Når Liv Ullmann gjestar sesongpremieren av «I Larsens leilegheit» i kveld, snakkar ho blant anna om tida som skodespelar i Hollywood.
Ullmann blei oppdaga av Hollywood i 1972 etter at ho hadde spelt hovudrolla i filmane «Utvandrerne» og «Nybyggerne» av Jan Troell. Ho kom blant anna på framsida til Time Magazine, kalla den nye nordiske stjerna i Hollywood.
Ingen amerikansk suksess
Ho spelte i fleire amerikanske filmar, men den store suksessen uteblei. Men det skuldast ikkje dårlege val, seier Ullmann i programmet.
– Eg har hatt mange merkelege fiaskoar i filmar eg aldri skulle ha vore med i. Men eg gjorde ikkje dårlege val. Eg fekk for mange tilbod. Alle spurte, og vi sa ja til for mykje.
Ein film Ullmann kunne ha spelt i, var «Sofies val» frå 1982. Men ting tok litt for lang tid, og til slutt sa regissør Alan J. Pakula at han syntest Ullmann ikkje hadde rett alder for rolla lenger. I staden gjekk rolla til Meryl Streep, som vann Oscar for innsatsen.
Og i 1985 kunne Ullmann spelt hovudrolla i filmen «Mitt Afrika», basert på sjølvbiografien til den danske forfattaren Karen Blixen. Men også denne gongen gjekk rolla til Meryl Streep.
– Men denne gongen handla det vel ikkje så mykje om alder. Det var andre som blei valde ut til å spele i filmen.
Ei siste filmrolle
Dei seinare åra har Ullmann jobba mest som regissør for film og teater. For tida er ho aktuell på Nationaltheatret med teaterframsyninga «Fortrolige samtaler», som også skal ut på turné med Riksteatret. Men Ullmann kunne godt tenke seg ei siste filmrolle før ho gir seg heilt.
– Det einaste eg kunne tenke å gjere no er å spele i film ein gong til. Men om det ikkje skulle skje, så er det greitt for meg. Eg har fått alt, og eg kan bruke livet mitt til å gjere andre ting enn å vere skodespelar eller regissør. Kanskje eg kan smake litt meir på det?