Hopp til innhold

– Eg fall om med alvorlege forstyrringar i hjarterytmen

Bruk av slankedop blei ei skrekkoppleving for 23 år gamle «Mathilde». No advarar ho andre mot å bruke illegale slankeprodukt.

Kvinne som lider av spiseforstyrrelser (Ill.foto)

– Helserisikoen er for stor og resultatet ikkje verdt det, seier «Mathilde» om slankedopet ho brukte (Ill.foto).

Foto: Lisa MARCELJA/colourbox.com / PHOTOPQR/LE DAUPHINE LIBERE

Bruk av illegale dopingmiddel for å gå ned i vekt kan vere effektivt, men veldig farleg. Mange veit ikkje om dei mange biverknadane eller at det er straffbart å omsetje slankedop.

23 år gamle «Mathilde» brukte slankedop og hadde spiseforstyrringar. På e-post svarte ho NRK på desse spørsmåla:

– Kva fekk deg til å begynne?

Ung kvinne med spiseforstyrrelser (Ill.foto)

– Eg merka det frå dag ein psykisk, det gjorde meg irritabel og deprimert, fortel «Mathilde» (Ill.foto).

Foto: Lisa MARCELJA /colourbox.com / PHOTOPQR/LE DAUPHINE LIBERE

– Når ein er spiseforstyrra gjer ein alt for å gå ned i vekt, det som er viktig å huske er at spiseforstyrring er destruktiv psykisk åtferd der mange kan gå svært langt. Å bruke slankepreparat og ikkje ete var for meg symptom på skikkeleg innebygd sjølvhat.

– Korleis fekk du tak i produkt, og var det vanskelig?

– Fekk lett kjøpt det på nett, innimellom kom ikkje produkta gjennom tollen. Men stort sett veldig lett å få tak i, hadde også ein kontakt som selde til meg.

– Kor mykje brukte du, kva for typar og kor lenge?

– Første eg gjekk på var: Herbal Dynamite Stacker T2 550mg tab, 10% ephedra extrakt, 200mg kola nut, 100mg white willow bark, Chromium picolinate, koffein. Då tok eg ei pille om dagen i hundre dagar.

Andre typen eg gjekk på var: Yellow Caps, the strongest Energizer, 750mg tab, står ikkje kor mye det er av kva, berre at det inneheld Ephedra extr, Kola Nut, Cafeine, Grape seed extr, calcium phosphate, magnesium stearate, activated carbon, gelantin. Brukte dette i åtte veker.

Tredje og siste typen eg gjekk på var Ultimate Burner Thermogenic formula som inneheld: Ma Huang 300 mg, caffeine 125mg, white willow 125mg, gelantin, cellulose, dicalcium phospahate, magnesium stearate. Gjekk på dette i ca åtte veker.

(Saken fortsetter under bildet)

Piller

Det var lett for «Mathilde» å få kjøpt de ulike slankeprodukta på nettet (Ill.foto).

Foto: Mikkel Hagström, Kaliberfoto.dk / Colourbox.com

– Når fekk du problem og korleis arta dei seg?

– Eg merka det frå dag ein psykisk, det gjorde meg irritabel og deprimert. Fekk veldig kort lunte og behandla folk ganske uhøfleg uten å eigentlig ha lyst til det, men siden eg rasa ned i vekt klarte eg ikkje slutte på grunn av anoreksien. Det ble ein vond sirkel eg ikkje kom ut av før eg fall om med alvorlege forstyrringar i hjarterytmen. Eg trudde pumpa skulle hoppe ut av brystet mitt. Klarte heller ikkje å sove noko særleg fleire dagar på rad, var alltid kjempetørst og drakk gjerne tre liter vatn om dagen.

– Kva har du høyrt om andre som brukar slike preparat - trur du det er vanleg i sammenheng med spiseforstyrringar?

– Eigentlig trur eg det er meir vanleg blant folk i idrettsmiljøet som vil kjapt ned 10-12 kilo, som ein lett fiks. Eg trur også det er vanleg blant folk som tror dei har add/adhd som ikkje har fått utgreiing og som i staden sjølv medisinerer. Eg sett ein del jenter snakke om det på idrettsforum, men ikkje på Pro-ana nettsider. Der står det litt av kvart av lite smarte tips for å gå ned i vekt.

– Kvifor vil du åtvare andre mot å bruke slankedop?

Helserisikoen er for stor og resultatet ikkje verdt det. Det er betre å trene og ha eit normalt kosthald. Eg er ganske sikker på at sånne piller kan skade organ og psyken, samstundes som vekttapet ikkje er varig, berre ein lett fiks og juks for å rase ned i vekt. Folk mister heilt kjensla av svolt og gløymer å ete. Når kuren er over er forbrenninga kraftig redusert, då legg ein på seg mesteparten og kanskje endå meir enn då du starta. I tillegg får mest alle masse kviser, sidan talgproduksjonen aukar kraftig.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters