Hopp til innhold

Vinmonopolet fyller 100 år – smugling, blodige køar og hestekur

I år har Vinmonopolet 100-årsjubileum. Dei statseigde dropane har vore gjenstand for smugling, debatt og geopolitisk krangel.

I 2022 fyller Vinmonopolet 100 år. Her ser vi historiske bilde frå etableringa fram til i dag.

I 2022 fyller Vinmonopolet 100 år. Her ser vi historiske bilde frå etableringa fram til i dag.

Historia til Vinmonopolet inneheld salsforbod mot brennevin, lange køar og internasjonal handelspolitikk.

Det heile startar i 1922. På grunn av nokre sinte franskmenn. Og fisk.

– Det var panikk i Paris. Vi vart dikterte av franskmennene, seier kommunikasjonssjef i Vinmonopolet Jens Nordahl.

– Vinmonopolet vart rett og slett oppretta for å gi Frankrike friast mogleg marknadstilgang til det norske samfunnet. Slik at dei kunne selje oss vin, legg han til.

Kvifor var Frankrike så opptekne av å selje vin til Noreg?

Fylleproblem og diplomatisk krise

Bakgrunnen var at Frankrike kjøpte mykje fisk frå Noreg, men Noreg kjøpte svært lite vin av dei.

Dei syntest det var urettferdig at dei heldt liv i Kyst-Noreg, når nordmennene ikkje var villige til å halde liv i den franske landsbygda. For her til lands kjøpte vi verken konjakk eller vin.

– Avhaldsrørsla hadde gått sin sigersgang sidan 1814, da vi hadde eit fylleproblem på 1800-talet. I 1913 var nesten heile Noreg tørrlagt. Berre 13 kommunar selde vin og brennevin, fortel Nordahl.

Jens Nordahl, kommunikasjonsrådgjevar i Vinmonopolet, hos Anne Lindmo 110222

Jens Nordahl, kommunikasjonssjef i Vinmonopolet, hos Anne Lindmo.

Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

Frankrike kom derfor med eit ultimatum. Viss dei skulle fortsette å kjøpe fisk av Noreg, så måtte Noreg lage eit system der alle i Noreg kan få kjøpe så mykje vin dei vil.

– Da vart det diplomatisk krise, og dei beste norske folka vart sendt til Frankrike. Etter harde forhandlingar kom Vinmonopolet på banen som den statlege løysinga på problemet, understrekar Nordahl som gjestar Lindmo denne veka.

Smugling og reseptjuks

Vinmonopolet kunne selje svake vinar, men heitvin og brennevin var framleis forbode.

Det var stor mangel på råvarene. Var du 20 år gammal, og tørst på noko sterkt måtte du bevise at brennevinet var til medisinsk bruk da det var den einaste lovlege bruken.

Forbodet fekk ringverknadar. Smugling, heimebrenning og ikkje minst reseptmisbruk skjedde i storskala.

Ein lege vart blant anna dømt for å ha skrive ut 48 657 brennevinsreseptar i løpet av eit kalenderår.

Også sjuke hestar kunne få edle dropar som medisin.

– Ein sjuk person kunne få ei halvflaske, ein hest kunne få to. Hestehosten vart kurert med konjakk. Alle hesteeigarar gjekk bananas, informerer Nordahl.

– Kom blodige heim frå Polet

Forbodet vart etter kvart oppheva, men etter andre verdskrig vart det på ny varemangel, og rift om gode originalvarer som brennevin.

Som følgje av det oppstod det lange polkøar.

– Ein måtte vere hardhausar for å overleve polkøane. Det var muskelbruk. Folk vart dytta gjennom vindauget. De kom blodige heim frå Polet, seier Nordahl.

Det vart såpass blodig at styresmaktene laga eit forbod mot kø.

– Stod du i kø før kl. 07.30 på morgonen kunne du risikere å bli bøtelagt eller hamne i kasjotten.

Stengde pol

Det har også vore fleire streikar ved selskapets produksjonsanlegg i perioden 1978–1986. Streiken i 1986 hadde utgangspunkt i at Håkon Høst, som var hovudtillitsvald, hadde blitt oppsagt etter ein arbeidskonflikt.

Det fortel historikar og forfattar Olav Hamran. Saman med historikar Christine Myrvang skreiv han bok om Vinmonopolets historie i forbindelse med 75-års jubileet. Nå er han i gang med 100-årsboka.

HISTORISKEBILDER

Oslo i desember 1982. Det var landets mest langvarige streik i etterkrigstid som varte i 14 veker. Her frå vinmonopolets port med streikeplakat.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

Streikane fekk stor merksemd ikkje minst på grunn av stengde polbutikkar og redusert vareutval, seier historikar og forfattar Olav Hamran.

Det «løyste seg» vel ikkje før leiinga både for dei fagorganiserte og for heile selskapet blei bytta ut i 1987, legg han til.

– Går bananas

Sjølv om det har kome fleire Vinmonopol-butikkar og ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad kan det framleis oppstod kø.

Ifølgje Nordahl er det som verst når det er lansering av spesialutval.

– Dei vininteresserte går bananas. Da kjem det folk frå utlandet og legg seg i kø. På det meste to veker kan de ligge i sovepose. Ein form for ekspedisjon.

Dei nordiske landa, utanom Danmark, har «vinmonopol». Ei slik ordning finst ikkje elles i Europa. På spørsmål om Vinmonopolet er levedyktig framover svarer historikar Olav Hamran:

Det er ope. Det kan godt vere det vil vere der om 100 år. Det kan godt vere ikkje. I augneblinken er Vinmonopolet ganske godt likt og har støtte blant folk, avsluttar han.

Høyr meir om den spinnville historia på Lindmo i NRK 1 fredag kl. 21.25, eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.