Hopp til innhold

Wenche Foss ærespris til Ingebjørg Bratland

Under Kjendisgallaen til vekebladet Se og Hør fekk songaren Ingebjørg Bratland æresprisen til Wenche Foss. Ho deler prisen på 100.000 kroner med Norsk Fosterhjemforening.

Ingebjørg Bratland får Wenche Foss ærespris

Wenche Foss ærespris går kvart år til ein person og ein organisasjon som deler samfunnsengasjementet til skodespelaren. I år gjekk prisen til songaren Ingebjørg Bratland, som deler prisen med Norsk Fosterhjemforening.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Ingebjørg Bratland er sterkt engasjert i fosterheimssaka. Ho har sjølv to fosterbrør som kom til familien hennar då ho var fire år. Ho er glad for å kunne dele prisen med fosterheimsforeininga.

– Eg liker ikkje å kalle brørne mine for fosterbrør, men det er det dei er. På grunn av dette er Norsk Fosterhjemforening ei foreining eg kjenner litt ekstra for. Difor er det ekstra stas å dele denne prisen med dei.

Manglar fosterfamiliar

Det er mange barn som står i kø for å få fosterheimar. Det er spesielt vanskeleg å få fosterforeldre til dei litt eldre barna. Bratland håper fleire vil melde seg som fosterfamiliar.

– Eg synest det er viktig at vi får tak i fleire fosterfamiliar. Det trengst. Sjølv har eg berre positive erfaringar med å vere ein del av ein familie som har teke i mot barn.

Wenche Foss ærespris er på 100.000 kroner som blir delt mellom prisvinnarane. Tidlegare har blant andre Sven Nordin og Foreningen for hjertesyke barn og Thomas Giertsen og Sykehusklovnene fått prisen.

Helene blei årets TV-namn

Lesarane til Se og Hør stemmer kvart år fram vinnaren av heidersprisen «Årets TV-namn». I år blei det programleiar i NRK, Helene Sandvig, som fekk flest stemmer. I programmet «Helene sjekker inn» har ho vist oss livet ved ulike norske institusjonar frå innsida.

– Å få ein pris som er stemt fram av folket, er den største heideren og æra eg kan få. Eg er både rørt og veldig stolt og glad for at folk har likt det vi har laga.

Helene Sandvig årets tv-navn

Helene Sandvig blei kåra til årets TV-namn av lesarane til Se og Hør. Ho fekk prisen for programserien der ho sjekkar inn på ulike norske institusjonar for å vise livet på innsida.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Sandvig har blant anna budd på asylmottak, fengsel og institusjon for personar med etevanskar i serien.

– Eg trur mange har sett pris på at vi har opna opp institusjonar og vist sjåarane menneske som kan verke framande for mange, og kanskje blir sett på som farlege for enkelte.

Ajkic blei kåra til årets forbilde

Leo Ajkic blei også heidra søndag kveld. Han har hausta lovord for dokumentarserien «Flukt». Han har tidlegare fått både Gullruten og Fritt Ords honnør for innsatsen i serien. I kveld fekk han prisen for «Årets forbilde».

– Eg er rørt av å få denne prisen. Eg hadde aldri venta meg dette. Det forpliktar, samtidig er ikkje dette noko eg har prøvd å bli. Eg har berre gjort jobben min.

Leo Ajkic årets forbilde

Leo Ajkic blei rørt etter at han fekk prisen for årets forbilde under Kjendisgallaen. Han har hausta mykje ros og fått fleire prisar for dokumentarserien der han følger flyktningar gjennom Europa.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Sjølv har han Zlatan Ibrahimovic som forbilde.

– Eg ser ikkje så mykje på fotball og slikt. Men Zlatan har eg sansen for. Og så har han litt av den same bakgrunnen som meg.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters