Hopp til innhold

Kona tok opp lyden av sitt eige drap. No er ektemannen dømd til 16 år i fengsel

Mannen som drap den gravide kona si i Stjørdal er dømd til 16 år i fengsel. Han er også dømd for å ha late dei to små barna sine vere vitne til knivdrapet på mor deira.

En krimtekniker studerer noen spor på et stuevindu med en luper. Han er iført kjeledress, munnbind, hårnett og hasker.

UNDERSØKER: Ein krimteknikar gjør undersøkingar på åstaden i august 2023.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Trøndelag tingrett meiner tiltalte skal dømast til eitt år meir i fengsel enn påstanden frå aktor.

Lydopptak av drapet

Det var dårleg stemning mellom tiltalte og kona då dei stod opp den dagen som enda med drap.

Det fortalde tiltalte (27) i retten.

Kona (24) og dei to små ungane var mykje hos familien hennar i denne tida. Dei budde også i Stjørdal.

Då han kom heim ut på kvelden 26. august 2023, stod kona saman med søstera og mor si utanfor huset der dei budde.

Det vart ei ordveksling der søster til kvinna sa at det var vanskeleg å snakke med ein som var dum, utan at ho nemnde tiltalte ved namn.

– Eg var veldig sint inne i meg, sa tiltalte i retten.

Saman med kona og dei to ungane deira gjekk dei opp i leilegheita.

Allereie på vegen opp trappa starta kona opptaket på mobiltelefonen sin.

Dermed vart lyden av drapet dokumentert av avdøde utan at tiltalte visste om det før fleire månader etterpå.

Tiltalte erkjente straffskuld i mars i år, då han fekk vite om mobilopptaket.

Les også Lydopptak av drapet: – Eg skal bli verande ektefellen din

To krimteknikere fra politiet iført kjeledress, munnbind og hårnett står med lommelykt og peker på deler av et vindu. De har satt opp tre strimler på tape på vinduet.

Tiltalte til kona like før drapet: – Tek du meg for ein idiot?

Krangelen på opptaket dreier seg om at tiltalte meiner kona og ungane stadig vekk er hos familien sin i staden for å vere heime.

Det er nesten berre tiltalte si stemme som høyrest.

– Tek du meg for ein idiot?, spør han fleire gonger.

Han ber kona svare.

I bakgrunnen høyrest barnegråt.

Tiltalte har forklart at ungane sat i sofaen, nokre meter unna.

Åstedet for drap i Stjørdal august 2023.

ÅSTADEN: Drapet skjedde mens dei to barna til ekteparet var til stades i same rommet.

Foto: politiet

Etter om lag fire minutt høyrest ei klirring. Dette er truleg lyden av ei kjøkenskuffe som blir opna.

Tiltalte har forklart at han henta ein kniv. På opptaket høyrer ein kona skrike høgt.

– Svarer du meg no, spør tiltalte på opptaket.

– Ja, eg skal bli verande ektefellen din. Ikkje tenk på noko anna, seier kona.

Dette er det siste ho seier.

Deretter høyrest fleire høge hyl og kraftig barnegråt.

Etter å ha vorte stukke i halsen fire gonger, greidde kvinna å kome seg ut av leilegheita. Ho segna om i gangen.

På opptaket høyrer ein naboen i det fjerne som ringjer etter ambulanse.

Kvinna døydde av forbløding sjølv om ambulansen kom raskt til åstaden.

Kona ville ut av ekteskapet

Like etter drapet køyrde tiltalte til politistasjonen i Stjørdal. Der ringde han politiet. Samtalen vart spelt av i retten tysdag.

Her høyrer me tiltalte seie at han står utanfor politistasjonen og at han har med seg dei to barna sine.

– Eg har drepe kona mi, seier tiltalte.

En krimtekniker iført hvit kjeledress er på vei inni et telt. Han har også en hette på hodet, et munnbind på haka og blå engangshansker.,

Kvinna vart funnen død i gangen utanfor leilegheita. Teltet med kriminalteknikarane er sett opp ved inngangspartiet til bustadkomplekset.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Mobilen til avdøde vart funnen på stova.

Tiltalte erkjente ikkje straffskuld for drapet før han i mars i år fekk presentert lydopptaket som politiet hadde funne på mobilen til kona.

Under rettssaka fortalde fleire vitne frå mellom anna kommunen at avdøde ville ut av ekteskapet.

Flyktningkontakten skulle hjelpe kvinna med å få ein annan plass å bu for seg og barna. Men kona ville ikkje at mannen skulle vete om dette, fordi ho var redd for kva som kunne skje.

Tiltalte nekta i retten for både utruskap og at han visste at kona var gravid i 12 veke.

Tre dagar før drapet bad kona mannen om å køyre henne til Levanger på svangerskapskontroll. Han meinte ho kunne ta toget i staden.

Paret kom til Noreg for om lag fem år sidan. Begge er utanlandske statsborgarar frå eit land i Afrika. Dei hadde opphaldsløyve.

Politiets bilde av en blodig kjøkkenkniv. Kniven ble brukt i forbindelse med et drap. Kniven er 20 cm,
total lengde 34 cm.

Bladet på kokkekniven er på 20 cm og låg på kjøkenet.

Foto: Politiet

Fleire skjerpande omstende

Tiltalte gjorde ikkje noko for å hjelpe kona etter at ho vart knivstukken. Det kan ikkje utelukkast at livet hennar kunne vore redda om ho hadde fått førstehjelp med ein gong, meiner retten.

Tiltalte sa i retten at han freista å skjerme barna ved å ta dei ut av leilegheita med ein gong. Han nekta derfor straffskuld for grov mishandling ved å ha late barna vere til stades.

Retten er ikkje i tvil om at barna såg det som skjedde med mora.
Eit av barna har også snakka om dette etter drapet, ifølgje fleire vitne i rettssaka.

I tillegg til å miste livet måtte (N.N.avdøde) oppleve at dette skjedde foran sine barn og med et barn på vei.

Retten er sikker på at dette påførte henne angst og fortvilelse rundt barnas sikkerhet og fremtid de siste
minuttene hun var i live.

Trøndelag tingrett 7. mai 2024

Tiltalte er også dømd til å betale dryge 4 millionar kroner i erstatning til dei to barna sine.