Hopp til innhold

Vil starte mannefri festival

Svenske Emma Knyckare er lei av å høyre nyheiter om overgrep og vald på festivalar. Difor vil ho starte ein rockefestival av og for kvinner.

Emma Knyckare

LEI AV OVERGREP: Emma Knyckare vil laga ein festival utan menn.

Foto: Julia Lindemalm/Sveriges Radio & Izabelle Nordfjell/TT

– Det er kjempemange som vil vera med og laga denne festivalen, seier den svenske komikaren og programleiaren Emma Knyckare til SVT.

Søndag publiserte ho denne tweeten, og ho fekk mykje meir respons enn ho venta seg:

Laster Twitter-innhold

Knyckare har aldri arrangert ein musikkfestival før, men svært mange har teke kontakt og vil vera med og hjelpe til.

– Både prosjektleiarar, festivalarrangørar, reinhaldarar, sjukepleiarar og musikarar har kontakta meg.

Vil at kvinner skal kjenne seg trygge

Dei siste dagane har det vore fleire nyheitsrapportar frå den svenske musikkfestivalen Bråvalla. I alt skal det vera mistanke om fire valdtekter, og politiet har teke imot meldingar om 23 episodar med uynskt seksuell åtferd.

Det var vore så mykje bråk og dårleg oppførsel på årets festival at han blir avlyst neste år.

Og det er ikkje fyrste gong at svenske festivalar blir prega av vald og overgrep. I fjor vart jenter heilt ned i 12-årsalderen befølte på Putte i Parken i Karlstad, og ei kvinne politimelde ei valdtekt på Weekend-festivalen i Stockholm.

Etter alle nyheitene om overgrep på festivalar, vil Knyckare ha ei forandring. Ho seier til SVT at ho ynskjer seg ein festival der kvinner kan vera velkomne og trygge. Difor vil ho starte ein festival der det er adgang forbudt for menn både på scena og blant publikum.

Og Knyckare er ikkje redd for at menn skal føle seg ekskludert, eller å bidra til eit skilje mellom kjønna.

– Eg tenkjer ikkje slik. Det bør finnast ein plass der halvparten av befolkninga kan kjenne seg trygge. Eg er ikkje ute etter å starte ein krig.

Veronica Maggio på Bråvallafestivalen lørdag kveld.

BRÅVALLA: Sveriges største festival blir avlyst neste år på grunn av overgrep og dårleg oppførsel.

Foto: Izabelle Nordfjell/TT / NTB scanpix

Satsar langsiktig

Sjølv om ideen berre er to dagar gammal, satsar Knyckare på å gjennomføre han. Ho håpar at det kan bli ei årleg hending.

– Draumen å laga ein festival som kan halde i mange år framover, at det blir eit klassisk innslag på festivalscena der jenter skal kjenne seg velkomne. Menn kan få sleppe inn når dei har slutta å valdta, seier Knyckare til SVT.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.