Sopa er eit amerikansk lovforslag som er meint å beskytte opphavsrett slik at når krenkingar av opphavsretten skjer utanfor USA, så vil ein blokkere amerikanske forbrukarar sine tilgangar til desse nettstadane.
IT-forskar Gisle Hannemyr trur store selskapar med står bak protestane av finansielle årsaker.
Foto: Thor Henry Bjor / NRKDebatten om lovforslaget har rast i mange månader, og i dag har store nettstadar som Wikipedia og Reddit stengt sidene sine i protest, fordi dei meiner lova er eit brot på ytringsfridomen.
- LES OGSÅ:
- LES OGÅS:
– Ikkje eit genuint grasrotoppgjer
Ein av dei som ikkje vil kaste seg på motstandsbølgja er forskar ved Institutt for informatikk ved UiO, Gisle Hannemyr. Han peiker på at mange store selskapar har ein økonomisk interesse av at lovforslaget ikkje vert vedteke.
– Eg trur ikkje at denne veldige mobiliseringa som me no ser mot SOPA og PIPA er eit genuint grasrotoppgjer. Eg trur at ein del store selskap ser botnlinja si truga av dette forslaget, som Google, Yahoo og YouTube, ikkje ønskjer dette forslaget fordi det legg større krav til deira eigne rutinar som vil koste pengar.
– Dei har klart å mobilisere dette som et grasrotoppgjer.
(artikkelen held fram under biletet)
Slik ser det ut dersom du i dag prøvar å gå inn på den engelskspråklege versjonen av Wikipedia.
Foto: ApMeiner forslaget manglar rettstryggleik
Men Hannemyr ser likevel openbare problem med lovforslaget slik det no ser ut.
– Lovforslaget slik det no ligg føre er svært problematisk. Blant anna fordi det manglar visse rettstryggleiksgarantiar i det. Sjølve grunnideen bak forslaget er noko me har mykje erfaring med i Noreg. Me har gjort dette sidan 2004 i form av eit filter som alle norske nettleverandørar har for å stoppe andre ulovlege ting, som overgrepsbilete mot born.
Demonstrasjonane har blitt større og større i omfang dei siste vekene.
Foto: STAN HONDA / AfpHan meiner måten dei har valt å implementere det på i USA er for dårleg fordi dei ikkje har teke stor nok høgde for rettstryggleiken og ytringsfridomen.
Hannemyr er redd for at lova skal føre til at viktig journalistiske nettstadar, som til dømes WikiLeaks, vert råka.
– Er dette starten på sensur på internett?
– Etter mi meining, nei. For det første er det ikkje starten, me har halde på med dette i 8 år i Noreg. Dersom ein klarar å få på plass dei største rettstryggleiksgarantiane så kan dette bli gjennomført som ein form for nettregulering utan at ytringsfridomen vert skadelidande.
– Forslaget går for langt
Jon Wessel-Aas håpar at protestaksjonane vil føre fram.
Foto: Nina Didriksen / NRKAdvokat og ytringsfridomsspesialist Jon Wessel-Aas støttar intensjonane i lovforslaget om å stoppe ulovleg innhald på nett, men meiner det går alt for langt.
– Problemet med forslaga er at det går alt for langt og kan føre til at heile nettstadar blir stengt frå nettet som kan innehalde lovlege ting.
Wessel-Aas meiner eit av dei største problema med lovforslaget er at det vil vere tilnærma umogleg for eit selskap å protestere dersom dei blir sperra for amerikanske nettbrukarar.
- LES OGSÅ:
– Det er også ein fare med så drastiske metodar med liten rettstryggleik at det kan misbrukast til å råke nettstadar som driv med kritisk verksemd, til dømes offentlege dokument som nokon har opphavsrett til, men som viser at statar gjer seg skuldig i kriminalitet.
–Eit veldig godt eksempel er WikiLeaks som lastar opp dokument som andre har opphavsrett til, men som gjer det for å avsløre kriminalitet.
– Kven står denne krigen mellom?
– Denne krigen står mellom alle oss, og dei kommersielle kreftene som vil beskytte sine interesser på ein altfor drastisk måte.
Wessel-Aas meiner det kan ha ein effekt at store nettstadar som Wikipedia og Reddit har gått ned i protest mot lovforslaget.
– Kanskje politikarane vil tenkje seg om to gonger, avsluttar han.