– Eg kjenner på ei stoltheit og profesjonell glede over å ha fått lage programmet. Det var meg som foreslo det i si tid og fekk det gjennomført.
– Eg er stolt og glad over det vi har fått til.
Det seier Ole Torp om intervju- og aktualitetsprogrammet han var med å starte i 2016 saman med vaktsjef Ingebjørg Sæbu.
I fem år har han hatt nærgåande intervju med viktige stemmer i samfunnet vårt.
Alt frå påverkar Sophie Elise til forfattar Tore Rem, toppfotballsjef Lise Klaveness og tidlegare visepresident i USA Al Gore har sete i stolen overfor Torp.
Ole Torp i samtale med forfattar Kjartan Fløgstad.
Foto: Tone Magni Finstad Vestheim / Tone Magni Finstad VestheimDesse samtalane har gjort eit djupdykk i tru og tvil, refleksjonar og haldningar.
– Særpreget med programmet er at det har vore eit tidsaktuelt og seriøst intervjumagasin som har fått viktige samfunnsaktørar i tale.
– Og eg er ublyg nok til å seie at programmet har vore rimeleg vellukka, seier han med eit smil.
– Vore heilt unikt
Det han er mest stolt over med programmet er at han føler at dei har klart å kome tett på interessante menneske som er viktig for den store samtalen i samfunnet.
Og sjølv om han har mange og rike erfaringar som journalist, har programmet likevel hatt mykje å seie for han.
– Det har vore ei moglegheit for refleksjon og djupne som er heilt annleis enn dei andre programma som Nyheitsavdelinga tilbyr. Slik sett har det vore heilt unikt.
– Og til ein rimeleg pris. Med berre to medarbeidarar har det ikkje akkurat kosta skjorta for NRK.
Noregs fyrste kvinnelege statsminister Gro Harlem Brundtland skal vere gjest i den siste sendinga til Torp.
Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild HjermundrudI kveld skal han kome nært på Noregs fyrste kvinnelege statsminister og tidlegare generaldirektør i Verdens Helseorganisasjon (WHO) Gro Harlem Brundtland.
– Gro Harlem Brundtland er ei viktig stemme, og er aktuell i den forstand at ho har hatt tilknyting til WHO. Ho har mykje kunnskap som er relevant i den tida vi lever i no.
Sjølv om det er siste sending, og det med ein svært prominent gjest, er Torp fast bestemt på å halde det profesjonelt til siste andedrag.
– Det blir ikkje noko ekstraordinært eller show-prega i kveld. Vi vil by på profesjonalitet til siste slutt.
Treng meir seriøs journalistikk
Ole Torp meiner at vi ikkje treng mindre, men meir seriøs journalistikk i norsk offentlegheit og i NRK i dag.
– Det er eit større behov enn nokon gong for den seriøse journalistikken som er påliteleg og som tar opp viktige og vanskelege tema.
Ole Torp ved kulissane til studioet.
Foto: Oda Elise Svelstad / NRKOg legg til at både gode tilbakemeldingar og gode sjåartal peiker på at det framleis er behov for Torp.
Han registrerer derfor at leiinga og han har ulike haldningar til betydinga til eit slikt program.
– Dette er ikkje eit talkshow, det er fritt for underhaldningskjendisar og lanseringsutspel. Det er eit seriøst program i god allmennkringkastar-tradisjon.
– Ingen dramatikk
Nyheitsredaktør Knut Magnus Berge fortel at det er verken dramatikk eller misnøye som er bakgrunnen for at det ikkje blir satsa vidare på Torp.
– Dette er ein del av ei fortløpande omstilling som skjer i NRK der vi forsøker å nå stadig nye grupper og breiare publikum. Nokre programkonsept blir lagt ned, andre konsept blir lansert.
Nyheitsredaktør Knut Magnus Berge
Foto: EKROLL, ANNE LIV / NRKHan understrekar at programmet Torp har fungert etter hensikta. Og at Ole Torp er ein av NRKs fremste og dyktige journalistar.
– Vi har stor tru på at han får vist fram sine gode kvalitetar for enda fleire i det neste han skal ut på.
– Ole går no tilbake til Dagsrevyen og vil nå eit endå breiare publikum med sin journalistikk. Og vi lovar å ta vare på den seriøse journalistikken i NRK.