Norge Rundt inviterte dei eldre heltane til møte i Norges Olympiske Museum på Lillehammer for å gje liv til gamle prestasjonar. Og me garanterer eit hyggeleg stjernemøte i museet.
Det var i 1997 Norges Olympiske Museum sette seg til i Håkonshall på Lillehammer som ein naturleg tilvekst til kulturen etter OL i 1994.Etterbruksfondet dryssa ut nokre millionar kroner, og litt av det flotte resultatet blir å sjå i Norge Rundt som presentasjonsarena denne veka.
Historisk sus
Museet gir oss OL-historia fra antikken til Athen-OL i fjor. Det er ei spennande vandring i glansen frå nasjonale og internasjonale stjerner.
Programleder John Skien sammen med sitt store idol - spydkaster Egil Danielsen. Foto: NRK
Og i min idrettshimmel er Egil Danielsen den største. Då han sette verdsrekord i sommar OL i Australia i 1956 med å kasta spydet 85.71,tente han idrettsinteressa mi for alvor. Det var ein barndommens lykkerus som nesten er vanskeleg å forstå i dag, men som ennå sitrar i gledesnerva.
At eg sjølv nesten øydela armen av uvettig spydkasting som 12 åring, har eg forlengst tilgitt olympiameisteren frå Hamar. Og det er magisk å få møta han lys levande i museet, like blid og sympatisk som han alltid har vore.
Flotte idrettsprestasjoner
Og så Brusveen då. Kjent som tidenes trivlegaste radiokommentator i spann med Bjørge Lillelien. Men for oss som har levd ei stund er underet i Squaw Valley i 1960 eit av dei flottaste idrettsminna. Han kom seg så vidt med til OL det året. Forsesongen var miserabel, men då han blei plukka ut som sistemann og ettersendt over Atlanteren,slo han til med gull på 15 kilometeren. Jøss så populært i dei tusen heimane.
Uttrykket to etter Liaklev er blitt legendarisk. Her er mannen sjølv på OL-museet på Lillehammer. Foto: NRK
Og heilt til slutt nestoren blant norske OL-vinnarar: Reidar Liaklev. Han tok si gullmedalje i 1948 som krona på verket den gongen alle kom minst 2 etter Liaklev. Det uttrykket står ennå fast for å markera at det beste du kan håpa på er å bli nummer to etter den suverene meister. 88 åringen viser både gullmedaljen og det gamle glimtet i auge når han gjer æra på Norge Rundt og sjåarane denne fredagen.
Sjå Norge Rundt på NRK1 fredag 5. august klokka 19.30.
Sendinga vert ikkje gjort tilgjengeleg på web-TV. Årsaka er at NRK ikkje har lov til å publisere bilete frå OL-konkurransane på nettet.