Æsj - eg vil ikkje ha fisk. Fisk er fælt!!
Mange foreldre har sikkert vore fortvilt mang ein gong over motstanden mot å prøve å skape et sunt alternativ rundt middagsbordet. Men no kan pipa fort få ein annan låt. 200 kilo sprellande fiskepølse har alt blitt fortært i ekspressfart. Testpanelet ved Matforsk var einige om at den beste varianten var den med laks, ost og gode krydder.
Mika Falch-Hansen er ein av dei fire som står bak og har utvikla ideen. Han fortel til Norgesglasset at pølsefisken blei fødd under arbeidet med ei oppgåve om kva som kan erstatte 10 prosent av hurtigmatmarknaden ved norske bensinstasjonar.
Hemmelegheitsfull i varmen
Førsteårsstudenten ved studiet i matvitskap ved Norges landbrukshøgskule (NLH) drar på det då han får spørsmål om pølsa snart er klar til å sendast ut på alle fat. - Vi arbeider med saka, er kommentaren. Han røper likevel at fiskepølsa er godt mottatt av flere interessante aktørar, og han og de tre medstudentane Elin Mittet Eriksen, Anders Johansen, og Kristin Bjering Lømsland kan ha skote gullfuglen fire år før dei er ferdige med sin mastergrad i produktutvikling og sunn og god mat ved NLH.
Noko for damene
Dei studerande produktutviklarane ser for seg at barn og unge kvinner er ei hovudmålgruppe for pølsefisken, som har fått det klingande namnet: Diggfisk. - Unge kvinner er jo opphengt i dette med vekt og kosthold, seier Mika. Vi har veldig stor tru på ideen, og eit slikt produkt er midt i blinken med den fokusen sunne produkt har i dag. Eg trur ikkje det treng å bli noko problem å ta 10 prosent av hurtigmatmarkedet på bensinstasjonane, proklamerer han.
Smak av suksess
Tida får vise kor godt både unge kvinner og andre bensinstasjonsspisarar måtte ta imot Diggfisk om studentane får fast fisk og får pølsa i produksjon. Enn så lenge kan dei suge på ein god bit laks og kose seg med produktet i litt mindre skala. For - etter den første vellykka testproduksjonen ved Matforsk i vår, så har dei no fått inn ei bestilling til hausten. Under UngForsk-arrangementet i haust er det pølsa til NLH-studentane som skal mette ivrige og interesserte forskarspirar.
Laksepølsa skal ikkje bli dyrare enn andre pølser som alt er på marknaden og den kan lagast og produserast på same måte som pølser med kjøt.
Du får "fast fisk" og kan høre innslaget som gikk på Norgesglasset dersom du klikker i mediaboksen over.