- Det er som ein del av mannen min lever vidare gjennom Tom Andre, fortel Bente Myklebust. (Foto: Knut Arne Aarset)
Bente Myklebust sin mann døyde i ei bilulukke i Rotset-tunnelen i Volda sommaren for to år sidan. Dagen før gravferda fekk ho vite at ho var gravid. I dag er sonen deira Tom Andre 17 månader.
- Eg er kjempeglad for å ha fått Tom Andre. Det er som ein del av mannen min lever vidare gjennom han. Men svangerskapet var tøft. Eg torde ikkje kjenne på gleda over å skulle få ein son, fordi eg då også måtte kjenne på den bunnlause sorga over å ha mista mannen min.
- Eg var redd det skulle gå utover Tom Andre. Først etter at sonen min blei fødd har eg fått bearbeida sorga , fortel Bente Myklebust til Norgesglassets reporter Kjetil Lillesæter.
Bente Myklebust i samtale med Kjetil Lillesæter om korleis det er å leve med sorg og glede hand i hand. (Foto: Knut Arne Aarset)
Ho er no med på å danne støttegrupper for unge etterlatte under 55 år.
I Norgesglasset er Bente Myklebust med inn i Rotset-tunnelen der mannen hennar og ein kamerat omkom i den tragiske bilulukka.
- Det er som å kome inn i ei grav. Mange gongar har eg vore sint og fortvila, fordi bilen hadde så høg fart. Med å fortelje om det som skjedde vonar eg at fartsglade bilistar kan kome på betre tankar, seier Bente Myklebust.
Ho fortel også om sårande kommentarar frå folk etter ulukka. - Du seier ikkje: "Det nok var ei meining med det" til eit menneske som er i sorg. Det beste er å uttrykke at du tenkjer på den som har det vondt, fortel ho i Norgesglasset i NRK P 1 kl 13.05.
Kvar dag i Norgesglasset i NRK P1 denne veka får vi høyre korleis Bente Myklebust har levd med sorg og glede så tett inn på livet.