Hopp til innhold

Tvillingbroren om Robert Stoltenberg: – Eg er hans største fan

Dei var TV-stjerner på 90-talet, men har sidan gått to forskjellige vegar. – Vi hadde den snåle oppfatninga om at «viss eg blir kjend nok, blir eg lykkeleg». Men slik var det ikkje.

Harald Stoltenberg
Robert Stoltenberg

Tvillingane Robert og Harald Stoltenberg er like, men gått ulike karrierevegar.

Julia Marie Naglestad

Robert Stoltenberg er eit kjent fjes for mange.

Roy Narvestad og resten av karakterane i Borettslaget, sketsjane med Herman Flesvig, og nå miss Trunchbull i «Mathilda–The Musical» på Folketeateret har gjort Robert Stoltenberg til Noregs humorskatt.

Men visste du at han har ein tvillingbror? Og at dei saman var superkjendisar på starten av 90-talet?

Dei energiske og underhaldande tvillingane vart nemleg oppdaga av NRK og putta i TV-programmet «Panorama». Dei vart enormt populære.

Berømt og ulukkeleg

– Det var dette vi hadde drøymt om: «Berre vi blir berømte». Plutseleg var vi veldig kjende. Vi hadde den snåle oppfatninga om at «viss eg blir kjend nok, blir eg lykkeleg», fortel Robert i kveldens Lindmo.

– Slik var det ikkje, legg han vidare til.

Den morosame kvardagen korresponderte ikkje med korleis dei følte seg innvendig.

– Eg var i eit stadium i livet der eg måtte finne ut av meg sjølv, og det å vere homofil. Når du kjenner deg usikker på innsida, men på utsida presenterer eit bilete der du er blid og kul, blir avstanden stor. Og du blir endå meir ulukkeleg, seier Robert.

I tillegg var dei i ein fase der dei hadde behov for å lausrive seg frå kvarandre og finne sin eigen identitet.

– Så vi kutta heile greia, opplyser Robert.

Vanskeleg å bryte opp

Da hadde dei levd og gjort omtrent alt saman i 25 år. For fyrste gong skulle dei gå kvar sin veg.

– Eg synest det var veldig vanskeleg, for Robert gjekk ofte i bresjen for ting, men nå vart eg heilt åleine, fortel Harald.

Harald Stoltenberg hos Lindmo 16.09.22

Harald Stoltenberg er regissør, manusforfattar, utdanna diakon og psykoterapeut.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Han bestemte seg for å reise til Danmark. Der utforska han kunst, dansa ballett og gjorde ablegøye-teater.

– Det er så herleg å vere ein stad der den identiteten du har er den du har her og nå. Men det var også tøft fordi du måtte starte heilt på nytt, fortel Harald.

Støttar kvarandre trass krangling

Mens Harald kom tilbake til Oslo som diakon og psykoterapeut, levde Robert livet som humorstjerne på norske TV-skjermar.

Harald har ikkje hatt noko i mot å vere mindre synleg i rampelyset enn broren sin:

– Eg har alltid sagt at eg er hans største fan. Eg vil alltid klappe for han, seier Harald.

Nå har dei skrive boka «Turbotvillingene og den store kanonballkampen» saman. Den er basert på barndomen deira.

– Å jobbe saman med boka har vore kjempemorosamt. Vi har kome tilbake til der vi var, seier Robert.

Robert og Harald Stoltenberg

Robert og Harald Stoltenberg støttar og heiar på kvarandre.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Dei innrømmer at dei likar kvarandre sitt selskap, men har ikkje behov for å snakke saman kvar einaste dag.

– Vi kranglar veldig mykje, men vi har det også veldig hyggjeleg saman. Eg er veldig stolt av han, seier Robert.

Sjå Lindmo på NRK 1 fredag kl. 21.35 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.