Josef Terbovens visittkort
Foto: Munchmuseet

Spelet om Munch

Kvifor sat Edvard Munch på visittkortet til Hitlers mektigaste mann i Noreg?

Oslo, februar 1944:

Edvard Munch er død. Eit salig rot openberrar seg for mennene som har fått ansvaret med å taksere bustaden hans.

Munch har budd på garden Ekely på Oslos vestkant sidan 1916. Heile livsverket hans, hundrevis av bilete, står langs vegger inne og ute. Brev og skisser frå eit langt kunstnarliv ligg strødde omkring i huset. I motsetnad til folk flest, så hadde ikkje Munch papirkorg.

Ein eller annan stad i dette rotet ligg også eit visittkort med svarte snirklebokstavar på. Det ser litt beskjedent ut, men namnet det viser til, er illevarslande. «Josef Terboven, Reichskommissar», står det å lese på framsida.

Baksida er blank.

Terboven er øvste myndigheit i Noreg etter at nazistane har invadert landet. Han mottar ordrar direkte frå Hitler og styrer med jernhand.

Kva gjer visittkortet hans heime hos Munch?

Det vesle kortet gøymer ei lite omtalt historie om vår største kunstnar.

Sjølvportrett Edvard Munch

SELFIE: Munch tar eit bilete av seg sjølv på verandaen på Ekely, 1930.

Foto: Edvard Munch / Munchmuseet

«Tyskerne rykket inn i Oslo i dag»

Oslo, 9. april 1940.

Ved utbrotet av krigen lever Noregs største kjendis i isolasjon. Frå verandaen på Ekely kan Munch sjå ut på sin heilt eigen park, med plass til over 100 frukttre og bærbuskar.

Han er 76 år, og helsa er skral.

I offentlegheita blir han sett på som eit kunstnarisk geni, men ein vanskeleg mann.

Munch er i klinsj med skattemyndigheitene og kjenner seg misforstått. Difor har han mura seg inne på Ekely for å få arbeidsro. Høge netting-gjerde og ein stor rottweiler skremmer vekk besøkande som vil helse på.

Heilt avkopla frå verda er han likevel ikkje. Munch held aviser og høyrer gjerne på to radioar samtidig. Om kvelden 9. april kan han lese denne overveldande overskrifta i Aftenposten:

Faksimile av Aftenposten 9. april 1940

Titusenvis av menneske bussar ut av Oslo i løpet av det neste døgnet. Dei som blir igjen, hamstrar mat, lommelykter og gassmasker.

Kongen og regjeringa er på flukt. Tyskarane rykker inn i det norske statsapparatet.

Munch blir.

Han er glad i Tyskland. Det er eit land han har budd og jobba i, i fleire år. Av og til har han kjent seg meir akseptert der enn i Noreg.

Samtidig har han sett kunsten sin bli svartelista av tyske nazistar. 82 Munch-måleri, samt nesten 600 andre kunstverk, vart i 1937 fjerna frå tyske museum og vist fram som eksempel på degenerert kunst. Munchs angstfylte måleri blei rekna som for moderne.

Sjølv om han er glad i Tyskland, likar ikkje Munch nazistar.

Difor ynskjer han å endre testamentet sitt. Opphavleg skulle alt gått til staten den dagen han døyr, men no er han bekymra for at «barna hans», 340 måleri og tusenvis av skisser, skal hamne i hendene til okkupantane.

Munch kontaktar advokat.

Torsdag 18. april, ni dagar etter at Noreg blir invadert, skriv Munch under på at alle bileta skal gå til Oslo kommune. Enn så lenge verkar det som ei tryggare hamn.

Slik vil han redde livsverket sitt.

Josef Terboven

21. april 1940 stig ein 170 cm høg mann med briller ut av eit fly på Fornebu.

Josef Terboven er utnemnt til øvste myndigheit i Noreg etter at Vidkun Quislings første kuppregjering feila. Han ber tittelen Reichskommissar på sine skuldrer.

Terboven har jobba seg oppover i Hitlers parti. No er han i Noreg med følgjande beskjed frå sjefen friskt i minnet: «Sørg for å vinne nordmennene for meg.»

Utad ynskjer Terboven å gi inntrykk av at han rekkjer ut ei hand til nordmennene. I realiteten er han ansvarleg for den rå valds- og maktbruken som breier om seg i landet. Han har diktatoriske fullmakter og signerer dødsdommar.

Dei som uskuldig har trudd at kulturlivet kan leve vidare som vanleg under krigen, får dette motbevist. Også her grip Terboven inn. Det er for eksempel han som gir ordre om at teatersjefen i Trøndelag, antinazist Henry Gleditsch, skal bli avretta i 1942.

Den nye linja er at all kultur skal byggje opp under nazismens ideologi. Dei som ikkje lystrar, lyder eller passar inn, blir sensurert og straffa.

Samtidig ser den erfarne propagandisten på kulturen som sitt mektigaste politiske verkemiddel til å vinne norske hjarte.

Josef Terboven i norsk radio

REICHSKOMMISSAR: Josef Terboven talar til folket i norsk radio. Han ville vinne norske hjarte gjennom propaganda.

Foto: NTB

Terboven opprettar eit eige kontor for propaganda og kultur ved Reichskommissariatet, som samarbeider tett med propagandaminister Goebbels i Berlin.

Han tar også kontroll over det norske kulturbyråkratiet. I den «norske» regjeringa som Terboven fyller med NS-folk, blir det også plass til eit departement for kultur- og folkeopplysning. Departementa har eigne ministrar, men er underlagt Terboven.

Direktørar i dei leiande kulturinstitusjonane blir bytta ut med tyskvenlege NS-folk.

Sentralt i kulturstrategien står tanken om at Noreg og Tyskland skal ha ein «felles germansk arv». Terboven sørgjer difor for at tysk musikk, teater, kunst og litteratur blir breitt vist fram i Noreg. Mellom anna får han omsett Hitlers «Min Kamp» til norsk, opprettar Deutsches Teater i 1941, og arrangerer tyske utstillingar i Oslo.

For å skape ein illusjon av samhald, er det viktig å få norske kulturfolk med på laget.

Terboven er opptatt av å smykke seg med kjende nordmenn. Han viser seg ofte på konsertar og førestillingar, og inviterer kjende kulturnamn som Knut Hamsun og Sonja Wigert til seg på Skaugum – kronprinsbustaden som han så frekt har tatt seg inn i.

Kvar passar Munch inn i Terbovens strategi?

Tore og Knut Hamsun saman med Josef Terboven på Skaugum

BESØK: Forfattaren Knut Hamsun (i midten) og hans son Tore Hamsun (til venstre) møter Josef Terboven på Skaugum i 1941.

Foto: NTB Scanpix

Tyskarane gjer framstøyt mot Munch

Det er nesten ikkje mogleg å overdrive kor stor Edvard Munch er i 1940. Kunsten hans blir rekna som norske, ja, internasjonale nasjonalskattar.

Klart at tyskarane vil sikre seg han. Med Munch på laget kan dei vinne fleire norske hjarte.

Dessutan er fleire prominente nazistar fans av Munch, inkludert propagandaminister Goebbels, trass i at kunsten hans offentleg har blitt stempla som «dårleg».

Eigentleg, så passar ikkje Munch heilt inn i kulturstrategien til tyskarane. Kunstverka hans er ikkje akkurat trauste og ufarlege landskapsmåleri som viser den «germanske» natur. Han er heller ikkje ein festtype som likar å delta på offentlege arrangement, eller lar seg smigre.

Før krigen har han konsekvent sagt nei til framstøyt frå norske NS-folk. For eksempel prøvde det nazistiske tidsskriftet Ragnarok å få Munch som abonnent i 1935, utan hell. Gustav Vigeland og Knut Hamsun, derimot, stod på lista over bladabonnentar.

Munch er uvillig, også etter at tyskarane kjem inn i landet.

Sommaren 1940 blir han kontakta av Tore Hamsun, som har fått i oppdrag av tyskarane å kartleggje korleis kulturlivet kan innrettast, og kven som kan vere venleg innstilt.

Som son av Knut Hamsun har han tilgang høgt opp i okkupasjonsmakta, også til Terboven. Han er målar og stor Munch-fan.

Hamsun slepp inn på Ekely, men også her svarar Munch konsekvent: «Jeg vil ikke blandes opp i noe av det tyskerne og NS holder på med.»

Forståeleg nok, så blir ikkje Munch førespurd då Kulturdepartementet opprettar eit nytt kunstnarisk råd som skal «erstatte» dei frie medlemsstyrte kulturorganisasjonane som nazistane har lagt ned.

Munch mislikar Hitler og Mussolini, har fleire jødiske vener, og meiner Noreg burde forsvare seg. Men dette seier den gamle mannen berre innanfor husets fire vegger eller i brev, ikkje offentleg.

Det gir rom for nazistane å manøvrere i.

Deira strategi blir å late som om Munch er ein av dei. Så lenge Munch ikkje går offentleg ut mot okkupasjonsmakta, så kan dei smykke seg med han.

NRKs nye funn avslører at Munch definitivt blir halde auge med av Terbovens kontor.

Mesteparten av arkivet til Reichskommissariatet blir brent ved slutten av krigen, men Riksarkivet sit på nokre mapper. I arkivet for kunst finst ei eiga Munch-mappe med norske og tyske presseutklipp.

Utklippa viser at pressa, som er underlagt sensur, løftar fram Munch som ein «germansk» målar, gong på gong. Fleire av bileta hans blir trykt i NS-bladet Fritt Folk.

Propagandamaskina rullar.

Munch-mappe i Rikskommissariatets arkiv
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Munch-artikkel i NS-bladet Fritt Folk
Munch-artikkel frå krigen
Munch-artikkel frå tysk avis
Munch-dokument frå krigstida

I 1942 er fleire Munch-måleri med i Nasjonalgalleriets «Kunst og ukunst»-utstilling, som skal sette skapet på plass for kva som er «god» og «dårleg» kunst. Denne gongen blir Munchs kunst løfta fram som eit eksempel på «god» kunst.

Munch held stand og prøvar å verne om sitt namn. 21. juli 1943 kan NS-bladet Fritt Folk melde at Munch har takka nei til ei stor utstilling på Nasjonalgalleriet i anledning hans 80-årsdag. Han oppgir svak helse som årsak.

Vil uviljen hans få konsekvensar?

Sjølvportrett ved lysthuset

MUNCH I KRIGSÅRA: Sjølvportrett ved lysthuset på Ekely, 1942.

Foto: Ove Kvavik / Edvard Munch

Evakuere?

Kunstinstitusjonar og -samlarar har lenge fundert på kva dei skal gjere med Noregs nasjonalskattar om ein krig skulle bryte ut. «Solen», som Munch måla til Universitetets Aula, og fleire av Munchs måleri i Nasjonalgalleriet, blir raskt evakuert då krigen bryt ut.

I trehuset på Ekely, derimot, står kunsten usikra mot bomber, brann og øydelegging. Vasstrykket i huset skal vere så dårleg at bildesamlinga vil stå i fare i tilfelle brann, melder ein røyrleggjar som er innom Munchs hus.

På eit tidspunkt vurderer Munch å flytte bileta til Nedre Ramme Gård, feriebustaden sin i Hvitsten, men evakueringsplanane blir raskt lagt i ein skuff. Dei tyske okkupantane tar seg nemleg til rette. Under krigen beslaglegg dei eigedommar i hopetal, og ein stad mellom 1942 og 1943 blir også Nedre Ramme Gård tatt.

Kan det same skje med Munchs hus på Ekely?

Ekely ligg i eit område som er attraktivt for tyskarane. Det er fleire store villaer og ledige tomter til nybygg i nærleiken.

Ein 20 minutts gåtur unna Munch tar Reichskommissariatet over fem villaer til bruk for sine tilsette.

Det er her vi kjem tilbake til visittkortet.

Nasjonalgalleriet etter evakuering i 1940

TOMME RAMMER: Nasjonalgalleriet i februar 1940, etter at mykje av kunsten var blitt evakuert ut av Oslo.

Foto: Ukjent / Arbeiderbladet

Fienden på besøk

Munchs Ekely har av fleire blitt skildra som eit uinntakeleg fort. Inntrykket har vore at han eigentleg hadde lite å vere redd for.

NRKs gjennomgang viser at Munch kan ha hatt fleire grunnar til å vere redd for beslag av Ekely.

Det er sant at dersom folk forsøkjer å besøke Munch, så møter dei ei stengd grind med ringeklokke. Mellom grinda og huset er det ein hundegard gjerda inn av netting.

I 1943 er ikkje dette nok til å skjerme Ekely frå omverda lenger.

I det som før har vore eit område med få bustader, tar tyskarane seg til rette. Villaer blir tatt og brukt som administrasjonsbygg, fabrikkområde omgjort til militærleirar og -lager.

Frå huset og nedover mot parken kan Munch arbeide uforstyrra med god sikt, medan andre vegen, oppover, ligg huset hans tett på Jarlsborgveien. Der blir fleire hus beslaglagde under krigen, nokre rett nok etter Munchs død.

I tillegg er Munch nabo med to mektige NS-toppar. I St. Edmunds veg 49 bur ein av Noregs mest frykta menn, justisminister Sverre Riisnæs. Han er ein sentral pådrivar i å deportere jødar til konsentrasjonsleirane. Rundt svingen frå han bur ministeren Alf Whist.

I 1943 flyttar militærmakta, Wehrmacht, inn i nabolaget. Dei opprettar Ullern leir og lagar seg eit reservehovudkvarter på skulen, ein knapp 15 minutts gåtur unna Ekely.

Munch er kringsett av fiendar.

Kartet gir eit inntrykk av situasjonen. Dei raude boblene markerer eigedommar som nazistane sit på. Midt oppi alt dette, ligg Munchs Ekely.

Eigedommar som blir okkupert i nabolaget rundt Munch under krigen, i tillegg til to hus eigd av NS-ministrar. NB: Kartet er frå 2020, men gir eit inntrykk. Det var færre hus i området i 1940-45 og Munchs eigedom dekte eit større område enn i dag. Kjelder: Byantikvaren i Oslo/Øyvind Reisegg/naboar til Ekely/Thorstein B. Harbitz.

Kunsthandlaren Rolf Hansen er på besøk hos Munch gjennom sommaren 1943 og skriv i dagboka si 28. juni at Munch får besøk av to tyske soldatar som forhøyrer seg om eigedommen. Ei så stor tomt som han har, med gode moglegheiter både for å dyrke mat og å huse folk, går ikkje umerka hen, uansett kor stor kjendis ein er.

Munch skildrar besøket slik i eit brev til venen Christian Gierløff same år:

«Nu kom etpar tyskere her fra die oberste Wehrmacht og vilde se på leiligheterne hos mig. Nu det blev ikke noe den gang men jeg kom nok helt ut af skindet for jeg skjønte hvad jeg kunne risikere. Og hvordan i all verden skulde jeg gjøre for at faa ordnet og innpakket alle de tusener av brev, dokumenter, alle mine grafiske arbeider, studier og malerier fordelt i de 6 atelierer – Og alt dette skulle evakueres, kanskje på dagen. (…) Ja, jeg blev jo ganget av alt jeg opplevet i de breve og opptegnelser jeg hadde samlet på i 60 år.»

Han byrjar å rydde i papira sine. Mengda er overveldande for ein fyr som ikkje har papirkorg.

26. juli kan Rolf Hansen skrive i dagboka si at Munch har flytta sine viktigaste arbeid og brev ned i kjellaren.

Sidan Munch forstår at tyskarane er interessert i Ekely, heng han opp legeerklæring på døra på tysk og norsk for å verne seg mot fleire besøk.

Dette viser seg å vere til liten nytte.

Han får besøk av to utsendingar frå Josef Terbovens kontor.

Edvard Munch på Ekely

BESTEVENER: Munch med hundane sine, 1934. I bakgrunnen ser vi vinteratelieret, som var bygd i mur og hadde elektrisk lys.

Foto: Inger Munch / Munchmuseet
Edvard Munch i stova heime på Ekely i 1943

HEIME MED BARNA SINE: Munch i stova på Ekely, 1943.

Foto: Ragnvald Væring / Munchmuseet CC BY 4.0
Edvard Munch i hagen på Ekely

STOR PLASS: Målaren på veg frå parken opp til huset.

Foto: NTB Scanpix
Munchs hus og atelier på Ekely

DEN GONG DÅ: Frå venstre: Huset og vinteratelieret. Villaen vart bygd i cirka 1897 og rive av Oslo kommune i 1960.

Foto: Ragnvald Væring / Munchmuseet
Vinteratelieret på Ekely

VINTERATELIERET ANNO 2020: Dette atelieret er det einaste som står att av Munchs Ekely. I dag er det eigd av ein stiftelse og ope for besøkande om sommaren.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Den siste bursdagen

«En dag ringte det med militær kraft og presisjon på Ekelys landsens portklokke. Og to høyere utsendinger fra der Herr Reichskommissar kom med sann dødsforakt stigende. (...) Det ble helvete for Munch: Lokalitetene kunne nok trenge oppussing, men var rommelige og brukelige. Beliggenheten schön! Utsikten over fjorden, schön! Parken, schön! Alt i alt: Wunderschön.»

Slik skildrar Munchs ven, Christian Gierløff, besøket i 1943.

Munch får 14 dagars flyttevarsel.

Er det kanskje her han mottar eit visittkort? Josef Terboven er sjef for Reichskommissariatet.

Dagane går, men Munch høyrer tilsynelatande ikkje noko meir om utkasting. I alle fall ikkje som offentlege brev eller dokument fortel om.

Derimot er det teikn til at Munch får ei hjelpande hand, for 4. august får han plutseleg ei gladmelding: Etter «henstilling fra flere hold» slepp han å dyrke meir jord på Ekely.

I likskap med andre jordeigarar, har Munch måtte dyrke meir mat under krigen på grunn av rasjoneringsomsyn.

Det verkar som om det er gjort eit unntak for Munch, både når det gjeld jord og eigedom, men det er uklart kven som tar avgjerda.

Resultatet er at Munchs Ekely ligg som ein fri oase i eit elles tyskkontrollert område.

12. desember 1943 fyller kunstnaren 80 år. Det blir sendt mange blomar til Ekely, men få får sleppe inn. Fritt Folk hyllar Munch slik: «Han fyller 80 år i dag, og opplever i denne sin legendariske ensomhet at en hel samtid er undrende opptatt av hans livsverk.»

Kanskje er Munch blitt for stor til å herse med? Å kaste ut ein slik helt kan fort bli upopulært i det norske folket – stikk i strid med Terbovens strategi.

Kan Terboven ha oppsøkt Munch i anledning bursdagen? Forsøkt å rydde opp etter uvitande soldatar?

Krigen har uansett byrja å sette sine spor hos Munch. Trugselen om utkasting. Stresset med å flytte bilete ned i kjellaren. Planar om evakuering.

I sitt siste leveår blir Munch stadig meir nervøs og uroleg, først og fremst på vegner av bileta sine.

19. desember 1943 klokka 14.45 smell det på ei kai vest i Oslo.

Eksplosjonen

800 tonn ammunisjon er i ferd med å bli lossa av det tyske skipet Selma då den første eksplosjonen inntreff. Utover ettermiddagen held eksplosjonane fram og det byrjar å brenne. 45 nordmenn og 75 tyskarar misser livet – heile 400 blir såra.

Frå Ekely kan Munch sjå himmelen lyse raud. Eksplosjonane er så kraftige at vindusruter i heile byen knuser – til og med eit par i andre etasje av Munchs hus.

Hushjelpa på Ekely vil ha Munch ned i kjellaren. Han set seg i trappeoppgangen, der han sit tynnkledd i mange timar.

Munch blir forkjølt og får bronkitt.

Kort tid etterpå målar han ned inntrykka frå denne dagen: Ein blå himmel med eit lysglimt langt unna i horisonten.

Eksplosjon av Edvard Munch

EIT AV DEI SISTE MÅLERIA: «Eksplosjon», måla av Edvard Munch i 1943.

Grafikk: Munchmuseet / Edvard Munch

Etter ulukka tenkjer Munch mykje på folka som har mista heile sine livsverk i eksplosjonen – alt dei eig. Han er bekymra for at det same kan skje med han.

Difor tar Munch grep. Han legg planar for å byggje eit tilfluktsrom på Ekely. Deretter tilkallar han advokat.

Han vil endre på testamentet sitt, ein siste gong.

Ifølgje systera, Inger, skal Munch frykte at Quisling og Oslos naziordførar, Fritz Jensen, vil prøve å overta livsverket hans. Han skal vere redd for at dei etter hans død vil «lage nummer av ham, og ta ham til inntekt i norsk og utenlandsk presse» (Grete Berggrav i «Våpenløs kamp», 1945).

Etter at Oslo kommune også er overtatt av nazistar, finst det inga trygg hamn for kunsten hans. Det er ukjent kva endringar han vil gjere i testamentet.

Advokaten kan ikkje kome denne dagen, og neste dag er Munch for trøytt. Helsa blir gradvis dårlegare.

23. januar 1944 trekkjer Edvard Munch pusten for siste gong.

No dukkar namnet Terboven opp på nytt.

Nazistane rykkjer inn

Det som skjer etter Munchs død, viser at han har hatt grunn til å bekymre seg.

Medan han var i live, sleit tyskarane med å tileigne seg Munch. Død blir han eit lett bytte for Terboven og NS.

Kort tid etter dødsfallet kjem fire menn på døra på Ekely. Ein av desse er Oslos NS-førar, Fritz Jensen, som tilbyr familien å gravleggje Munch på statens og kommunens rekning. Familien takkar nei, men til ingen nytte. Nazistane insisterer.

Neste dag kan ministerpresident Quisling på vegner av staten skryte i avisene av at dei betaler for gravferda.

NS-blekka Fritt Folk trykkjer minneord skrive av Knut Hamsun, og dei tar Munch til inntekt for eiga sak då dei proklamerer i beste propagandastil: «Edvard Munch var et skudd på Norrønastammen, en representant for vårt folks beste egenskaper.»

Folk byrjar å kviskre seg imellom: Var også Munch nazist?

Inntrykket blir forsterka i gravferda.

Då Munchs familie kjem til Krematoriet, er dørene stengde, og dei må vente utanfor før dei får kome inn.

Innanfor har nazistane kuppa Munchs siste kvile.

I Munchs gravferd har dei to største kransane hakekors på, signert Reichskommissar Terboven og tyske myndigheiter.

Sjølv er Terboven i Berlin på møte med Hitler.

Munchs advokat, Johannes Roede, får førespurnadar frå fleire kunstnarar som lurer på om Munch er nazist.

Propagandaen verkar.

Dei har tatt namnet til Munch, men får dei tak i bileta?

Edvard Munchs båre

SISTE FERD: Edvard Munchs kiste blir bore ut frå Ekely.

Foto: Johnsen / NTB Scanpix

Siste forsøk

Munch har donert alle kunstverka sine til kommunen. Tomta Ekely går til systera, Inger. Som vanleg praksis fordrar, skal alt dette no bli gjennomgått av ei takstnemnd.

Å sitte i takstnemnda er prestisje. Dei som får jobben må ha kunstfagleg ekspertise og kunne prissette måleri.

NRK kan avsløre at NS prøvde å blande seg inn i takseringa. Dokument funne i Riksarkivet fortel at spelet om Munch heldt fram etter hans død.

Hjelpedommar Karl Stenerud får i oppgåve å nedsette ei nemnd. Utveljinga er ømfintleg, for Munchs familie har bedt om at NS-folk ikkje skal bli involvert.

Stenerud ringjer først til sorenskrivaren i Aker for å be om råd. Rådet er: Sonder med fleire sakkyndige. Ein av dei som blir ringt, er Søren Onsager, direktør ved Nasjonalgalleriet. Han seier seg villig til å sitte i takstnemnda.

Men Onsager er NS-medlem.

Då Stenerud og sorenskrivaren blir klar over dette, vrakar dei han, og utnemner to antinazistar, målaren Jean Heiberg og kunsthistorikar Sigurd Willoch, som takstmenn.

Då Søren Onsager les nyheita i avisa, eksploderer han. Han har trudd at prestisjeoppdraget var sikra.

Onsager er så rasande at han melder sorenskrivaren inn for NS sin fylkesførar.

I brevet til fylkesføraren skriv Onsager at dette er eit slag i ansiktet for NS-rørsla. Han oppfattar utnemninga av antinazistar som «et angrep på vårt partis prestisje,» og avsluttar med den hatske beskjeden: «Jeg er overtydd om at De er enig med meg i at man i slike tilfeller ikke skal vende det andre kinn til, men slå pakket ned.»

Onsagers brev fører til at sorenskrivaren får ei «alvorleg åtvaring». Åtvaringa betyr at dersom sorenskrivaren igjen fornærmar NS, så kan han bli fengsla eller få formuen inndratt.

Åtvaringa får likevel ikkje konsekvensar for det vidare takseringsarbeidet.

Etter takseringa blir «barna» til Munch frakta ut av byen. Det går nemleg rykte om at tyskarane vil brenne Oslo by. Måleria endar opp på hemmeleg stad: Dikemark sjukehus.

Det er uklart om Terboven og hans folk kjenner til dette.

Munchs bilete står igjen i fare då ein uvitande tysk general kjem til Dikemark hausten 1944 for å vurdere lokala for utrusting. Å lagre sprengstoff ved sidan av kunstskattane vil vere eit høgrisikoprosjekt.

Heldigvis lukkast legar ved sjukehuset i å trenere prosessen.

I 1945 kjem endeleg freden til Noreg.

Natt til kapitulasjonen, 8. mai, tar Josef Terboven livet sitt.

Visittkortet er det einaste sporet av kontakt mellom han og Noregs største kunstnar. Heller ikkje i Munchs brev er Terboven nemnt ved namn.

Kunsten forblir dermed hos Oslo kommune. Nazistane går aldri inn og stel bileta, som dei gjer i så mange andre tilfeller.

10. juli 1945 inviterte Nasjonalgalleriet takknemlege borgarar inn for å sjå Munchs store gåve. Der hang dei, 340 unike måleri, mot alle odds.

Norsk kunst var igjen fri.

Munch hadde lukkast med å redde sitt livsarkiv.

Munchmuseet stiller ut visittkortet i utstillinga «Alt det vi eier» fram til 31. mai 2020.

Vidare anbefalt lesnad: