Hopp til innhold

Snakkar politikarane sant?

No kan du kontrollere om påstandane til politikarane er riktig. Bergens Tidende har lansert ein nettstad der politikarpåstandane vert faktasjekka.

faktasjekk.no
Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

faktasjekk.no kan du sjekke om Siv Jensen eller Kristin Halvorsen faktisk snakkar sant.

- Vi vil ettergå påstandane som kjem i valkampen, seier journalist i Bergens Tidende Helge O. Svela.

Inspirasjon frå amerikansk valkamp

Saman med kollega Christian Lura har han utvikla nettstaden der politikarane no blir ettergått i saumane. Inspirasjonen henta dei frå den amerikanske valkampen i fjor haust.

- Vi tenkte at nettstaden politifact.com også måtte vere eigna for det norske stortingsvalet, fortel Svela.

Dei to journalistane skal ta for seg påstandar frå politikarane fram til valdagen. Dei researcher fram sakene og kjem med innspel. Den endelege avgjerda er det redaktørane i avisa som står for.

- Faktasjekken er eit meiningsbærande utsegn for Bergens Tidende. Vi som gjer researchen skal ikkje sitte å felle dommen, seie Svela.

Gjer debatten betre

Og responsen frå politikarane let ikkje vente på seg.

- Kult, seier Trine Skei Grande i Venstre før ho fortsetjer:

- All kontroll er artig, sjølv om det går utover meg sjølv.

Ho meiner ein slik nettstad er med å gjere debatten betre.

- Det kjennest rettferdig fordi ein ikkje kan slå rundt seg med tal viss ein ikkje snakkar sant, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters