Toppillustrasjon
Illustrasjon: Joakim Digernes-Nordström

Tatt av straumen

Nokre av dei største selskapa i verda står i kø for å få deg hekta på nettopp deira strøymeteneste. Men kampen om din månadlege hundrelapp, kan koste deg dyrt.

Påverkar Wanda Mashadi, blant anna kjend frå nettserien Vita og Wanda på NRK TV, prøver å få med seg flest moglege strøymetenester for ikkje å gå glipp av noko.

Wanda Mashadi

Wanda Mashadi omtalar seg sjølv som dokumentarslave. Ho har tilgang på dei fleste av strøymetenestene som er tilgjengeleg i Noreg.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Eg abonnerer på Netflix, HBO, Dplay, TV 2 Sumo, Apple TV +, og Viaplay nokre gongar i året. Har eg gløymd nokon no? Eg trur eg er på alle.

Ho blar seg gjennom appane med strøymetenester. TV-seriar, filmar og reality er blant dei tinga som står på menyen hennar. Men det er særleg ein sjanger som fenger meir enn dei andre.

– Eg elskar true crime og dokumentarar, alt som har skjedd eller er ekte. Eg har alltid sagt at eg skulle ha vore krimetterforskar i eit anna liv.

Men det kostar å halde seg oppdatert.

– Eg har ikkje peiling på kor mykje pengar eg brukar i månaden på strøymetenester. Eg ser at det kjem meldingar om at det er trekt pengar, men det er ikkje alltid eg veit kva det er for.

Dobla forbruk på fire år

Dei største underhaldningsselskapa i verda bruker no milliardar av kroner for å få kloa i folk som Wanda Mashadi.

Sidan Netflix banka på dørene i 2012, har norske heimar blitt ein lukrativ marknad for strøymeaktørane. Som nordmann blir du sett på som teknisk framoverlent, og ein som både vil og kan byte ein månadleg hundrelapp mot eit nettbasert bibliotek med filmar og tv-seriar.

No knivar store amerikanske aktørar som Apple, Amazon, Disney og Time Warner, som eig HBO, for å få deg til å velje dei.

Salve Jortveit

Månadsbetaling av strøymetenester gjer det enkelt å abonnere. Det har ført til at nordmenn bruker stadig meir pengar på slike tenester, seier Salve Jortveit i analyseselskapet Kantar.

Foto: Terje Borud

Det aukande tilbodet av strøymetenester viser seg igjen på brukskontoen i banken, seier seniorkonsulent Salve Jortveit i analyseselskapet Kantar.

– Skal du sjå ein spesiell serie, er det ofte berre ein strøymeteneste som har denne. Då må du ha fleire tenester for å få sett alt du vil sjå.

I ei undersøking Kantar har gjennomført kjem det fram at nordmenn i snitt brukte 86 kroner i månaden på strøymetenester i 2018. Det er dobbelt så mykje som i 2014. Men kor mykje den enkelte brukar varierer etter alder, inntekt og størrelse på husstanden.

I 2018 var det om lag halvparten av husstandane i Noreg som hadde tilgang på ei eller fleire strøymetenester, ifølgje undersøkinga.

Du kan sjekke kva dine strøymevanar vil koste deg lenger nede i saka.

Milliardkampen

Konkurransen mellom dei internasjonale gigantane blir skildra som ein krig av mange. Ammunisjonen er milliardar av kroner. Strøymeaktørane satsar alt for å tilfredsstille publikum med innhald dei gjerne vil sjå, og for å finne sin posisjon i marknaden.

Disney investerte ifølgje The Hollywood Reporter over 250 milliardar kroner på innhald i 2019, og er venta å bruke enda meir i år. WarnerMedia, som blant anna eig HBO, brukte rundt 117 milliardar kroner i fjor, medan Netflix brukte knappe 95 milliardar kroner.

– For å vere i forkant av konkurransen, har vi måtte finne opp oss sjølv på nytt fleire gonger, seier Netflix' kommunikasjonsansvarlege i Nord-Europa, Rosanne Thesing til NRK.

Netflix blei starta i 1997 som eit selskap som dreiv med filmutleige. Då dei etablerte seg som strøymeselskap på 2000-talet, kunne dei tilby ein stor katalog av filmar og seriar til ein relativt låg månadspris.

Men dei innsåg etter kvart at dei måtte lage eige innhald for å hevde seg i konkurransen mot nye aktørar.

– Det var uunngåeleg at Disney og andre ville ta tilbake innhaldet sitt på eit eller anna tidspunkt. Det er ei av årsakene til at vi starta å produsere eige innhald, seier Thesing.

House of Cards på Netflix

I 2013 kom den første originale Netflix-serien, «House of Cards», med Kevin Spacey i hovudrolla. Serien vann fleire Emmy- og Golden Globe-prisar.

Foto: David Giesbrecht / David Giesbrecht

Ho fryktar ikkje brukarflukt frå Netflix når selskapet mister retten til å vise populære serietitlar til konkurrentar.

– Dersom vi held på visjonen om å tilfredsstille abonnentane våre, er vi sikre på å vinne nye kundar i fleire land, seier ho til NRK.

Giganten

Disney er den metaforiske elefanten som snart valsar inn i stova di. Den sjølverklærte draumefabrikken blei endå større då dei i fjor kjøpte opp underhaldningsgiganten 21st Century Fox.

Disney sat lenge på gjerdet i kampen om strøymekundane, og valde i staden å vise innhaldet sitt hos andre.

Men dei siste åra har dei sakte, men sikkert trekt tilbake alt innhald, og i november lanserte dei Disney+ i USA, som dei har fylt med blant anna teiknefilmklassikarar, «Star Wars», «Marvel»-superheltar og «The Simpsons».

Mann går forbi reklame for Disney +

Då Disney+ blei lansert i november, teikna 10 millionar amerikanarar abonnement første dagen. Før jul var det registrert over 22 millionar nedlastingar av tenesta. 

Foto: BRENDAN MCDERMID

Disney+ kjem til Noreg «tidleg i 2020», men ønsker ikkje overfor NRK seie noko om kor mykje ho kjem til å koste. Men legg vi den amerikanske prisen til grunn, vil eit norsk abonnement koste rundt 65 kroner.

NRK har også kontakta Amazon, HBO og Apple og spurt om kva planar dei har for den norske marknaden. Men dei har ikkje ønskt å uttale seg.

Ei framtid i strøyming

Men sjølv om korta blir haldne tett til brystet, har dei amerikanske gigantane noregskartet klart føre seg, trur medierådgivar Keld Reinicke, som også underviser i TV-seriar ved Den danske filmskole.

Keld Reinicke

Dei som lagar film og TV-seriar har forstått at kor mykje pengar det kan ligge i strøyming. Difor lanserer fleire av dei store medieselskapa i verda no eigne strøymetenester, seier medierådgivar Keld Reinicke.

Foto: Øystein Tronsli Drabløs / NRK

– Dei har ein plan. Grunnen til at eg kan seie det så sikkert, er at dei er i gang med å utvikle ting i Skandinavia hos fleire produksjonsselskap. Dei er i full gong med utvikling av seriar, gjer avtalar og kjøper opp selskap, seier han til NRK.

Underhaldningsgigantane har forstått at i framtida ligg pengane i strøyming, seier han:

– Først no innser ein at ein ikkje kan gi alt til Netflix, men at dei må prøve å bli ein dominerande spelar sjølv. Og for å vinne, må dei ta den globale marknaden. Det har starta å gå opp for dei at alle pengane ligg der.

I tillegg til å legge store pengesummar i produksjon av innhald, jaktar strøymeselskapa no også dei beste talenta. Dei er villige til å gå inn lange og kostbare kontraktar, utan å vite kva dei får tilbake.

– Dei kjøper opp manusforfattarar og produsentar, utan å seie kva dei skal lage. I USA inngår dei avtalar som strekker seg over fleire år, for å sikre seg dei rette folka, seier Reinicke.

David Benioff og D.B. Weiss hadde stor suksess med «Game of Thrones» på HBO. Dei blei henta til Disney for å lage fleire nye «Star Wars»-filmar.

Men dei valde å trekke seg frå denne avtalen då Netflix kom med ein tilbod om ein avtale verdt rundt 200 millionar dollar.

Benioff og Weiss

David Benioff (t.v.) og D.B. Weiss er blant dei heitaste TV-produsentane i marknaden etter at dei laga «Game of Thrones». Etter ein hard bodkamp, der blant andre Disney og Amazon var inne i bildet, var det Netflix som til slutt trekte det lengste strået.

Foto: Lucy Nicholson

Også dei andre strøymetenestane lagar liknande kontraktar.

Warner har blant anna sikra seg avtale med regissøren og produsenten Steven Soderbergh, skriv Deadline. Han har blant anna laga filmar som «Sex, løgn og videotape», «Ocean's Eleven» og TV-serien «The Knick».

Dei neste tre åra skal han lage innhald til strøymetenesta HBO Max.

Apple har blant anna sikra seg Steven Spielberg, som blant anna skal produsere ein dramaserie frå andre verdskrigen saman med Tom Hanks, og Oprah Winfrey, som skal lage fleire dokumentarar for selskapet, blant anna saman med prins Harry.

Kamp på nye arenaer

I dag ser du seriane dine på Netflix, HBO og TV 2 Sumo. Om kort tid, vil du kunne gjere det same hos Telenor eller Telia, spår Keld Reinicke.

– For å vere ein sterk teleoperatør, må dei også tilby innhald til mobil- og internettkundane for å få selt produkta sine, seier Reinicke.

I nær framtid kan altså telefonrekninga di komme til å ramse opp serietitlar, ikkje berre ringeminutt og brukte megabyte.

Milliardoppkjøpa som skal gjere dette mogleg, er allereie i gang. I 2018 kjøpte svenske Telia opp TDC Noreg, som eig Get, for over 21 milliardar kroner.

– Teleselskapa i Skandinavia er desperate etter å sikre seg innhald og bli ein «broadcaster». Det kjem til å føre til ein lokal streamingkamp, som går på lokale tv-seriar og lokal sport, seier Reinicke.

Kombinasjonen av fleire tenester i eitt og same produkt kallast «bundling», eller bunting av tenester, seier Reinicke.

– Vi kjem til å sjå fleire døme som det.

Apple lansering

Apple-sjef Tim Cook (t.v.) lanserte strøymetenesta Apple TV plus i november i fjor. Han har blant anna har sikra seg Oprah Winfrey og Steven Spielberg til komande produksjonar.

Foto: Michael Short / AFP

Strøymedøden

Med ein så knivskarp konkurranse og store pengesummar investert i innhald og personar, vil strøymekrigen også få sine offer.

Presset frå USA vil intensivere konkurransen mellom dei lokale aktørane, meiner Reinicke. Sidan dei amerikanske tenestene opererer globalt, har dei råd til at folk abonnerer på og av. Det kan ikkje dei lokale gjere i like stor grad, seier han.

– Nokon vil bukke under. Eg trur dei hardaste slåstkampane vil skje mellom dei lokale tenestene, seier han.

I den lokale marknaden trur Reinicke det blir konkurranse om kven som klarer å dekke behovet for lokalt innhald best. Han blir difor ikkje overraska om det blir vanskeleg for nasjonale aktørar å tene pengar.

Kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV 2

Konkurransen frå utlandet kan føre til eit tettare samarbeid mellom norske aktørar, trur kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV 2. Før jul skreiv TV 2 og Nordisk Film under ein avtale som gjer at TV 2 Sumo-kundar får tilgang på mange norske og utanlandske filmar.

Foto: Eivind Senneset / TV 2

Men kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV 2 let seg ikkje skremme, og meiner dei må utnytte dei fortrinna dei har.

– Vi kjenner Noreg betre enn det gigantane gjer. Det gjer oss betre rusta til å levere norsk kvalitetsinnhald som er relevant for folk flest på tenesta vår, TV 2 Sumo.

Samtidig har konkurransen mellom dei internasjonale aktørane bidrege til å løfte dei lokale aktørane, meiner ho.

– Dei globale tenestene har sett ein standard for brukarvennlege tenester, som også har gjort våre produkt betre.

Men også på den internasjonale arenaen vil vi kunne oppleve store endringar.

Styreleiar og administrerande direktør i filmselskapet Sony Pictures, Tony Vinciquerra, ser i ifølgje Variety likskapar i dagens strøymemarknad med framveksten av kabelselskap på 1980-talet.

Tony Vinciquerra, direktør i Sony Pictures

Styreleiar og administrerande direktør i Sony Pictures, Tony Vinciquerra, spår at vi vil sjå konkursar og samanslåingar i strøymemarknaden.

Foto: KEVIN WINTER / AFP

– Men denne gongen har konkurrentane djupare lommer og kamparenaen meir omsynslaus enn då kabelselskapa hadde lokale monopol på å tilby fleire kanalar.

Han trur konkurransen kjem til å føre til store endringar i marknaden.

– Alle selskapa må finne marknaden sin, og vi kan komme til å sjå samanslåingar. Nokon kjem òg til å måtte gi tapt om dei ikkje klarer å definere kven publikummet sitt er, seier han til Variety.

Deler på utgiftene

Påverkar Wanda Mashadi har ikkje den fulle oversikta over kor mykje pengar ho brukar i månaden på strøymetenester, men ho reknar med at det kanskje kan vere snakk om i underkant av 400 kroner i månaden.

Samtidig er dette ei utgift som varierer med årstidene.

– No er vi inne i den sesongen eg strøymer mest. Om sommaren strøymer eg nesten ikkje. Då stoppar eg abonnementa, og så startar eg opp igjen når hausten og vinteren kjem.

For å halde utgiftene nede, samtidig som ho ikkje ønsker å gå glipp av noko, har ho alliert seg med vennegjengen.

– Eg hatar å gå glipp av noko. Difor driv vi utveksling i vennegjengen også. Vi abonnerer på ulike tenester og bytter på kontoar. Då har alle tilgang på alt, utan at nokon blakkar seg.

Denne fleksibiliteten gjer den nye strøymekvardagen langt enklare og forbrukarvennleg enn då ein måtte abonnere på faste TV-pakkar, seier Salve Jortveit i Kantar.

– Det har blitt veldig lett å velje inn og ut dei nye tenestene. Du betalar for ein månad om gangen, og det er inga bindingstid. Det gjer det mogleg for forbrukarane å skru på og av slike tenester, seier han.

Sjekk NRKs strøymekalkulator lengst nede i saka.

Prøver å ikkje miste kontrollen

Vi som forbrukarar står kanskje overfor nye og vanskelege val når nye tenester blir lansert. Men det gjer også Disney, Warner, Apple og andre som ønsker å gjere eit stadig meir kresent publikum hekta.

Skal det nye tilbydarar inn i porteføljen til Wanda Mashadi, har ho kriterium aktørane må fylle.

– Eg orkar ikkje reklame i strøymetenester. Det må også vere mogleg å ha undertekst. Eg kan for eksempel stå og føne håret når eg ser på, og då må eg kunne lese dersom eg ikkje høyrer det som blir sagt. Og så må eg ha godt bilde og lyd, i tillegg til eit godt utval i dokumentarar.

Wanda Mashadi

I vennegjengen til Wanda Mashadi spleisar dei på strøymeabonnementa, slik at alle kan følgje med på aktuelle TV-seriar.

Foto: Maiken Svendsen / NRK

Skulle det bli for mange abonnement å administrere, og ting går litt over styr, har Mashadi eit råd med på vegen:

– Eg har ganske gode rutinar for å melde meg på og av dei ulike tenestene. Men det beste trikset om du ikkje har kontroll, er å bytte bankkort. Då stoppar alt å funke, og så melder du deg inn igjen på dei tinga du vil bruke pengar på.

Sjekk dine strøymeutgifter:

Rekn ut sjølv:

Drama

Komedie

Spenning

Film

Sport

Reality

0 kroner per månad