Hopp til innhold

Stemte ned omstridd piratavtale

I dag stemte Europaparlamentet i Strasbourg ned anti-piratkopieringsavtalen ACTA. No skal saka opp i europeisk domstol.

BELGIUM/ Demonstrators hold a placard during a rally protesting against ACTA in Brussels

I dag stemte Europaparlamentet i Strasbourg over ACTA. Det har vore mykje motstand mot avtalen.

Foto: LAURENT DUBRULE / Reuters

ACTA, som står for Anti-Counterfeiting Trade Agreement, skulle stramme inn kontrollen av Internett og piratkopiering. Etter fem år med EU-krangling vart avtalen i dag skrinlagt av Europaparlamentet, med 478 stemmer mot 39.

Avtalen har tidlegare fått nei frå totalt fem komitéar i EU, og har møtt mykje motstand, fordi den går inn på korleis ein bør kontrollere og overvake internettdistribusjon og informasjonsteknologi.

Etter avstemminga viste folk i salen plakatar som las «Hello Democracy, Goodbye ACTA».

Prøvde å redde avtalen

Gruppa til Dei Europeiske Grøne, som det norske Miljøpartiet Dei Grøne og svenske Piratpartiet er med i, var blant dei som stemte mot.

Men Europaparlamentet tar ikkje ei endeleg avgjerd før saka har vore oppe i den europeiske domstolen.

ACTA-supporterane gjorde eit siste forsøk på å redde avtalen i den siste debatten i går, og ba domstolen om å sjå på avtalen. Det kan ta opptil eitt år før dei kjem med si avgjerd. Då vil parlamentet igjen sjå på saka.

Brot på opphavsretten

– ACTA skulle vere overnasjonale reglar for brot på opphavsretten og piratkopiering. Det handlar om kor langt staten skal gå i slike saker i møte med mellom anna personvern, forklarar Torgeir Waterhouse, direktør for Internett og nye medier i IKT Norge, til NRK.no.

– Det er ein kort veg frå vern av opphavsretten til å omfattande gripe inn i mellom anna personvern, ytringsfridom og innovasjon, og mykje er uklart i avtalen.

LES: – Mobiliseringa er styrt av dei store selskapa

«ACTA handlar ikkje om å sjekke private PC-ar eller smarttelefonar ved grenseovergangar. ACTA er mot piratverksemd; men piratverksemd er ikkje det same som å dele innhald. Å dele innhald er berre ulovleg dersom innhaldet er ulovleg», står det i avtalen.

Ein Wikileaks-lekkasje

Torgeir Waterhouse

Torgeir Waterhouse, direktør internett og nye medier ved IKT Norge.

Foto: Pressebilde / IKT Norge

ACTA vart først halde hemmeleg, men vart kjent gjennom Wikileaks i 2008. No ligg alle dokumenta og prosessen opent på Internett.

Waterhouse trur hemmeleghaldet rundt ACTA er ein av grunnane til den store motstanden.

– Ein veit ikkje heilt kva slags hemmelege avtalar som har blitt gjort, og dei fleste landa har stått utanfor. Det har til dømes vore uklart om EU-landa automatisk må rette seg etter ein slik avtale, og det har vore oppfatta som eit forsøk på å omgå dei ordinære demokratiske prosessane, seier han.

– ACTA begynte som ein overnasjonal avtale, med utgangspunkt i USA. EU har vore ein forhandlingspart i ACTA. Det er noko av det problematiske - å samkøyre på tvers av landegrenser og lage ein internasjonal avtale, seier han.

LES: Dømt til å stenge pirat-nettsted

– Allereie forbode

Gisle Hannemyr, universitetslektor i informatikk ved Universitetet i Oslo, omtalar ACTA som ein handelsavtale med visse strafferettslege konsekvensar.

– Den har møtt forbausande mykje motstand, ikkje minst med tanke på kva som står i den. Det som dei vil forby med ACTA, er allereie forbode, både i Noreg og i EU, uttalte han til NRK i går.

LES: Piratene vil omgå «internettdøden»

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.