Hør:
Dersom du har store menstruasjonsplager, får du tilbud om eit kirurgisk inngrep der livmora di vert fjerna, du blir steril og kan få komplikasjoner som blodpropp og skade på urinleiar.
I seks år har det vore eit alternativ her i Norge der du kan verte kvitt plagene ved eit to millimeterssnitt i lysken, uten fare for komplikasjoner og du kan framleis få barn etterpå. Men vil du ha tilbod om denne behandlinga, må du kjenne til den sjølv.
Ni av ti vert bra
Embolisering heiter den enklare metoden, det betyr å stenge blodomløpet.
Minst ein tredjedel av kvinner over 35 år får muskelknuter i livmora -eller myomer, som dei vert kalla.
Muskelknutene kan for enkelte føre til svært kraftige blødninger under menstruasjonen, noko som igjen fører til jernmangel og at du vert slapp.
Ved embolisering, vert ein to millimeter tynn plastslange stukket inn i pulsåra på kvar side av livmora. Inn gjennom slangen sendes ørsmå kunststoffpartikler som tetter igjen blodåra til livmora.
-Muskelknutane er mykje meir ømfintlig for oksygenmangel enn livmora, derfor skrumper dei inn og dør, mens livmora klarer seg, forklarer Edmund Søvik, røntgenlege ved St. Olavs i Trondheim. I løpet av få dager finn blodstrømmen nye vegar og det vert utvikla nye blodårer i livmorveggen.
Du må stå på
I løpet av dei seks åra Norge har utført denne behandlinga, har mellom 450 og 500 slike operasjoner vorte utført. Til sammenligning utfører Odense i Danmark 500 slike behandlinger i løpet av eitt år.
-Vi kjenner til her i Trondheim, at ein privatpraktiserande gynekolog sa dette bare var eksperimentell behandling og gjaldt kun på små muskelknuter, det er ikke riktig. Heldigvis hadde dama som fekk denne beskjeden, stått på sjølv og kom til oss.
Søvik seier at denne behandlinga gjeld for kvinner som er fertile, i hovedsak mellom 35 og 45 år og som får beskjed om at menstruasjonsproblemene skyldes muskelknuter.
Dårlig butikk
-Eg vil gå så langt som å sei at årsaken til at så få får tilbudet, er informasjonsmangel, seier Søvik.
Men Søvik meiner det vil vere lønnsomt for den norske stat ettersom innleggingstida og sjukemeldingstida er kortare, enn ved fjerning av livmor. Ved eit stort kirurgisk inngrep, som å fjerne livmora, er dei fleste sjukemeldt i seks veker i motsetning til to veker ved embolisering.
-Dei fleste kjenner seg bra etter tre-fire dager, fortel Søvik.
Her kan du få hjelp:
Sjukehus som driv med denne behandlinga i Norge finn du i Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og både Rikshospitalet og Ullevål i Oslo. Ønsker du meir informasjon bør du kontakte gynekologisk- eller intervensjonsradiologisk avdeling (den delen av røntgen som utfører dette inngrepet), ved eit av desse sjukehusa
Norgesglasset NRK P1