Joachim Giæver i 1908.
Foto: Waterman, Arba N / The Lewis publishing company

Noregs ukjente skyskraparkonge

Joachim Giæver konstruerte fleire av USAs flottaste bygg. Men då han skulle setje opp Fridomsgudinna, kunne det gått alvorleg gale.

På ein stovevegg i Lyngen, aust for Tromsø, heng ei gammal teikning av ein skyskrapar. Gjennom heile barndomen gjekk Ola Giæver jr. og såg på dette bildet, utan at nokon sa eit kvekk om kvifor bygget hadde fått ein så prominent plass i stova.

Først då Ola vart 18 år, fortalde faren hans om slektningen deira, Joachim Gotsche Giæver. Han som reiste til USA på slutten av 1800-talet, og som mange år seinare kom heim igjen med dei villaste skrytehistoriene i bagasjen.

Joachim påstod nemleg at han, ein enkel kjøpmannsson frå Troms, hadde designa og konstruert nokre av dei største og mest kompliserte bygga i USA.

Jewelers' Building i Chicago

BILDET PÅ VEGGEN: Ingen hadde fortalt Ola at denne 159 meter høge skyskraparen i Chicago vart konstruert av broren til oldefaren hans.

Men kvifor har eg ikkje høyrt om dette før no!? spurde Ola.

Nei ... sa faren. Han var jo heime på besøk eit par gongar, men ingen trudde vel heilt på at det han sa var sant.

Det er lett å skjøne at familien Giæver var skeptisk. Men då Ola og andre slektningar begynte å grave meir i familiehistoria, fann dei raskt ut at Joachim langt ifrå var nokon bløffmakar.

Snarare tvert imot.

Ei ny tidsrekning

Vi kan ikkje vite sikkert kva 26 år gamle Joachim tenkte då han rusla rundt på dekk under sin første tur over Atlanterhavet i 1882. Han hadde sagt farvel til jenta han var trulova med, og visste neppe når han skulle sjå ho igjen.

Stemninga i barndomsheimen var nok heller ikkje på topp. Han var nest yngst i ein familie på 13 ungar, der sju av søskena allereie var døde. Foreldra håpte kanskje at han skulle følgje brørne sine fotspor og bli handelsmann i Troms. Men Joachim hadde andre planar.

Nokre år i førevegen hadde han studert byggteknikk ved Trondhjem Tekniske Læreanstalt (forløparen til universitetet NTNU). Han var eit uvanleg matematisk talent, og meistra livet på skulebenken lett som berre det. No ville han nytte kunnskapen i den verkelege verda.

Joachim Giæver

UNG & LOVANDE: 22 år gamle Joachim Gotsche Giæver medan han var student i Trondheim.

Foto: Trondhjemsteknikernes matrikel

Då Joachim gjekk i land på det amerikanske kontinentet, hadde landet nyss fått store smelteomnar som kunne masseprodusere stål, og dermed starta ei ny tidsrekning for alle byggingeniørar. Stålet var mykje sterkare enn jern, og grensene for kva som var mogleg å bygge vart flytta fleire tusen hakk. Tidspunktet for Joachims eventyr i USA kunne knapt ha vore meir perfekt.

Han begynte karrieren med å teikne jernbaner og bruer, men etter berre eit par år i bransjen fekk han ein svært spesiell førespurnad. USA hadde fått verdas høgste statue i gåve av Frankrike, men kven skulle setje ho opp og sørge for at ho ikkje datt over ende?

Tja, kanskje vi skal spørje han nordmannen som har jobba som byggingeniør i to-tre år? Ja, han verkar flink.

Fridomsmisfosteret

Det er usikkert kvifor akkurat Joachim fekk det ærefulle (og svært ansvarsfulle) oppdraget med å setje opp Fridomsgudinna på Liberty Island utanfor New York.

Men vi veit at han vart rekna som eit enormt byggetalent, som steig raskt i gradene. På dette tidspunktet hadde han allereie blitt forfremja til overingeniør i eit av dei største brubyggjarselskapa i USA. Joachim skal også ha vore spesielt god på å bygge konstruksjonar som tolte mykje vind.

Medan andre tok seg av å montere utsida av statuen (huda og kleda), var Joachim si oppgåve å montere skjelettet, altså stålstrukturen inne i gudinna. Presset på nordmannen må ha vore enormt stort. Statuen hadde blitt gitt i gåve av Frankrike mange år i førevegen, men på grunn av både økonomiske og byggtekniske skjer i sjøen hadde prosessen tatt lang tid.

No var det på høg tid å reise gudinna som skulle ønskje nye landsmenn velkomne til det frie landet.

Hovudet til Fridomsgudinna i ein park i Paris, 1883.

SINT, MEN FRI: Fridomsgudinna sitt hovud på utstilling i parken Champ de Mars i Paris, 1878, åtte år før ho vart reist i New York.

Foto: Fernique, Albert / Library of Congress

Joachim skulle ta utgangspunkt i nokre teikningar av den franske ingeniøren Gustave Eiffel. (Ja, mannen bak Eiffeltårnet.) Men på eit eller anna tidspunkt, mest truleg ganske tidleg i prosessen, må han ha skjøna at noko var alvorleg gale:

Skjelettet og resten av kroppen passa ikkje saman.

Skulptøren Frédéric Auguste Bartholdi hadde nemleg gjort ei endring på statuen rett før han sende ho av garde til USA. Han flytta armen med fakkelen litt lenger ut, slik at gudinna skulle sjå betre ut. Skjelettet vart derimot ikkje endra før avreise.

Då Joachim skulle setje saman statuen, kom hovudet 60 cm for langt til høgre, og armen med fakkelen 45 cm lengre ut frå kroppen enn det som i utgangspunktet var planlagt. Ikkje heilt optimalt, for å seie det mildt, men kva skulle ingeniøren gjere?

Han kunne anten prøve å tvinge det nye ytre designet til å passe med det indre. Då hadde statuen vore sikrare og stødigare, men gudinna hadde jo sett heilt skakkøyrt ut. Nei, det var nok best å tenkje utsjånad først, og heller gå for nokre kreative, ikkje-heilt-etter-boka-løysingar.

Fridomsgudinnar

PLANEN TIL VENSTRE, RESULTATET TIL HØGRE: På teikninga til høgre kan de sjå at hovudet enda opp med å stå skeivt i forhold til hovudstrukturen i statuen. Armen står også lenger vekk frå kroppen enn det som i utgangspunktet var planlagt.

Ifølge ingeniøren Donald Friedman, som er ekspert på historiske byggverk i USA, grauta Joachim det skikkeleg til då han forandra Eiffels skjelett.

Han fekk eit problem som han ikkje klarte å fikse ordentleg. Den høgre skuldra fekk ei betydeleg svakheit, og det ansvaret ligg på Joachim Giæver.

Friedman er likevel rask med å påpeike at feilen ikkje gjorde Giæver til ein dårleg ingeniør.

Strukturen som Gustav Eiffel designa, var svært avansert, og langt over det generelle kunnskapsnivået på den tida. Mest truleg var det berre ei handfull ingeniørar i verda som verkeleg skjønte han.

Ein regnfull oktoberdag i 1886 møtte over 1 million tilskodarar opp for å sjå avdukinga av Fridomsgudinna i New York. Mest truleg stod Joachim Giæver også ein eller annan stad i folkehavet. Kanskje ved sidan av den høggravide kona si, Caroline Lovise Schmedling. Ho hadde endeleg kome etter til USA og gifta seg med han i sjømannskyrkja.

Joachim må ha kjent på ei viss spenning i kroppen. Han visste godt at armen med fakkelen ikkje var montert riktig, at han var festa på eit svakt punkt i strukturen, som med åra kanskje ville bli enda svakare. Men han må også ha vore stolt. For gudinna såg jo heilt smashing ut, der ho stod og ruva flott og majestetisk over folkehavet, og det kunne ingen ta frå han.

Frihetsgudinnen Fridomsgudinna

FRIDOMSGUDINNA: Dei første åra kunne publikum klatre opp ein stige til balkongen rundt toppen av fakkelen. Av omsyn til tryggleiken vart fakkelen stengd i 1916. Koparet i gudinna kjem frå Vigsnes Kobberverk på Karmøy.

Foto: BARTH BAILEY / Unsplash

På denne tida konkurrerte New York og Chicago om å vere den mest imponerande byen i USA. På grunn av Joachim hadde «Det store eplet» fått Fridomsgudinna opp og stå, no kunne ikkje byen ved Michigansjøen vere noko dårlegare.

Chicago hadde nokre grandiose planar på gang, og nok ein gong skulle Joachim bli ei viktig brikke.

Verdas største hus

Når dagens storbyar verkeleg skal bruse med fjørene, brukar dei gjerne gigantiske summar på store arrangement som OL, VM og Eurovision. Ekvivalenten til slike arrangement på 1800-talet var verdsutstillingar.

Verdas mest ambisiøse byar kappa om å lage dei mest imponerande utstillingane, og i 1893 var det Chicago sin tur. For å slå på stortromma, bygde dei ein heilt ny by i nyklassisistisk stil. Og Joachim vart hyra som assisterande sjefingeniør for den nye byen.

Verdsutstillinga i Chicago, 1893

DEN KVITE BYEN: Verdsutstillinga i 1893 skulle feire at det var 400 år sidan Christofer Columbus kom til Amerika. Det enorme utstillingsområdet vart kalla «Den kvite byen», og hadde fleire svært imponerande byggverk. I horisonten kan de sjå verdas første pariserhjul, konstruert av den amerikanske ingeniøren George Ferris til utstillinga.

Foto: Rand McNally and Company / Library of Congress

Hans mest imponerande bygg var sjølve moderskipet til utstillinga: The Manufactures and Liberal Arts Building. Bygget brann dessverre ned, kort tid etter den seks månadar lange utstillinga. Men om det framleis hadde stått i dag, ville det med sine 8,5 millionar kubikkmeter vere verdas tredje største bygg (over tolv gongar større enn Telenor Arena utanfor Oslo).

For å halde oppe taket, måtte Joachim konstruere bogar med spenn på 112 meter. Verda hadde aldri sett noko liknande tidlegare.

THE MANUFACTURES AND LIBERAL ARTS BUILDING

THE MANUFACTURES AND LIBERAL ARTS BUILDING: Joachims hus er eit av dei største som nokon gong er bygd; det var over 500 meter langt og hadde sitjeplass for 300.000 personar.

The Manufactures & Liberal Arts Building
Manufactures and Liberal Arts Building, Chicago, 10. oktober 1893.

Joachim var i slutten av 30-åra, og hadde blitt det ein på godt norsk kallar ein «storkar». Vi veit ikkje nøyaktig kor rik han var, men han hadde i alle fall nok pengar til å kjøpe seg ein staseleg yacht, som han segla rundt med på Michigansjøen. Han slo seg ned i Chicago saman med kona og ungane sine, men livet var ikkje berre ein dans på roser. I likskap med foreldra mista også Joachim fleire ungar i spedbarnsalder.

Stoda var derimot ei heilt anna i yrkeslivet. I 1898 vart han sjefingeniør for arkitekten Daniel Burnham, som seinare vart kalla «skyskraparens far». Saman designa og konstruerte dei det eine praktbygget etter det andre.

Sveip gjennom bilda for nokre høgdepunkt:

Flatiron, New York, ca. 1905.

FLATIRON: Dette strykejernforma bygget i New York stod ferdig i 1902, og blir av mange rekna som verdas mest ikoniske skyskrapar. Ifølge ingeniør Donald Friedman kunne bygget aldri blitt reist utan Joachims kompetanse på stålkonstruksjonar.

Equitable Building, New York

EQUITABLE BUILDING: Då bygget stod ferdig i 1915, var det med sine 110.000 kvadratmeter verdas største kontorbygg. Det blir sagt at skyskraparen står på «verdas dyraste eigedom», like ved Broadway og Wall Street i New York.

Museum of Science and Industry / Palace of Fine Arts

PALACE OF FINE ARTS: Bygget er det einaste som står igjen etter verdsutstillinga i Chicago i 1893. I dag husar det byen sitt vitskap- og industrimuseum.

Ifølge den amerikanske historikaren Kenneth O. Bjork er det umogleg å overdrive når vi skal snakke om kor viktig Joachim har vore for dei første skyskraparane.

Nordmannen var med på å utvikle ein heilt ny byggemetode. Før var det vanleg å kvile all vekta av eit bygg på tjukke ytterveggar. Joachim og andre ingeniørar på den tida flytta i staden berekonstruksjonen lenger inn i bygget, til store stålskjelett. Dette skapte heilt nye moglegheiter for å bygge smale og høge bygg.

Joachim var også med på å utvikle H-bjelken, som framleis er bransjestandard i moderne bygg, over 100 år seinare.

H-bjelke. Stålbjelke.

H-BJELKEN: Ifølge historikaren Kenneth O. Bjork vart H-bjelken først introdusert av den norske ingeniøren Richard Mohn, og vidareutvikla til bruk i skyskraparar av Joachim Giæver.

Hausten 1914 var Joachim tilbake i Noreg, og ingeniøren vart invitert til å halde foredrag for Trondhjems tekniske forening. For stinn brakke viste han fram lysbilde av bygga sine til eit måpande publikum. Som Adresseavisas journalist skreiv undrande etter arrangementet:

«Det kan grøsse i én bare ved tanken paa de enorme skyskrapere vi har set på brevkort – og kan det være mulig at en Trondhjemstekniker ikkje bare har hat en haand med ved opførelsen av en sådan, men endog er specialist i arbeidet?»

Ja, det var faktisk mogleg. Det var truleg stas for Joachim å vise fram dei storslåtte bygga sine, men under foredraget kunne tilskodarane også ane ein gryande ambivalens.

«Det kan være tvilsomt om de høie bygninger er helt fordelaktig. I New York synes man nu at være gaat for høit», sa Joachim.

Med dei høge husa vart altfor mange samla på ein plass, meinte han. I rushtida var det nesten umogleg å kome fram når fleire tusen skulle inn i det same huset. Moglegvis reagerte han også på stormannsgalskapen bak dei høge husa, og det evinnelege jaget mot skyene.

Under Noregsbesøket gjekk nok Joachims tankar ofte til California; der jobba han med eit banebrytande bygg som verkeleg skulle setje mennesket på plass i den store samanhengen.

Teleskopet som forandra alt

Fram til starten av 1900-talet var den rådande vitskaplege forståinga at sola var sentrum av vår galakse, som igjen utgjorde heile universet. Jorda hadde dermed ein heilt unik plass i eksistensen, der vi krinsa rundt midtpunktet av alt som fanst.

Denne oppfatninga skulle forandre seg drastisk etter at nokre vitskapsmenn bestemte seg for å bygge verdas største teleskop på Mt. Wilson utanfor Los Angeles. Joachim konstruerte den avanserte kuppelen med eit spenn på 30 meter. Bygget var roterbart, og hadde ei stor skyvbar luke for teleskopet.

Det var under denne kuppelen astronomen Edwin Hubble sat i 1924, og oppdaga at universet faktisk er mykje større enn Mjølkevegen. Fem år seinare fann han også ut at universet utvidar seg!

Albert Einstein framfor Hooker Telescope på Mt. Wilson utanfor Los Angeles

HOOKER-TELESKOPET: Av alle bygga Joachim konstruerte, var Hooker-teleskopet på Mt. Wilson hans favoritt. Bygget vart også spesielt fordi partnaren hans, arkitekt Daniel Burnham, døde nokre få månadar inn i arbeidet. Joachim og resten av teamet måtte dermed fullføre prosjektet utan han. På bildet ser vi mellom anna Albert Einstein fremst til venstre og Edwin Hubble delvis skjult bakarst til venstre.

Foto: AP

Det siste bygget Joachim konstruerte før han døde i 1925, var Jewelers' Building i Chicago. Med sine 159 meter var det verdas høgste bygning utanfor New York. Det mest unike med bygget var likevel den svært avanserte bilheisen som gjekk over 23 etasjar.

Som namnet tilseier, var det opphavleg meininga at skyskraparen skulle vere eit senter for gullsmedhandel i Chicago. Gangster-byen var ikkje akkurat kjent som den tryggaste plassen på jord, så bygget vart difor utstyrt med den spesielle bilheisen. Der kunne både kundar og smedar køyre heilt inn i bygget, ta heisen med bilen opp i ønska etasje, og utveksle gull og pengar utan å vere redd for verdisakene sine.

Om du drar kjensel på bygget, kan det vere fordi du kjenner det igjen frå filmen «Batman Begins» frå 2005. Der bygget figurerer som tinghus i den fiktive byen Gotham.

Jewelers' Building i Chicago

JEWELERS' BUILDING: Under kuppelen på toppen av bygget låg «The Stratosphere Club». Ei kjent røvarhistorie i Chicago er at gangsteren Al Capone var ein av stamkundane, men dette stemmer dessverre ikkje.

Bilheis i Jewelers' Building

HEIS: Bilar kunne bli frakta heilt opp til 22. etasje av Jewelers' Building ved hjelp av eit avansert heissystem.

Plakett

PLAKETT: På fasaden har byen Chicago sett opp ein plakett for å minne innbyggjarane om husets skaparar: Joachim Giæver og Frederick Dinkelberg.

I løpet av karrieren konstruerte Joachim Giæver over 400 bygg. Han blir sett på som ein stor ingeniørpionér, og vart heidra med St. Olavs Orden av Kong Haakon i 1922 for det banebrytande arbeidet sitt.

Likevel ringer det svært få bjøller om namnet Joachim Giæver kjem opp i dag. Kvifor er ikkje mannen bak mange historiske byggverk meir kjent?

I skuggen av arkitekten

Ifølge skyskrapareksperten Donald Friedman finst det ei enkel forklaring for at nesten ingen har høyrt om Joachim:

Ingeniøren hamnar alltid i skuggen av arkitekten. Slik var det for hundre år sidan, og slik er det framleis i dag, forklarer han.

Nesten ingen kjenner ingeniøren bak noko som helst. Sjølv ikkje ikoniske bygg som Big Ben, Burj Khalifa, Flatiron eller Operahuset i Sydney.

I Troms gjer likevel Ola Giæver jr. alt han kan for at så mange som mogleg skal vite om slektningen hans. I restauranten Arctic Grill på Lyngseidet har han sett av ein heil vegg til Joachim, med bilde av dei mest kjente bygga.

Ola Giæver jr. framfor veggen med Joachim Giæver på Arctic Grill på Lyngseidet

WALL OF FAME: Ola Giæver jr. framfor Joachims skrytevegg på restauranten Arctic Grill på Lyngseidet.

Foto: Jan Kristian Kristensen

Gjestane blir vantru med ein gong. Dei ser berre på meg, og tenkjer «ha ha». Så då må eg finne fram artiklar for å få folk til å tru på meg.

I New York finst det i alle fall ei dame som trur på Ola. Ho er 46 meter høg, har ein fakkel i handa, og er framleis ganske skækk i skjelettet. Etter at Joachim feilmonterte ho i 1886, har Fridomsgudinna gått gjennom mange operasjonar.

Ho vil nok aldri bli perfekt i Gustave Eiffel sine auge, men ho står framleis, og det er trass alt det viktigaste.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her

Anbefalt vidare lesing: