Hopp til innhold

Vil stoppe Google Street

Fleire land i Europa prøver å stoppe Google Street View, fordi dei meiner kart-tenesta bryt mot personvernet.

Eksempel på bilder fra Googles Street View tjeneste

Så detaljerte er gatebileta til Google Street View.

Foto: Fraudwall

Google fotograferer og kartlegg gater og hus verda rundt, slik at internettbrukarane kan zoome inn på kvar minste detalj.

Også personar risikerer å kome med på bileta som vert lagt ut på Google Street View.

– Eg forstår godt at nokre reagerer på det, og at dei synest det er ei inntrenging i den private sfæren, seier direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon.

Grensar til ulovleg

Han meiner dei omreisande Google-bilane som fotograferer gatelangs verda over, opererer i eit grenseland av kva som er lovleg.

Direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon

Direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon.

Foto: Nyhetsspiller

– Det er nok ikkje lovstridig å gjere det på denne måten. Men det er klart at dersom personlege detaljar vert avslørt, til dømes folk som vert fotografert i bar overkropp medan dei grillar, kan det vere det. Då er Google forplikta til å rette eller sladde bileta, seier Bjørn Erik Thon.

– Viss eg tilfeldigvis skulle vere der når Google-bilen passerer forbi, medan eg er på veg inn i ein skobutikk for å kjøpe meg eit par nye støvlar, kan eg ikkje sjå at det svekkjer livskvaliteten min på nokon måte, seier Tore Neset, redaktør i nettavisa digi.no.

Eit gode for nett-brukarane

Han ser stort sett berre fordelar med google-tenesta, der ein kan klikke seg inn på gatehjørna over heile verda og utforske nabolaga i 360 grader.

– Dette er eit gode for oss, fordi det gjer det lettare å finne fram. Ein skal heller ikkje stikke under ein stol at det kan vere kommersielt interessant, både for butikkar og kulturinstitusjonar, som ynskjer å marknadsføre seg når ein person oppsøkjer eit bestemt strøk i Google Street View, seier Tore Neset.

Dei omdiskuterte Google-bilane vart i førre veke observert i Drammen til begeistring for drammensarane og lokalpressa.

Men i andre land har bilane vorte kjeppjaga og ramponert. Ikkje alle synest det er stas at deira private heim vert fotografert av den populære internett-tenesta.

Juridisk vanskeleg å forby

Google Street view

Slike bilar dokumenterer gater over heile verda.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / AFP

I Tyskland har innanriksministeren no teke initiativ til at tenesta kan regulerast av brukarane, etter at tyskarane viste kraftig motstand mot filminga. 52 prosent av alle tyskarar vil ikkje sjå huset sitt og leilegheitene sine på nettet.

I Tsjekkia har styresmaktene gått så langt som å forby biletinnhentinga til Google.

– Det er det mange som meiner at det ikkje er ei endeleg avgjersle. For både EU-reglane, og tsjekkisk lov opnar for denne type fri offentleg fotografering som i andre land. Dette er ei juridisk nøtt, der resultatet i Tsjekkia ikkje er gjeve enno, seier Bjørn Erik Thon.

Google Street View har sidan i fjor køyrt gatelangs i Noreg og fotografert meter for meter. I Noreg er reaksjonane blant folk, på at heimane deira vert fotgraferte, delte. Mange ser den forbipasserande google-bilen som deira sjanse til 15 minutters rampelyset.

Fotoattkjenning-teneste neste

Men no førebur nett-tenesta sitt neste steg: Ein mobiltelefon som kan ta portrettbilete, slik at ein ved hjelp av eit foto kan få vite alt om den ukjente personen som sit overfor oss på bussen.

– Eg ser ikkje på det som ei spesielt lystig utvikling. Samstundes det er alltid mange tenester som er under utvikling, og heldigvis er det ikkje slik at alt som er mogleg vert ein realitet, seier direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon.

Det har ikkje lukkast NRK å få intervju med Google i denne saka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

  • Kva synest du– er det greitt at Google Street View fotograferer gata du bur i?

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.