Hopp til innhold

Jaktar på late huseigarar

I Bergen er jaktsesongen på late huseigarar i gang. Har du ikkje feid skikkeleg for eiga dør risikerer du 500 kroner i bot.

Kjell Karlson
Foto: NRK

Regelverket er klart, både i Oslo, Bergen og Trondheim: eig du eit hus i bykjerna har du ansvar for å halde fortauet reint. Det inneber òg at du må måke og strø om vinteren. Men fire dagar etter det fyrste snøfallet i Bergen er 3 av 4 fortau like glatte.

100 000 i gebyr

- Dette er livsfarleg, her har ikkje huseigaren gjort jobben sin, seier kontrollør Kjell Karlson. Bergensavisen fortel at då Karlson og fire kolleger tok sin fyrste runde i går fann dei over 200 som har lete plikter vere plikter. Det betyr til saman 100 000 i gebyr, og mange ømme hofter og romper.

Flinkere før

- Me har falt nokre gonger, og fleire gonger har det vore nære på. Det er dumt at huseigarar ikkje strør, for folk kan skade seg. Det seier to tenåringsjenter på glatta som unner syndarane 500 kroner i bot.

Driftssjef Atle Kleppe i Bergen kommune seier folk var flinkare før i tida. Då budde eigaren sjølv i huset, og snøa det om natta måka ein før ein gjekk på jobb. Men då leigemarkedet voks sklei rutinane ut, og byen blei farlegare for fotgjengarane.

Norgesglaset sin reporter Gøril Grov Sørdal blei med på fortauskontroll i Bergen.

Høyr korleis det gjekk: På iskontroll i Bergen

Kulturstrøm

  • Ei framsyning det er lett å anbefala

    – Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Nett det speler Oddgeir Thune, Maria Blokhus og Kyrre Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl om «Sudden death».

  • Cannes-pris til norsk regissør

    Marlene Emilie Lyngstad vant La Cinef-prisen under filmfestivalen i Cannes. Prisen deles ut til talenter fra filmskoler over hele verdenen. «Norwegian Offspring» er avgangsfilmen hennes og ble valgt ut fra 16 nominerte bidrag. Lyngstad har studert ved Den Danske Filmskole i København.

    Bilde tatt utenfor filmpalasset i Cannes før den berømte filmfestivalen startet.
    Foto: AFP