til cirka 1916. Underteikna ser spor etter to gitarar, i alle fall.

Foto: Javier Auris / NRK

Forteljinga om den misforståtte kunstnaren endar ofte opp som ein banal klisjé. Like fullt har det vore vanskeleg å styre unna dette perspektivet i utstillinga, fordi slakta Hellesen fekk i heimlandet blei så fatal, seier Ingvild Krogvig, kurator ved Nasjonalmuseet.

I arbeidet med utstillinga har ho gått på jakt etter verk og kjelder som kan kaste lys over Hellesen. At det gjekk 41 år frå han døydde til nokon fatta interesse for han, medfører utfordringar. I utstillingskatalogen skriv ho at som historikar blir ein mint på det enorme informasjonstapet som oppstår når ein kunstnar som aldri fekk noko eigentleg gjennombrot døyr, og alle som kjente vedkomande, også er borte.

Eit heilt konkret eksempel på informasjonstapet, er at ein framleis ikkje er sikker på kor mange bilete Hellesen faktisk lagde. På 1980-talet selde arvingane etter Eivind Eckbo mesteparten av si store samling til galleristar i New York, Paris og København. Krogvig jaktar framleis på fleire Hellesen-verk. Håpet er at vi ein dag kan få ei meir komplett oversikt over kor mange verk som er att etter kunstnaren. Gjettinga er at det kan dreie seg om ein ekstra 30-40 måleri.

Backstage på Nasjonalmuseet

PÅ NASJONALMUSEET: Verk som skal vere med på Hellesen-utstillinga godgjer seg i magasinet. Dei tilsette passar på.

Foto: Javier Auris / NRK

At Hellesen stadig endra stil, og var sparsam både med datering, titlar og signering, gjer han til eit ekstra kranglete forskingsobjekt. Men det gjer han ikkje mindre interessant, meiner Krogvig.

Han er konsekvent inkonsekvent, rastlaus, og har ei stor breidde i det han målar. Straks han beherskar ein stil, beveger han seg vidare. Dermed trøtnar han ikkje i ein signaturstil eller bestemt måte å jobbe på, seier ho.

Ho viser til at eit av Hellesens førebilete, kunstnaren Francis Picabia, ein gong sa: «If you want to have clean ideas, change them like shirts». Hellesen verkar å ha hatt same innstilling.

Signaturen til Thorvald Hellesen

SIGNATUREN: Ein sjeldan gong signerte han. Då såg det slik ut.

Foto: Javier Auris / NRK

For Ingvild Krogvig har arbeidet med utstillinga vore litt emosjonelt.

Eg hadde lyst å gi Hellesen ei slags oppreising. Ikkje berre fordi han var ein kubistisk pioner, men fordi han var i sentrum av den mest avanserte kubismen i Paris. Han er for interessant til å forbli eit namn blant kunsthistorikarar.

Kunsthistoria blir stadig omskriven, nokre kunstnarar får meir plass, medan andre blir utfordra, noko som debatten rundt Christian Kroghs «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» nyleg viste. Ironisk nok blir den gamle læremeisteren til Hellesen tatt ned frå veggen samtidig med at Hellesen kjem opp.

Bakgrunnskjelder: Katalogen «Thorvald Hellesen. Kubistisk pioner» av Nasjonalmuseet. Dag Blakkisrud.

Hei!

Har du tips til nye saker? Då kan du sende meg ein e-post. Du kan også sjekke ut det eg har skrive om Edvard Munch, steinhoggarane i Vigelandsparken og stjerneskotet Nikolai Torgersen. Eg skriv mykje om kunst, men også musikk, historie og populærkultur. 

Anbefalt vidare lesnad: