Hopp til innhold

Sjakkekspert Heidi Røneid har heimen full av duer

Heidi Røneid er lidenskapeleg oppteken av duer og tar med skada byduer heim til seg. – For den eine dua betyr det mykje å få hjelp.

Heidi Røneid på balkongen med duer.

Heidi Røneid på balkongen med duer.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Dei fleste er opptekne av å hjelpe ville kattar eller hundar som har kome på avvegar.

Duene derimot er det kanskje ikkje så mange som tenker på i kvardagen. Men det finst unntak.

– Eg har alltid vore veldig glad i alle type dyr. Inkludert insekt, fortel Heidi Røneid i fredagens sending av Lindmo.

Mange kjenner Røneid som sjakkommentator, men det er færre som kjenner ho som duepassar.

Heidi Røneid med duer. Fra Seiren "Villdyrhjerte"

Heidi Røneid sjekkar at alt er i orden med bydua.

Foto: NRK

Mata fugl frå morgon til kveld

Det heile starta for fem år sidan da ho og sambuaren fann ein liten kjøttmeisunge på den harde og kalde asfalten i Oslo.

– Vi fekk valet mellom å reise til veterinær og avlive den, eller ta den med heim og fostre den opp.

Røneid valde det siste. Da fann ho ut at kjøttmeisen måtte bli mata kvar einaste halvtime frå klokka 05 om morgonen til klokka 22 om kvelden.

– Då rekk du ikkje så mykje anna, påpeiker ho.

Sambuaren ikkje fornøgd

Deretter møtte ho på ei skada due, som ho også klarte å gjere frisk igjen.

Nå hjelper ho duer via organisasjonen FugleAdvokatene. Som regel tar ho vare på to til tre duer i heimen sin om gongen.

Noko sambuaren ikkje er så glad i.

– Han synest ikkje vi skal ha nokon duer i det heile tatt. Vi bur i ein treromsleilegheit, der det eine rommet er for duene. Så eigentleg bur vi i ein toromsleilegheit, seier ho og humrar.

Sjakkeksperten kan også kommunisere med duene. Det gjer ho ved å blunke sakte, for å vise at dei kan vere trygge saman med ho.

– Etter kvart byrjar duene å svare ved å blunke sakte dei også, fortel Røneid.

Ver forsiktig

Ifølgje seniorforskar Bård Stokke ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) finst det mellom 20.000 til 60.000 byduer i Noreg. Han beskriv byduene som tillitsfulle fuglar som oppheld seg i nærleiken av folk.

– Det er nesten så ein kan klappe dei, og dei sit pris på å få mat. Elles bør vi la dei få leve sitt eige liv, seier Stokke.

Seniorforskar ved NINA, Bård Stokke.

Seniorforskar ved NINA, Bård Stokke.

Foto: NINA

Han synest det er flott at menneske som Røneid bryr seg om, og tar vare på fuglane vi har kring oss, men:

– Det er verdt å understreke at ein skal vere forsiktig med å ta med seg fuglar og andre dyr heim, for i mange tilfelle kjem dei seg igjen på eiga hand.

Stokke fortel at ein del fuglar kan flyge på eit vindauge og ligge i halvsvime etterpå. Då er det best å leggje den på ein trygg plass og la den kvile ut. Ofte vil den fly av garde igjen etter ei viss tid.

– Har fuglen ei knekt venge eller ei anna alvorleg skade, anbefaler eg å ta kontakt med ein fuglekyndig veterinær, eller finne informasjon hos BirdLife Norge, informerer Stokke.

Røneid anbefaler folk å ta kontakt med FugleAdvokatene om dei oppdagar ei skada eller sjuk due, for å få hjelp og informasjon om kva for veterinærar som har kunnskap om fugl.

– Betyr heile verda

Røneid er svært dedikert, og ho kan av og til bli så bekymra for fuglen at ho står opp om natta for å sjekke om han lever eller ikkje.

– Den finaste kjensla eg veit om er når du ser at den fuglen som du har vore så bekymra for faktisk klarer seg. Det er som om nokon skrur på ei sol inni meg, seier Røneid.

Due i dusjen til Heidi Røneid fra serien "Villdyrhjerte"

Ei byedue i dusjen til Heidi Røneid.

Foto: NRK

– Kvifor redde duer av alle ting? spør Lindmo.

– Eg ser på individet. For den eine dua betyr det mykje å få hjelp, sjølv om det ikkje betyr så mykje for arten, svarer Røneid.

Du kan sjå meir av Heidi Røneid og lidenskapen for duer i den nye NRK-serien «Villdyrhjerte» som har premiere 22. mars.

Kulturstrøm

  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP
  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.