– Dette kontoret er nok inne på topp tre over små lokale eg har halde konsert i, sa Gjermund Larsen etter kontorkonserten i MICs lokaler i Oslo.
– Eg har halde nokre privatkonsertar heime i stovene til folk, men bortsett frå det er nok dette det minste. Det var artig!
Solist på Spellemann-vinnar
Gjermund Larsen Trio gav ut andrealbumet Aurum sist haust. Albumet vart nominert til Spellemannsprisen for folkemusikk, som trioen fekk for førstealbumet Ankomst (2008), og i klassen for beste populærkomponist.
Gjermund Larsen var også solist på Trondheimsolistene sitt album In folk style som vann prisen for klassisk musikk.
Lagar ny folkemusikk
Då
sist haust, var den 29-årige frontfiguren tydeleg på at han reknar musikken han lagar som folkemusikk, sjølv om han meiner mange reagerer negativt på den merkelappen.Gjermund Larsen byrja å spele som femåring, og tv-debuterte då han var seks – saman med faren Geir Egil og broren Einar Olav. Dei to brørne spelar framleis ofte i lag, og har vunne fleire prisar ved Landskappleiken.
Les:
Bigbang måtte utsetje
22. mars skulle det etter planen vere kontorkonsert i Fredrikstad, der datafirmaet
om å få vere kontorkonsertarena for Bigbang.Bigbang måtte dessverre melde forfall til konserten på grunn av sjukdom, og konserten hos Prediktor er utsett inntil vidare.
Bernhoft og Eick opna kontoret
Kontorkonsertane er ein serie på åtte konsertar som NRK arrangerer i samarbeid med MIC Norsk musikkinformasjon.
Her kan du sjå den første kontorkonserten med Jarle Bernhoft:
Her kan du sjå kontorkonserten med Mathias Eick Band:
Her kan du sjå kontorkonserten med Christianssand String Swing Ensemble: