Hopp til innhold

Skarsgård: – Å ta på kostymet var ei plage

I sitt desidert tyngste kostyme gjennom karrieren, er Stellan Skarsgård tilbake i rolla som den skremmande baron Harkonnen i «Dune: Part Two».

Stellan Skarsgård som baron Harkonnen i «Dune 2»

ENORM TYPE: Stellan Skarsgård som Vladimir Harkonnen i «Dune: Part Two»

Foto: Niko Tavernise

Science fiction-sagaen basert på bestseljar-bøkene til Frank Herbert held fram, og snart er «Dune: Part Two» å sjå på norske kinoar.

Kampen om den ettertrakta ørken- og krydderplaneten Arrakis held fram. På den eine sida kjemper Fremen, dei innfødde på planeten, for si kollektive overleving. På motsett side kjempar Harkonnen-slekta, med baron Vladimir Harkonnen (Stellan Skarsgård) i spissen. Slekta representerer korrupsjon, vald og grådigheit.

– Alle tematrådane som var spirer i den førre filmen kjem nå ut i full blome, seier Stellan Skarsgård når NRK møter han i London.

Les Filmpolitiet sin omtale av filmen her:

I filmen har regissør Denis Villeneuve fått med seg eit stjernelag beståande av Timothée Chalamet, Zendaya («Spider-Man»), Austin Butler («Elvis»), Florence Pugh («Oppenheimer»), Rebecca Ferguson («Mission: Impossible»), Stellan Skarsgård og Christopher Walken for å nemne nokon.

Regissør Denis Villeneuve og skodespelarane Javier Bardem og Josh Brolin under innspeling av filmen «Dune 2»

Regissør Denis Villeneuve og skodespelarane Javier Bardem og Josh Brolin under innspeling av filmen «Dune: Part Two»

Foto: Niko Tavernise

50 kilos kostyme

Skarsgård er nesten ikkje å kjenne igjen som baron Vladimir Harkonnen.

I boka til Frank Herbert blir baronen beskrive som enorm. Og for å få den grufulle Harkonnen svær nok måtte den svenske filmstjerna ha på ei 50 kilo tung heildekkande kroppsdrakt. Det tok seks til åtte timar å ta den på, avhengig av om han skulle vere naken eller ikkje.

– Det var ei plage å ta på kostymet. Det var tungt å bere og tungt å bevege seg. Men at det går fysisk langsamare kan ein jo bruke til noko nyttig i skodespelet, seier Skarsgård.

Karakteren har heller ikkje mykje klede på i filmen. Han er enten naken i badekaret eller ikledd ein tynn pyjamas.

Skarsgård vedgår at dei vurderte å ta på han rustning, men det blei droppa fordi han ville bli oppfatta som ein svakare mann som trengte vern.

– Rolla er ikkje så stor, så det er viktig å sette eit ordentleg stempel. Utsjånaden hans er så nifs, og sjølv om han er med i nokre få scener så er målet at han skal kaste mørke skygger over heile filmen. Det at han er bortimot naken gjer han berre endå skumlare, seier Skarsgård og ler.

Casten i «Dune 2»

Filmen «Dune: Part Two» har ei stjernespekka rollebesetning. Frå venstre Stellan Skarsgård, Rebecca Ferguson, Josh Brolin, Florence Pugh, regissør Denis Villeneuve, Timothée Chalamet og Zendaya.

Foto: Reuters

Filmsetta på «Dune: Part Two» var enorme med opp mot 400 personar i sving samstundes.

Arkitekturen der Baron Harkonnen held hus har eit fascistisk preg som minner om hovudkvarteret til Benito Mussolini, Italias statsminister i første halvdel av 1900-talet.

– Eg har fått ei forståing av korleis Mussolini må ha kjent seg litt større og sterkare i den fascistiske arkitekturen, seier Skarsgård.

– Sanden eter deg opp

Mange av filmopptaka til «Dune: Part Two» er gjort i ørkenen i Jordan og Dei sameinte arabiske emirata. Sanddynene skal førestille landskapet på sand-planeten Arrakis.

Rebecca Ferguson i «Dune 2»

Svenske Rebecca Ferguson speler mor til hovudpersonen Paul Atreides (Chalamet).

Foto: Courtesy Warner Bros. Pictures

Ei anna svensk filmstjerne som er med i filmen er Rebecca Ferguson. I rolla som lady Jessica, mor til Paul Atreides (Timothée Chalamet), brukte ho mange timar i ørkenen i forbindelse med innspelinga av filmen.

– For å unngå fotspor måtte heile filmcrewet gå superlangt i sanden. Vi gjorde eitt opptak, og deretter måtte heile gjengen flytte på seg før vi gjorde eit nytt opptak.

– Sanden eter deg opp, og den gjør som den vil. Vi måtte tilpasse oss ørkenen under opptaka. Vi lever i ei verd der vi menneske er så egosentriske. Det å tilpasse seg naturen gjer at eg kjenner meg liten, det liker eg, seier Rebecca Ferguson til NRK.

– Vil bli blåst av stolen

Om «Dune: Part One» skreiv filmmeldar Birger Vestmo i NRK at filmen er ein gledeleg ambisiøs science fiction, og med nokre av dei mest vanvettige eksplosjonane som nokon gong er registrert i ein kinosal.

Rebecca Ferguson trur ikkje NRKs filmmeldar vil gå skuffa heim etter å ha sett «Dune: Part two».

– Nummer ein sette berre tonen, nå vil han bli blåst av stolen.

Les NRKs filmmelding av den første Dune-filmen her:

Kulturstrøm

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober