Hopp til innhold

Margreth Olin får Ullmann-pris

Liv Ullmanns ærespris vart i dag delt ut til filmregissøren Margreth Olin. – Dette tyder veldig mykje, seier prisvinnaren.

Liv Ullmann og Margreth Olin

Filmregissør og manusforfattar Margreth Olin fekk i dag Liv Ullmanns ærespris.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Prisen er eit stipend på 100 000 kroner, og vert delt ut annakvart år til ein kvinneleg filmkunstnar som har utmerka seg med eit særleg talent og eit kunstnarisk engasjement i norske filmar eller fjernsynsdrama.

– Det tyder veldig mykje, det er ein enormt sjenerøs pris, og det berører meg veldig å få han, seier Margreth Olin til NRK.

Juryen meiner at den største styrken til Olin at ho stiller skarpe og fundamentale spørsmål, og at ho lagar personlege og stilsikre filmer.

– Som ein sann dokumentarist deltek ho også i den offentlege debatten gjennom kronikkar og intervju. Ho deltek også aktivt i politiske prosessar, no sist under styresmaktene si heimsendig av asylsøkjarar i Noreg. Hennar siste film er basert på ei rå og umenneskeleg røynd, men er fortalt i ei skånsam spelefilm-form, av omsyn til hovudpersonen sjølv. Valet av og instruksjon hennar av Maria Bonnevie viser eit regitalent av internasjonalt format, skriv juryen for Liv Ullmanns ærespris i ei pressemelding.

Liv Ullmanns ærespris er innstifta av Den norske filmfestivalen A/S, Norsk filmforbund og Norsk filminstitutt. Tidlegare vinnarar er Ane Dahl Torp og Anja Breien.

Sjeldant nivå

Margreth Olin er regissør og manusforfattar, og har i hovudsak laga dokumentarar. Mellom dei mest kjende filmane hennar er Dei mjuke hendene (1998), Kroppen min (2002) og (2004).

Liv Ullmann

Skodespelar og regissør Liv Ullmann.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

I 2009 debuterte ho som spelefilmregissør med fiksjonsfilmen Engelen . Ho har mellom anna vunne Amanda for Dei mjuke hendene og Kroppen min. Margreth Olin har også engasjert seg mot innstrammingar i asylpolitikken, og stod bak aksjonen nestekjaerlighet.no .

Margreth Olin fortel at ho alltid har visst at ho skulle verte ein historieforteljar, men at det på ingen måte var opplagt at det skulle skje gjennom filmmediet.

– Liv Ullmann er ein kunstnar av stort format både som skodespelar og regissør. Ho har alltid vore der som ein inspirasjon. Liv Ullmann presterer på eit nivå som er sjeldant, også på verdsbasis. Å ha artistar som henne i Noreg tyder mykje, seier Margreth Olin.

Inspirasjon til Engelen

Inspirasjon til arbeidet med filmprosjekta sine får Margreth Olin gjerne gjennom musikk og andre filmar.

– Då eg jobba med Engelen var inspirasjonen Enskilda samtal av Liv Ullmann. Prestasjonane i den filmen er det beste ein norsk regissør har gjort, seier Margreth Olin.

Olin meiner at nettopp den personintruksjonen til Liv Ullmann, som gjer at skodespelarane presterer godt, er til stor inpirasjon når ho sjølv no arbeider med fiksjonsfilm.

Margreth Olin er no i gong med to nye filmprosjekt. Det eine er ein dokumentar som handlar einslege mindreårige saylsøkjarar som får midlartidig opphald i Noreg, og vert kasta ut når dei fyller 18 år. I tillegg held ho på med eit fiksjonsfilm, som ho enno ikkje vil seie noko om.

Liv Ullmanns ærespris vart delt ut i samband med Liv Ullmann-symposiet, som i dag vart arrangert til ære for Ullmann .

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.