Hopp til innhold

Vant Nettsjansen og Kjempesjansen

Det var Hard Bargain Band som denne veka stakk av av med sigeren i Kjempesjansen. Først vant dei Nettsjansen, etterpå tok dei TV-sjåarane med storm.

Vinnarane av program 5
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det var bluesbandet Hard Bargain Band som tok publikum med storm denne kvelden, men a capella-gruppa Pitsj var og så godt likt at dei fekk og ein plass i semifinalen.

Hard Bargain Band
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

- Heilt fantastisk! Vi hadde ei god kjensle, men dette er heilt fantastisk, fortel Rune Ellertsen som er frontfigur i gruppa Hard Bargain Band.

Av dommarane, publikum og folk heime med telefonen fekk Hard Bargain Band heile 59 800 kroner med seg tilbake tilbake til Rogaland.

Songen "Outside my door" som Rune sjølv har laga gjekk rett heim hos mange denne laurdagskvelden.

Gjestedommar Rita Eriksen sa dette etter at ho hadde hørt bluesbandet spele.

- Dette fekk mitt blueshjarte til å bruse!

Vant først Nettsjansen

På torsdag blei det avgjort kven som vant Nettsjansen denne veka , der sjangeren var blues.

Og det var jubel i stova til Hard Bargain Band då dei fekk vite at dei var vidare til Kjempesjansen.

- Vi var faktisk meir nervøse for avsteminga på torsdag, enn vi var i dag, fortel Rune, utan heilt å vite kvifor.

Lykkeleg-Pitsj

Pitsj
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

- Det er så gøy at vi skal få synge ein gong til! No skal vi ut å feire, men ført må vi svelge dette, for det har ikkje gått heilt opp for oss endå, sa fem lykklege jenter rett etter programmet.

Pitsj-jentene stakk av med heile 54 300 kroner, og draumen om lydanlegg er ikkje like langt unna som tidlegare.

- Då får vi jo kanskje eit bra lydanlegg!

Mykje pengar

Det blei delt ut heile 229 900 kroner denne laurdagen, og pengane blei fordelt slik:

Hard Bargain Band: 59 800 kroner

Pitsj: 54 300 kroner

Fride Fredrikke: 39 000 kroner

SlinCraze: 37 800 kroner

Ingrid og Yngve: 36 000 kroner

Neste laurdag er det fem nye som skal få sin kjempesjanse, her får du litt hjelp til korleis du stemmer på dei.

Stem på din finale-favoritt

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP