Hopp til innhold

Spelte seg god på andrefiolin

Gjermund Larsen er ein av Noregs beste felespelarar, men det er som andrefiolinist i samspel med storebror han har funne mykje av særpreget. Sjå dei på heimebane i Verdal!

Gjermund og Einar Olav Larsen spelar "Trønderbarokk" av Gjermund Larsen.

Gjermund Larsen og broren Einar Olav (i forgrunnen) i samspel heime på familiegarden i Verdal. (Foto/redigering: Fred Olav Vatne)

Landskappleik- og Spellemann-vinnar Gjermund Larsen har nyleg gitt ut sitt tredje album med eigen trio, og kjem rett frå turnéavslutning i Bergen når vi møtest på familiegarden i Verdal, der han no bur med familien på fire.

Les melding av albumet «Reise»: Musikalsk poesi

– Samspelet sit i fingrane og i kroppen

Gjermund har godt musikalsk selskap på garden: foreldra Geir Egil og Maj Britt er folkemusikarar og -dansarar, og storebror og felespelar Einar Olav har også flytta heim til bygda.

– Vi har jo spelt i lag så lenge eg kan hugse, seier Gjermund Larsen.

– Samspelet sit i fingrane og i kroppen. Vi treng ikkje øve i fem timar for å finne kvarandre, det kjem på første tonen.

Det aller tettaste samspelet har Gjermund med storebror Einar Olav Larsen. Dei spelte inn plate i lag i 2004, og har spelt saman med mellom andre Trondheimsolistene og søstrene Hemsing.

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen ved kjøkkenbordet heime i Verdal.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Eg har eit lausare forhold til melodien

To år eldre Einar Olav var allereie reine ringreven då Gjermund tok opp fela i seksårsalderen, og det vart eit opplagt og etter kvart etablert mønster at storebror tok seg av førstestemma – noko som har sett sitt preg på Gjermunds spelestil.

– Det er stort sett framleis Einar Olav som spelar førstestemma når vi spelar i lag, seier Gjermund.

– Eg har fått lov til å spele andrefiolin, og improvisere og leike meg litt. Det har vore viktig for utviklinga av meg som musikar og komponist, eg har hatt eit litt lausare forhold til melodien.

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen under konsert på Columbi Egg i Bergen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Øvde medan han låg i sofaen

Sine første konsertoppdrag hadde Gjermund og Einar Olav på sanitetshuset nokre steinkast unna, med twistposar og kanskje ein femtilapp som betaling – stor stas den gongen. Men det var ikkje alltid enkelt å få Gjermund på scenen:

– Før ein konsert i tredje klasse, fann han plutseleg ut at han ikkje ville spele, fortel faren Geir Egil.

– Så gjekk han og låste seg inn på toalettet. Men etter å ha vore der ein halvtimes tid, ombestemte han seg.

Særleg belastande var det ikkje for brørne å spele fiolin, dei var aktive på fleire frontar og hadde nok av jamaldringar som dreiv med det same. Gjermund hadde dessutan sin eigen måte å lette byrdene på:

– Han var veldig god til å øve medan han låg i sofaen, fortel Einar Olav.

Fann sin eigen måte å spele på

Gjermund Larsen har etter kvart utvikla ein unik sjangerbreidd: Han har samarbeidd med Odd Nordstoga, jazzmusikar Christian Wallumrød og bluesmusikar Reidar Larsen, og laga barneplate med Bom Basker – for å nemne noko.

– Eg har eksperimentert mykje, spelt med musikarar frå ulike sjangrar og late meg påverke av dei, seier han.

– Eg har hatt lyst til å finne min eigen måte å spele på, og har funne fram til det over fleire år. Eg hadde ein god læremeister på Musikkhøgskolen, Per Sæmund Bjørkum, som lærte meg ulike teknikkar for å få ulik lyd. Så brukar ein sin eigen smak etter kvart, og utviklar den tonen ein høyrer for seg i sitt indre.

Sjå video: Kontorkonsert med Gjermund Larsen Trio

– Fiolinen ligg i lag med leikene

Larsen budde på Sinsen i Oslo i ti års tid, men dei to siste åra har han gradvis flytta familien på fire heim til heimbygda Verdal, der han no bur i kårstua på familiegarden medan det nye huset deira i sentrum vert innflyttingsklart.

Den sterkaste motivasjonen for å flytte heim heng i glas og ramme på veggen. To flotte lysluggar kom med 14 månaders mellomrom, og timeplanen trong eit par sett besteforeldre for å gå opp.

Det vert framleis mange reisedøgn for Gjermund Larsen, men han ønskjer også å bidra i heimbygda: musikk til eit lokalt teaterstykke til hausten er under arbeid, og seinare kan det bli konsertar og undervisning – kanskje også i heimen?

– Eg må vel innrømme at eldstemann på snart tre år har fått seg ein fiolin, ler han.

– Gutane er svært opptekne av at eg spelar fiolin, men eg har ingen planar om å presse nokon til å spele. Fiolinen ligg i lag med leikane, og av og til er det artig for den eldste å ta den fram og stryke litt på den. Så kastar han den frå seg og går vidare.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP