Hopp til innhold

Sjåarane strøymer til serien «Et sted å høre til»

Den australske TV-serien «Et sted å høre til» er ein av dei mest populære utanlandske seriane på NRK TV. Dei tre første sesongane har hatt over 700.000 visningar så langt.

"Et sted å høre til". Stemningsbilde NRK TV

POPULÆR: Den australske dramaserien «Et sted å høre til» har blitt ein stor hit på NRKs strøymeteneste. Til no er alle dei seks sesongane som ligg ute i snitt sett av 550.000.

Trass i lite medieomtale, har ein sju år gammal dramaserie med handling frå Australia på 50-talet blitt ein av dei mest populære seriane i Noreg i sommar.

I serien følger vi Sarah Adams som vender tilbake til Australia for å starte eit nytt liv, etter over 20 år i Europa. Gjennom arbeidet som sjukepleiar, kjem ho i kontakt med den velståande familien Bligh.

Serien har blitt kalla eit melodrama om kjærleik og tap. Og det ser ut til å ha treft ein nerve, seier analysesjef Kristian Tolonen i NRK.

– Sommaren er vanlegvis ikkje ein høgkonsumsperiode. Men dei tre første episodane av tredje sesong, ligg no på rundt 700.000 sjåarar, og det ser ut til å auke. I tillegg er det 250.000 som følger serien på god gammaldags kringkasta TV.

Koronaeffekten

Sjef for NRK Analyse, Kristian Tolonen.

Pandemien har ført til store endringar i medievanane til nordmenn, seier analysesjef Kristian Tolonen i NRK. Han trur mange har hatt eit behov for underhaldning og avslapping etter tida vi har vore gjennom dei siste månadane.

Foto: Iakob Prebensen

Ein av grunnane til at denne serien går så godt no, kan ha samanheng med tida vi er inne i. Då Noreg stengde ned på grunn av koronapandemien, auka mediebruken. Og det var særleg nyheiter på TV og nett folk ville ha.

Men no som situasjonen er litt meir under kontroll, kan det sjå ut til at fleire søker seg til underhaldning. Både utanlandske og norsk strøymetenester har meldt om sterke sjåartal denne sommaren.

Det kan tyde på ei endring i vanane, meiner Tolonen.

– Vi har knapt sett at medievanane har vore så mykje endra over så lang tid som no. «Et sted å høre til» er ein del av det folk treng når dei ikkje kan leve liva sine slik dei eller hadde ønskt.

Tok av på sosiale medium

Ein av dei som har blitt hekta på serien er journalist og programleiar Sarah Natasha Melbye. Ho trur grunnen til den manglande mediedekninga skuldast at serien blir for folkeleg.

Sarah Natasha Melbye

«Et sted å høre til» treff breitt, meiner Sarah Natasha Melbye. Ho er hekta på serien, og seier ho diskuterer serien med vennar som i utgangspunktet har veldig forskjellig smak når det kjem til filmar, TV-seriar og bøker.

Foto: TV2

– Mange av dei som skriv om seriar i media, er opptekne av at det dei omtaler skal ha eit kvalitetsstempel, og så definerer dei kvaliteten annleis enn ein del vanlege sjåarar. Det kan godt hende at denne serien ikkje oppfyller krava til korleis ein serie skal lagast i 2020, men det spelar ingen rolle så lenge vi som ser på likar han.

Ho trur også at pandemien har spelt ei viktig rolle for å gjere serien populær. Mange har vore heime, og har eit behov for å snakke med nokon om noko underhaldande. Og det får dei i rikt monn på sosiale medium.

– Det er mange som har skrive om serien på sosiale medium. Der er det lange kommentarfelt, og folk kastar seg på. Det dukkar opp stadig nye menneske som høyrer om serien gjennom sosiale medium og startar å sjå. Så eg trur sjåartala berre vil halde fram med å auke, seier ho til NRK.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka