Hopp til innhold

Trakassering er ein del av gaming­kvardagen: – Fått høyre at eg er ei hore

Trakassering mot kvinner har vorte «norma» i gaming, seier forskar. Lite har betra seg dei siste åra.

En kvinne sitter med hodetelefoner og ser mot en skjerm hvor hun spiller dataspill.

Det er tøft å vere kvinne i gaming. Dette er eit illustrasjonsbilete.

Foto: Colourbox

– Eg har fått høyre at eg er ei hore, at eg er stygg og at eg ikkje har noko å gjere med å game.

Det seier Madelene Johnsen (24) – eller «dishwasher», som er hennar gamingalias.

Kvifor oppvaskmaskin, lurer du kanskje på?

Det speler på ideen om at kvinner skal stelle på kjøkkenet – ikkje skyte i Counterstrike.

Det er ein av sleng­merknadene Madelene ofte får av framande med- og motspelarar i spelverda.

– Også har det vore mykje seksuell trakassering, der dei nemner valdtekt, legg ho til.

Madelene Johnsen

Madelene Johnsen frå Sandefjord speler Counterstrike kvar dag. Ho opplever mykje hets.

Foto: Privat

– Ein ukultur

– Ni av ti kommentarar er relaterte til at eg er kvinne, anslår Madelene.

Dette er ikkje noko nytt – men lite har skjedd.

Fleire undersøkingar viser at trakassering har vorte meir normalt i spelverda, og at jentene fell frå.

I ei undersøking frå Storbritannia kjem det fram at nesten halvparten av kvinnelege gamarar har vorte utsette for trakassering under speling.

I aldersgruppa 18 til 24 gjeld det 75 prosent.

– Alle opplever det, men kvinner får det på bakgrunn av at dei er kvinner, seier gamingforskar Beate Hygen om hetsen.

– Vil du kalle det ein ukultur?

– Absolutt. Det har vorte norma, at «sånn er det berre».

Forsker Beate Wold Hygen ved NTNU

Beate Hygen ved NTNU forklarer at trakassering er normalisert i spelverda.

Foto: Privat

– Ein av fire kvinner unngår multiplayer-spill. Veldig mange speler under mannlege alias og utan mikrofon, seier Hygen.

– Men er ein med på leiken, må ein tole steiken. Eller?

– Heile elleve prosent som blir utsette for dette, har fått depressive eller suicidale tankar. Så dette er ikkje noko alle toler.

CounterStrike: Source - de_train

Madelene sitt favorittspel Counterstrike.

Foto: Valve

– Rapportering er ikkje nok

Madelen har opplevd hets i spelverda i alle åra ho har vore gamar.

Så kvifor har det ikkje skjedd noko?

– Godt spørsmål, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medietilsynets direktør Mari Velsand

Mari Velsand frå Medietilsynet.

Foto: Mathias Fossum

Velsand meiner foreldre har eit stort ansvar.

– Snakk med barna om kva det er greitt å gjere i spel, seier ho.

NRKs spelekspert Rune Fjeld Olsen meiner spelbransjen må ta ein del av ansvaret.

– Dette er også litt kroner og øre, trur han.

– Når det har etablert seg at det er sånn ting er, så vil alle endringar skape reaksjonar frå ei stor gruppe sinte gamarar, som føler at verda deira er under angrep, seier han.

– Vi ser at blokkering og rapportering til spelselskapa ikkje er nok, seier Beate Våje, også frå Medietilsynet.

Vil slette den dårlege utviklinga

Medietilsynet sitt nye initiativ heiter «CTRLZ», og er ein YouTube-dokumentar om hets i spelverda.

– Eg vart med fordi eg synest det er viktig å snakke om, seier Julie Strømstad Stårvik.

Julie Strømstad Stårvik, gamer som er en av initiativtakerne bak kvinnenettverket Pushy Cat Dolls.

Julie Strømstad Stårvik er med i den nye serien «CTRLZ».

Foto: Gry Eirin Skjelbred

I serien fortel ho om initiativet Pushy Cat Dolls – ei gruppe for Call of Duty-spelarar som vil unngå trakassering frå menn.

– Viss det var kva som helst annan idrett, hadde ein ikkje godteke at det stod folk på sidelinja og ropte heilt forferdelege ting, seier Stårvik.

Nettverket Pushy Cat Dolls for bare kvinner på spillet Call of Duty.

Det har vorte oppretta fleire gaminggrupper for kvinner og ikkje-binære på grunn av all hetsen.

Foto: Gry Eirin Skjelbred

Gamingforskaren Hygen trur problemet vil ta lang tid å løyse:

– Det er ein kultur som har fått sett seg.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka