Hopp til innhold

Sondre Justad om Pride-markeringa: – Vil ta tilbake dagen

Sondre Justad hadde vanskar med å akseptere seg sjølv. På laurdag deltar han i den utsette Pride-markeringa. Han vil ta tilbake dagen etter skytinga i Oslo i juni.

Sondre Justad hos Lindmo i september 2022

Artisten Sondre Justad var prega etter Oslo-skytinga. Nå vil han ta tilbake Pride.

Foto: Astrid Hernholm

– Eg ville bort med halvsanningane eg hadde forheldt meg til.

Den populære songaren frå Henningsvær har i fleire år toppa hitlistene med låtar som handlar om sårbare, fine og vanskelege ting i livet.

I vår bestemte han seg for å vere totalt ærleg med seg sjølv. På sosiale medium fortalde han at han hadde fått seg kjærast. Ein gutekjærast.

Prosessen om å seie det høgt til seg sjølv og fansen var vanskeleg.

– Det gjekk grøsningar i kroppen, men eg landa ein tekst eg kunne stå for.

– Eg hadde sjukt høg puls, var klam under armane mens eg sat med kjærasten. Så trykka eg publiser, seier han til Lindmo der han er gjest i kveld.

God gjerning

Justad fortel at han kjente på ein enorm lette over at han ikkje lenger hadde noko å skjule.

– Det var som om eg hadde gjort ei god gjerning overfor meg sjølv og i beste fall hjelpt andre som trengde å høyre det, understrekar han.

I sommar gleda han seg til å feire Oslo Pride, men det som skulle vere hovudstadens største feiring av skeiv kjærleik og mangfald enda i tårar.

Påverka av hendinga

Natt til 25. juni vart to personar drepne og fleire skada etter skytinga ved Per på hjørnet og London Pub. Sistnemnde er kjent for å vere ein samlingsstad for homofile.

Justad var på veg frå Trondheim til Oslo den natta. Han brukte reisevegen til å sende meldingar til venar og kjenningar for å sjekke at dei var i tryggleik.

Sondre Justad - Neonfestivalen 2022

Sondre Justad var Neonfestivalen i sommar og reiste heim til Oslo den natta angrepet skjedde.

Foto: Morten Skogly / NRK P3

– Eg kjente det sterkare på kroppen enn eg hadde trudd at eg skulle. Til å ikkje ha vore der, meiner eg. Eg vart veldig påverka av hendinga, innrømmer artisten.

Vanskelegare å vere homofil

Bård Nylund er tidlegare leiar i det som nå heiter foreininga FRI. Han var blant dei som opplevde angrepet på nært hald.

Nylund stod utanfor London pub og tok ein røyk i det smella kom. Han vart vitne til skot og at gjerningsmannen vart overmanna til slutt.

Han trur at det har det blitt vanskelegare å vere skeiv i Noreg etter angrepet.

For nokre har redselen bite seg fast, seier Nylund.

Han peiker på at rettane for homofile er godt fundamentert i den norske folkesjela, men:

– Eg trur angrepet kan ha hatt påverknad for skeiv livsutfolding. Ein gjer i større grad vurderingar nå enn tidlegare på om ein kan leie kjærasten sin på gata, fortel han.

Bård Nylund hos Lindmo september 2022

Bård Nylund, ei tydeleg stemme i homokampen i mange år, opplevde angrepet i Oslo 25. juni på nært hald.

Foto: Astrid Hernholm / NRK

På laurdag blir Pride markert med regnbogetog i forbindelse med angrepet.

– Omgitt av kjærleik

Både Nylund og Justad skal dit.

– Eg har lyst til å ta tilbake dagen, og vere omgitt av kjærleik ein heil dag, seier Justad.

Nylund håpar at flest mogleg kjem.

– Eit samfunn må ta vare på minoritetane sine. Det må vere alle sitt ansvar, understrekar han.

Få med deg Lindmo på NRK 1 kl. 21.35 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters