Hopp til innhold

Dobbelt så mange tatt for steroide-bruk i fjor

Dop-aksjonane mot treningssentera i Rogaland har ført til at langt fleire er tatt for bruk av anabole steroidar i fjor enn året før. Men politiet trur framleis mørketala er store.

Dopingbeslag etter politiaksjon på treningssentre i Rogaland i juni 2016

Dopingbeslag etter politiaksjonen på ulike treningssenter i Rogaland sommaren 2016. Over 20 personar blei arresterte og sikta.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Over dobbelt så mange er tatt for steroidebruk i 2016, samanlikna med året før i Sør-Vest politidistrikt.

I 2016 var det 103 brukarsaker, mot 46 i 2015, viser politiet sin statistikk for 2016.

Politispesialist Erik Håland forklarer auken med politiet sin storaksjon mot tre treningssenter frå Egersund i sør til Stavanger i nord i juni i fjor, kor mellom 20 og 30 personar blei arresterte og sikra for oppbevaring og/eller bruk av dopmiddel.

Ein aksjon som også blei kritisert av blant andre Vilde Waksvik, ei av dei fremste i kroppsbyggarmiljøet i Norge.

I tillegg var det ein liknande aksjon på Haugalandet.

– Den store auken i brukarsaker kan forklarast med auka fokus frå politiet. Delvis frå desse aksjonane, i tillegg til at treningskjedene har blitt flinkare til å melda frå om medlemmer dei mistenker for bruk av steroidar.

Diskusjon mellom etterforsker Erik Håland og innehaver av City Gym i Sandnes, André Thesen, etter dopingaksjonen tirsdag.

Arkiv (07.06.2016): Det blei ampert mellom politiet og innehavaren av treningssenteret City Gym i Sandnes under politiaksjonen i fjor sommar.

– Fåtalet driv med idrett

Ifølge Dopingkontakten i Antidoping Norge blir dei som dopar seg for å oppnå raske resultat med kroppane sine stadig yngre, heilt ned i 13-årsalderen.

Ifølge politispesialist Håland driv fåtalet av dei som blei tatt i Sør Vest politidistrikt i fjor med idrett som fitness og kroppsbygging.

– Dei skal gjerne ha sommarkroppen eller blir størst mogleg av ulike grunnar, og har det veldig travelt. Derfor vel dei å bruka steroidar.

Håpar på større innsats

Han trur mørketala er store og reknar med at det er mellom 10-20.000 steroidemisbrukarar i Sør-Vest politidistrikt.

– Når me har tatt litt over 100 i fjor, viser det at risikoen for å bli oppdaga er liten. Og dessverre er bruken aukande blant unge menn og kvinner.

– Korleis blir innsatsen i 2017 på dette feltet?

– Eg håpar innsatsen blir intensivert, spesielt med fokus på å førebygga vald i samfunnet. Både affektvald i sentrumsgater i helgene og det som handlar om familievald.