Dragevasen på Nasjonalmuseet.
Foto: Javier Auris / NRK

Den mystiske Ming-vasen

Korleis hamna den ekstremt verdifulle Drakevasen i ei trapp i Noreg?

Oslo, 1960-talet: Det er fest i Utanriksdepartementets gjestebustad. Diplomatar med promille vrimlar rundt med sjampanjeglas i hand.

På ei hylle i trappeoppgangen står ein vase. Plasseringa seier sitt om at vasen ikkje er spesielt populær; han lever blant frakkar og sko, heller enn i stova der viktige avtalar blir gjort.

Dei aller fleste lar seg ikkje merke ved han, bortsett frå røykarane, som kastar sneipar og fyrstikker i han.

Det ingen veit, er at vasen er 600 år gamal og ekstremt verdifull.

Hadde vasen kome for sal i 2022, kunne startprisen vore mellom 50 og 100 millionar kroner.

Dragevasen tett på

DETALJANE: Drakevasen er 42 centimeter høg, 16 centimeter i diameter nedst, og viser ein drake som snirklar seg rundt lotusblomster.

Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet

Fødselen

Det starta så bra for Drakevasen.

For 600 år sidan blei han fødd inn i keisarfamilien i Kina, nærmare bestemt keisarens porselensfabrikk i byen Jingdezhen.

Den runde vasen stakk sin tynne, lange hals prøvande ut av omnen. To hender tok han imot, men der ein forelder ville ha sett med kjærleik på sitt nyfødde barn, fekk vasen eit kritisk blikk på seg. Var han god nok, kom han inn i keisarens palass. Heldt han ikkje stand, blei han kasta på skraphaugen.

Drakevasen heldt stand. Han var skinande kvit og hadde blåmåleri på seg, som kjenneteiknar Ming-dynastiet. Ming var ei ekspansjonstid i Kina mellom 1368 og 1644, med mykje dekadense og plass til vasar som dekor.

Ein Ming-vase blir assosiert med noko ekstremt skjørt og dyrt, med risiko for å bli knust. Både Donald Duck og Olsenbanden har prøvd seg på Ming-kupp. All seinare blå-kvitt porselen har Ming-dynastiet å takke for inspirasjonen. Ingen Ming, ingen Porsgrund-servise i norske heimar.

Motivet, ein blå drake som snirklar seg rundt lotusblomstrar, gav vasen namnet Drakevasen .

Dragebord til Maren Kvamme Hagen sin sak.

Vasens far

Keisar Yongle, som regjerte mellom 1403 og 1424, var den som bestilte vasen. Yongle brydde seg visst ikkje spesielt om verken kunst eller porselen, men var opptatt av si buddhistiske tru (innimellom krigar), noko lotusblomsteren på vasen er eit symbol på.

Drakevasen var meint som ei gåve til ein prins eller utanlandsk fyrste.

Og før vi følgjer med vidare på vasens ferd, for å finne ut korleis denne vakre skapningen kunne ende opp som oskebeger i potetlandet Noreg, må vi tillate oss litt tid med Yongle.

Keeping up with The Kardashians? Prøv å halde tritt med keisarfamilien.

Han er fødd i 1360, som den fjerde av 26 søner, til grunnleggjaren av Ming-dynastiet. Yongle lever i uvisse om kven mor hans er; han veit berre at ho ikkje er keisarens primærkone, som det heiter på denne tida.

Keiser Yongle og dragevasen.

Yongle blir utnemnd til prins, men planen er å få total makt som keisar. Då ein 15 år gamal nevø kjem framfor han i køen, og kaprar keisartittelen, klikkar det for Yongle. Han startar eit opprør, tar over hovudstaden og kronar seg sjølv til keisar.

Det er her han gir seg sjølv namnet Yongle, som tyder «evigvarande lukke». Hallo, stormannsgalskap!

Lukka blir dessverre ikkje evigvarande for keisar Yongle (han bekymrar seg for om nevøen kjem tilbake), men éi avgjerd blir så å seie evig: Han flyttar den kinesiske hovudstaden til Beijing. Der byggjer han Den forbodne byen.

Den forbudte by i Beijing, Kina.

YONGLES BY: Den forbodne byen i Beijing, som i dag er eit stort turistmål, blei bygd av keisar Yongle ved starten av 1400-talet.

Foto: Colourbox

Tollinspektøren

Det starta som sagt godt for vasen. Til ein nordmann kjem inn i historia.

Iver Munthe Daae er ein halvstudert røvar frå Bergen. I 1866 får han jobb i Det imperiale tollvesen i Kina.

Iver Munthe Daae

Tollvesenet er underlagt eit kinesisk departement, men leia av britane. Daae blir første skandinav til å jobbe ved Dei indre kontora, altså i elitesjiktet, av tollvesenet. Boka «Britain's Imperial Cornerstone in China» forklarar korleis livet er for utlendingane i tollvesenet: «Trass dei ofte harde realitetane i eit underutvikla Kina, levde tollinspektørane komfortable liv, der dei budde i store, vel utstyrte hus med tenarar.»

På toppen sit briten Sir Robert Hart, som tar Iver Munthe Daae under vingane. Daae klatrar i gradene, han lærer seg mandarin, og mottar etter kvart mange medaljar for sin innsats.

Éin ting han derimot ikkje har peiling på, er kunst.

Daae verkar å ha kjøpt Drakevasen som ein del av ei større samling, og forstår ikkje kva skatt han har i bagasjen. Han verkar likegyldig til vasen; det er heller dei fargerike skålene han skriv entusiastisk om.

Korleis får Daae tak i vasen?

Iver Munthe Daae og dragevasen.

Då Hart reiser til Europa, får Daae fylle stillinga som generalinspektør i tollvesenet. Her kjem han i kontakt med Kinas absolutte elite, også ein prins ved namn Gong, som tilhøyrer keisarfamilien.

Sidan draken på vasen har tre klør, som betyr at han er tiltenkt ein prins i keisarhoffet eller ein utanlandsk fyrste, er éin mogleg teori at Daae kjøper vasen via prins Gong.

Men det finst ingen dokumentasjon på kjøpet. Kor mange mellomledd vasen er gjennom på vegen frå Yongle til Daae, er også ukjent.

Nasjonalmuseets teori (dagens eigar) er at Daae kjøper vasen via prins Gong.

Ein doktorgradsstipendiat i kinesisk kunst og tilbakelevering, Lu Zhang ved The University of Nottingham, skriv i ein e-post til NRK at museets teori er sannsynleg.

NRK har stilt Nasjonalmuseet ei rekkje spørsmål om historikken til vasen, som du kan lese nedst i saka.

Etter mange år i Kina vender Daae nasen mot Noreg igjen. Han skriv ein katalog over samlinga si, på engelsk, der vasen er med.

Her skjer det fatale: Daae feildaterer vasen med nærmare 200 år. Han tidfestar Drakevasen til 15/1600-talet.

Lotus-bord til Maren Kvamme Hagen sin sak.

Prisen av ein vase

Før vi følgjer vasens ferd vidare mot trappa i Noreg, er vi ein kjapp tur innom auksjonshuset Blomqvist for å forstå kva vasen er verdt.

Det første vi lærer av Knut Myrer, ekspert på asiatisk kunst, er at Drakevasens ekstreme verdi ikkje berre har med at han er ein Ming-vase å gjere.

Det finst mange ulike Ming-vasar, eksklusive som er usannsynleg verdifulle, og andre til 10.000 kroner.

– Søkjer du på «Ming-vase» på nettet, kan du sjå kva du får opp, i bøtter og spann, frå bitte små til ganske svære, forklarar kunsteksperten.

Det som er avgjerande for Drakevasens verdi, er at han er svært sjeldan, og frå den tidlegaste Ming-perioden. Sidan det finst berre fire andre eksemplar i verda, éin av dei på den private marknaden, er etterspurnaden stor. Søskenvasen, som blei seld på auksjon i 1974, gjekk for ein sum som i dag svarar til 37,5 millionar kroner.

Knut Myrer hos Blomqvist

ERFARING: Knut Myrer ved Blomqvist blir ikkje lenger nervøs av å omgi seg med dyr porselen. – Det er jo ikkje noko verre enn alt mogleg anna ein held i hendene, det? Skulle ein miste noko i bakken berre fordi det er 1000 år gamalt?

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Sidan den gong har prisane på kinesisk porselen stige til himmels, mykje på grunn av den enorme kjøpekrafta til kinesiske samlarar. I løpet av dei siste 30 åra har Kina gått frå å vere eit av verdas fattigaste land, til å ha den nest største økonomien og nest flest milliardærar, berre slått av USA.

Kunstekspert Myrer forklarar kva som ville skjedd om Drakevasen kom for sal i dag:

– Auksjonsfolk ville ha fått heilt dilla.

Eg ber Myrer gjere ein ting som mange i kunstmiljøet kvir seg for, nemleg sette prislapp på ein museumseigedom som ikkje er tilgjengeleg for sal. Deira verdi blir vanlegvis målt som kulturelle, faste objekt i kollektive samlingar.

Likevel, for mange er nettopp prisverdi viktig når ein snakkar om kunst. Det drar ein inn. Pris seier dessutan noko om etterspurnad etter ein kunstnar eller eit verk, kor unik og populær gjenstanden er akkurat no.

Skulle vasen på auksjon i dag, ville Myrer sett startprisen ein stad mellom 50 og 100 millionar kroner. Det er det han antyder at vasen kan gå for, men finst det fleire enn éin person med stor nok kjøpekraft, som ha vasen, kan sluttsummen bli langt høgre.

Ei skål frå same periode som Drakevasen blei selt for 48 millionar kroner på auksjon i fjor, etter ein heftig bodkrig.

Kinesisk porselentallerken som sette prisrekord

PRISREKORD: Skal det vere ei skål til 48 millionar kroner? Drakeskåla, som var eigd av ein svensk arkitekt, sette dansk prisrekord på auksjon i 2021. Ein kinesisk samlar vann bodkrigen.

Foto: Bruun Rasmussen auctioneers

Inn i museet

Desse summane tenkjer ingen på då tollinspektør Daae kjem tilbake til Noreg i 1889 med ei rik samling kinesisk porselen.

Dåverande Kunstindustrimuseet (i dag Nasjonalmuseet) skrapar saman nok pengar til å kjøpe halvparten av samlinga. Med på lasset er vasen, som dei betaler 400 kroner for.

Kanskje er det gledesrusen over å kunne vise fram kinesisk kunst for første gong, kanskje er det mangel på kunnskap, men museet fangar ikkje opp Daaes feildatering.

Drakevasen blir teikna ned som objekt nummer 3370 i museet samling, og får fast utstillingsplass i museet.

Museumsinteriør Kunstindustrimuseet i Oslo

NEDERST: Slik stod vasen i 2. etasje på Kunstindustrimuseet i mange år. Biletet er funne i Nasjonalmuseets arkiv.

Foto: Nasjonalmuseet / Ukjent fotograf

Vasen står på museet fram til ein spesiell førespurnad frå Utanriksdepartementet i 1963.

Vi treng dekor, melder departementet til museet, kan dei ha noko å avsjå? Jada, de kan vel få denne, svarar museet.

Statens representasjonsbustad ligg i Parkveien 45 og er bygd for utanlandske gjestar.

Her får Drakevasen plass i trappa, rett innanfor inngangen, frå 1. til 2. etasje.

Statens representasjonsbolig

STATENS REPRESENTASJONSBUSTAD: Parkveien 45. Her stod vasen i mange år, utan at gjestane forstod kor verdifull han var.

Foto: Ingun A. Mæhlum / Arbeiderbevegelsens arkiv og bib

Så lite prominent er vasen, at han ikkje synest på nokon av bileta tatt frå denne bustaden. I stova står eit piano, i overetasjen eit måleri, men ingen kjem på å ta bilete av trappa i gangen.

Fem år går forbi. Så kjem ein svenske på besøk.

Bord med kinesiske bokstaver til Maren Kvamme Hagen sin sak. (keiser Yongle)

Funnet

– Vasen kunne ha blitt knust, seier Johanne Huitfeldt.

90-åringen har skrive mange bøker om kinesisk kunst, jobba i nesten 40 år som kurator ved Nasjonalmuseet, og følgt vasen sidan han stod plassert hos UD.

Huitfeldt fortel at det var først då Bo Gyllensvärd, direktør ved Ostindiska museet i Stockholm, var på besøk i 1972, at museet oppdaga kva vase dette eigentleg var snakk om.

Funnet foregår slik: Gyllensvärd gjennomgår kartotekkorta på museet, som viser alle tinga i samlinga, med datering og foto. Han stoppar opp ved vasen, kjenner igjen det blå og kvite porselenet som er så typisk for Ming-dynastiet, studerer lotusblomstrane som peikar mot ein buddhistisk keisar. 15/1600-talet? Dette kan ikkje stemme.

Bo Gyllensvärd, tidligere museumsdirektør ved Östasiatiska museet i Sverige.

EKSPERTEN: Bo Gyllensvärd (1916-2004) var museumsdirektør ved Östasiatiska Museet i Stockholm i ei årrekkje.

Foto: Kungliga Vitterhetsakademien

Gyllensvärd slår alarm. Ei sikkerheitsvakt blir tilkalla for å hente vasen frå gjestebustaden til museet. Svensken får halde vasen i sine eigne hender, og han forstår det: Denne vasen er ekstremt sjeldan. Han stammar frå 1400-talet.

Huitfeldt, som er til stade, fortel korleis den svenske direktøren reagerer:

– Då blir han altså heilt stille. Faktisk får han nesten tårer i auga då han forstår at vasen er frå den heilt tidlegaste perioden av blåmåleriet i Kina. Og han lar seg imponere av at vasen faktisk finst her i Noreg, som dei eigentleg ser litt på som eit u-land, for på dette tidspunktet er det ingen her som har forska noko større på kinesisk kunst.

Nokre få dagar etter besøket sender Gyllensvärd eit brev til direktøren ved Kunstindustrimuseet og takkar for sist. Han skildrar si glede over funnet: «Den store sensasjonen med Drakevasen har skaka meg skikkeleg og eg ser han framleis svært klart for meg.» Han foreslår at så snart han er sikker på dateringa, så burde dei presentere det sensasjonelle funnet for pressa.

Som sagt, så gjort. Drakevasen får si oppreising i norske aviser i 1972. Johanne Huitfeldt poserer med vasen i famnen.

Johanne Huitfeldt med Dragevasen, 1978

1972: Då Dragevasens eigentlege fødselsdato blei oppdaga, poserte Huitfeldt med han i avisa.

Johanne Huitfeldt

2022: Johanne Huitfeldt har levd eit halvt liv med vasen – skrive bøker om han, halde foredrag og reist med han. Her med sin eigen, litt mindre kopi.

Samtidig finst det teikn på at museet framleis ikkje heilt forstår kva verdi dei sit på, eller kanskje er det berre 1980-talets måte å handtere kunst på kontra i dag? Vasen blir i alle fall tatt med opp på NRK for å vere gjest i eit ettermiddagsprogram i 1985.

Hendinga står i sterk kontrast til Nasjonalmuseets nylege flytteprosess, der ingenting blei flytta på utan feit forsikring, sikkerheitsvakter og ein grundig risikoplan.

Her finn dei tilsette ved Nasjonalmusett sneipar og fyrstikker i Dragevasen.

Her finn dei tilsette ved Nasjonalmuseet at det ligg sneipar og fyrstikker i Dragevasen. (Klipp frå serien "Kunsten å flytte" laga av Hacienda/Nasjonalmuseet).

I dag står Drakevasen i all si prakt i det nye Nasjonalmuseet. Dei kallar vasen ein av sine aller største skattar, av ei samling på totalt 100.000 kunstverk.

Likevel hastar dei fleste nordmennene framleis forbi, på veg til «Skrik» og «Brudeferd i Hardanger».

Vasen kan trøyste seg med at i museet, så er i alle fall røyking forbode.

Publikum går forbi Dragevasen på Nasjonalmuseet.

NY HEIM: Drakevasen har fått eit eige rom i det nye Nasjonalmuseet.

Foto: Javier Auris / NRK

Fullstendig kjeldeliste: Forbes, Statista, Harvard Business Review, Iver Munthe Daaes handskrivne sjølvbiografi, «Britain's Imperial Cornerstone» av Donna Brunero, «Drømmen om Kina. Kineserier fra europeiske slott til norsk folkekunst» av Johanne Huitfeldt og «Daae-samlingen» av Johanne Huitfeldt, Nasjonalmuseet, bøkene «Ming.Porcelain for a globalised trade» av Eva Ströber og «The pilgrim art: cultures of porcelain in world history» av Robert Finlay. Katalog over J.M. Daaes samling av kinesisk porselen, Innkjøpsprotokoll for Kunstindustrimuseets samlinger 1876-1903, samt brevet signert Bo Gyllensvärd er funne i Nasjonalmuseets Dokumentasjonsarkiv.

Hei!

Håpar du har kost deg med saka! Har du tankar, eller innspel til nye saker vi burde titte på som egnar seg i langformat? Ta gjerne kontakt, og sjekk ut alle våre kulturfeatures her

Anbefalt vidare lesnad: