Hopp til innhold

Sette verdsrekord i Sognefjorden

Deltakarar i «Oppdrag Sognefjorden» sette verdsrekord i «forbiflyging» - som bursdagsgåve.

– Det kulaste var å sjå reaksjonen til dei andre, seier vingedrakt-stuntar Joakim Sommer.

Tolv av dei fremste ekstremsportutøvarane i Noreg reiser med båten Fjordvisjon på jakt etter utfordringar i «Oppdrag Sognefjorden». Serien hadde premiere på NRK1 i kveld.

På pressevisning denne veka kunne deltakarane røpe kva som er det mest ekstreme stuntet i heile serien.

Basehopper Joakim Sommer

Joakim Sommer sette saman med ein annan deltakar verdsrekord i forbiflyging og skremte vettet av dei andre deltakarane.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Det var noko av det utrulegaste eg har sett, seier Karina Hollekim om den uvanlege bursdagsgåva ho fekk under innspelinga.

Ho fekk vere vitne til ein verdsrekord i «forbiflyging» og fekk sitt livs sjokk då to personar flaug i full fart mot henne og dei andre deltakarane.

Dei hadde på seg vingedrakter og kom side om side rekordlavt nedover ei fjellside.

Kunne rørt ved dei

Ein av dei var Joakim Sommer, i verdsklassa når det gjeld basehopping, og ein av dei som strekk strikken lengst i sporten vingedrakt.

–Det gøyaste var å sjå reaksjonane til dei andre. Dette var faktisk verdsrekord så vidt eg veit, fordi vi flaug så lavt. Eg trur ikkje at to personar har floge så tett kvarandre, terrenget og tilskodarar tidlegare, fortel han.

Dei flaug så lavt at Hollekim, Lasse Kjus og resten av deltakarane kunne ha rokke ut handa og rørt ved dei.

– Kan få folk til å sjå at vi er seriøse

Deltakarane var synleg påverka av hendinga, både dei som gjorde stuntet og dei som såg på.

– Det var ganske så «funny.» Vi hengde opp ballongar i eit tre som markørar for kvar vi skulle flyge. Forholda var superfine, så vi kunne flyge rekordlavt, fortel Joakim Sommer.

Han håpar at serien kan gje eit positivt bilete av ekstremsport.

– Eg trur akkurat dèt stuntet kan få folk til å innsjå at vi som ekstremsportutøvarar har mykje kontroll med det vi gjer. Forhåpentlegvis ser TV-sjåarane at vi er seriøse idrettsutøvarar, seier Sommer.

basehopp

Slik ser det ut når ekstremsportutøvarane basehoppar i Sognefjorden.

Foto: Sindre Kinnerød / Flash studio / NRK

– Mykje adrenalin i båten

I serien får ein ikkje berre sjå drøye stunts, ein får også bli kjent med utøvarane og sjå dei i møte med innbyggjarane i Sogn.

Kaptein Mads Bækkelund leier skuta på ferda innover fjorden. Han blir skildra som «ein uvanleg mann med enormt engasjement og nokon heilt utrulege historier på lur.»

– Det var mykje adrenalin ombord i båten, det var alltid noko som skjedde. Folk gikk og luska rundt i båten klokka fire om natta, og du kunne ikkje vite om dei la seg eller stod opp, fortel Bækkelund.

Middag på dekk

Stemninga skildrar han som fantastisk.

– Vi hadde middagar på dekk som varte i fleire timar. Då sat vi der og grilla til langt på natt, medan vi segla vidare, seier kapteinen.

Joakim Sommer framhevar også samhaldet blant deltakarane.

karina hollekim

Karina Hollekim er ein av deltakarane i Oppdrag Sognefjorden.

Foto: Sindre Kinnerød / Flash Studio / NRK

– Dei fekk meg til å gjere ting som eg ikkje trudde eg kunne gjere. Men vi utøver forskjellige sportar og det var ikkje noko press om å vere best. I dette miljøet legg ein liten vekt på det, det viktigaste er å finne glede i det ein gjer, seier Sommer.

Tilbake etter fire år

For Karina Hollekim, internasjonalt kjent basehoppar og frikjørar, vart «Oppdrag Sognefjorden» ei spesiell oppleving.

Etter ei alvorleg ulukke for fire år sidan har ho gått gjennom 20 operasjonar for å kome tilbake. I serien når ho endeleg målet sitt.

– Det var både ei skremmande og kjempefin oppleving å vere tilbake. Det var «point of no return», seier ho.

– Eg var kjemperedd, men det å vere så nærme naturen og dele det med andre er noko av det finaste eg veit. For meg var ikkje det viktigaste med serien å gjere det mest ekstreme, men samhaldet med dei andre deltakarane, fortel Hollekim.

«Oppdrag Sognefjorden» blir sendt i sju episoder. For å sjå verdsrekorden i forbiflyging og andre halsbrekkande stunt må du følgje med søndagar kl. 20.25 på NRK1.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters