Hopp til innhold

Spiderman dundra i bakken

Midt i andre akt gjekk kabelen som heldt Spiderman oppe, tvers av. Han fall ti meter rett i bakken.

Spider-man hang i lufta etter tau

Bilde frigitt frå The O and M Co., viser Spider-man som heng opp-ned i lufta i musikalen «Spider-Man: Turn Off the Dark» i New York.

Foto: Jacob Cohl / Ap

Ein publikumar fortel til BroadwayWorld at noko gjekk gale då rollefiguren Spiderman skulle redde ein av dei andre rollefigurane, kjærasten MJ, frå å falle i bakken mot slutten av musikalen «Spider-Man: Turn Off the Dark». Stykket er sett opp på Broadway i New York.

– Spiderman kasta seg ut, og vi kunne sjå at tauet rauk. Ei stund seinare høyrde vi stemma til inspisenten, som sa at det kom til å bli ein pause i førestillinga, fortel augevitnet.

– Det var mørkt eit par minutt, før lyset kom på og førestillinga vart avlyst.

Skrik frå bakken

Regissøren og Spiderman

Regissør Julie Taymor og Spiderman-skodespelar Reeve Carney på scena i Broadway. Det er usikkert om Carney sjølv utførte stuntet som gjekk feil.

Foto: Charles Sykes / Ap

Augevitnet seier publikum reagerte med mistru, og at dei fleste tenkte «såg eg verkeleg dette».

Frå staden der skodespelaren fall, kom skrik som augevitnet tolka at kom frå MJ-skodespelar Jennifer Damiano.

Augevitnet fortel at publikum gjekk frå å vere forskrekka over fallet til å bli bekymra for korleis det skulle gå med Spiderman.

Då augevitnet gjekk frå teatret, såg ho at både ein ambulanse og ein brannbil var på staden.

Brukte lang tid

Eit anna augevitne fortel at utrykningsbilane var der for å ta med seg Spiderman.

– Personen som vart frakta bort, var han som spelte Spiderman. Han prøvde å reise seg, men scenearbeidarar sa at han ikkje måtte røre seg.

Dette vitnet fortel at ambulansepersonell ikkje brukte utstyr som tilsa at dei frykta at ryggen til den uheldige skodespelaren var øydelagd.

– Ambulansen var på staden lenger enn venta, noko som får meg til å tru at skaden ikkje er kritisk, seier han.

Fall 10 meter

Ein talsperson for førestillinga seier det ser ut til å gå bra med skodespelaren.

– Det er berre gode signal frå sjukehuset. Vi kjem tilbake med oppdateringar når vi veit meir, seier han.

BroadwayWorld opplyser at det ikkje var meininga at Spiderman skulle hoppe. Han skulle ifølgje dei springe til slutten av ein rampe som om han skulle hoppe, men så skulle lysa gå av.

– Kabelen som rauk, er den som skal stanse han frå å springe utfor kanten. Det var denne som svikta. Spiderman fall omtrent 10 meter, skriv dei.

Spider-Man Fall

Musikalen om Spiderman på Broadway i New York.

Foto: Kathy Willens / Ap

Åtte år forseinka

Musikalen skulle ha si første offisielle framsyning 11. januar, men denne er skubba bakover til 7. februar.

Det er slett ikkje første gong at musikalen er utsett. Folka bak har brukt 65 millionar dollar på å få han klar.

Når dørene opnar for publikum, vil det vere meir enn åtte år sidan ideen vart fødd.

Regissør Julie Taymor og Bono og The Edge frå U2, som skreiv musikalen, har hatt store vanskar med utsettingar og pengemangel.

U2-profilane Bono og The Edge

U2-profilane Bono og The Edge har venta lenge på å få stykket sitt på scenen.

Foto: SETH WENIG / AP

Mange uhell

Også ved tre tidlegare høve har skodespelarar kome til skade under øving, inkludert ein som braut begge handledda i eit luftig stunt.

På den første prøven 28. november, gjekk det også gale. Musikalen måtte stanse fem gonger på grunn av tekniske problem.

På same øving, fekk skodespelaren Natalie Medoza, som spelar den onde Arachne, eit tau i hovudet og pådrog seg hjerneristing. Ho var sett ut av spel i to veker etter uhellet.

Etter at Spiderman gjekk i bakken, er det ikkje klart kva som skjer med oppsettingar i framtida. To framsyningar som skal gå onsdag, er ikkje avlyste per no, skriv BroadwayWorld.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters