Hopp til innhold

Hard Bargain Band er vidare

Då stemmetala blei lest av torsdagskveld var det Hard Bargain Band som hadde fått flest stemmer, desse stemmene tar dei med seg til Kjempesjansen på laurdag

Hard Bargain Band
Foto: Promo

God hjelp

Det var stor jubel i Egersund i då bandet på torsdagskveld fekk beskjed om å pakke kofferten og ta turen til studio i Oslo.

- Vi var veldig spent rett før vi fekk telefonen om at vi var vidare, fortel Rune Ellertsen som er frontfigur i gruppa.

Heldigvis var det ein positiv telefon gutane fekk.

- Vi blei utruleg glade, det blei jubel i stova.

Mange stemmer

Alle tre bluesgruppene hadde fått mykje stemmer, men det var bluesgruppa Hard Bargain Band som stakk av med flest av desse stemmene. Dei er på laurdag klare til å spele og synge nydeleg blues for oss.

Det er mange forskjellege konkurrentar Hard Bargain band skal møte på laurdag, men ikkje nok med at dei er forskjellege dei er og utruleg flinke.

Bluesbandet frå Egersund skal treffe vokalgruppa Pitsj, cellisten Frida Fredrikke, duoen Ingrid og Yngve som syng opera og sist men ikkje minst den samiske raparen SlinCraze.

- Det er jo heilt forskjellege stilartar, noko som er ein bra ting. Eg har ei kjensle av at vi kan kome vidare, men eg håpar ikkje for mykje fortel ein lykkeleg og spent Rune Ellertsen.

Mobilisering

Hard Bargain Band
Foto: Promo

Grunnen til at Hard Bargain Band fekk så mange stemmer er nok fordi folk likar musikken deira, men og fordi dei har vore flinke til å mobilisere lokalsamfunnet sitt.

- Vi hare fått ei utruleg støtte frå blues-Norge, lokalaviser, lokal-TV og så har vi hatt konsertar der vi har nemnt at vi er med på Nettsjansen. Då har folk tatt fram mobilane og stemt på oss, fortel Rune.

No er bluesbandet klare til å underhalde oss frå Kjempesjansen-scena på laurdag klokka 20.20 på NRK1.

 

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift