Regissøren bak den norske suksessfilmen «Trolljegeren» André Øvredal er nå aktuell med filmen «The Autopsy of Jane Doe» med Emile Hirsch og Brian Cox i hovudrollene.
Filmen hadde USA-premiere 21. desember og på Twitter florerer det av lovord om filmen.
LES OGSÅ:
Sist ut er den amerikanske forfattaren Stephen King, som lovprisar filmen. Han kallar det ein «visceral horror», som best kan omsetjast til motbydeleg skrekk. King meiner den norsk-regisserte filmen er ein rival til «Alien», som var ein megasuksess då den kom 1979, og nå er som kultfilm å rekne.
Etter suksessen med «Trolljegeren» rant det inn med Hollywood-tilbod til den norske regissøren. Gjennom agenten kom det mellom 100 og 200 tilbod. Til Kulturnytt fortel Øvredal kva som gjorde at han valte å lage filmen om Jane Doe.
Høyr intervjuet med André Øvredal her:
– Då eg fekk tilsendt dette manuset blei eg fasinert. Det var ei fantastisk historie og verkeleg skummelt. Du blei omtrent livredd berre av å lese manuset.
«The autopsy of Jane Doe» handlar om to patologar som får eit lik inn på likhuset. Desto meir dei begynner å undersøke liket, desto merkelegare blir det.
– Har du sett mot sjangrar for å tilfredsstille Hollywood slik du trur dei vil ha det?
– Nei i grunnen ikkje. Eg har berre lagd den filmen som stod på papiret som best eg kunne. Eg kjenner alle dei klassiske grøssarane og har alltid vore glad i grøssarar sjølv, så det var enkelt å hoppe inn i.
– Ikkje sjå denne aleine skriv Stephen King på sin Twitter-feed, det er vel ein grei hyllest å få?
– Ja eg kom rett ut frå ein førpremiere i går kveld og såg denne tweeten til Stephen King, som eg fekk tilsendt av James Wan (regissøren bak skrekkfilmen «Saw»), fortel ein kry Øvredal til NRK.
Den norske regissøren fortel at han nå har eit nytt prosjekt på gang.
– Den heiter «Torden» og er ein norsk actionfylt kjærleiksfilm med overnaturlege element som finn stad på Vestlandet, fortel Øvredal.