Laurdag deltek Espen Fadnes (35), Tom Erik Heimen (39) og Jokke Sommer (28) i delfinalane av verdsmeisterskapet i vingedraktflyging, World Wingsuit League, i Kina. I nærare 200 km/t skal dei og 13 andre fly om tittelen «verdas raskaste vingedraktflygar» og 30.000 dollar, om lag 200.000 kroner.
- LES OGSÅ:
Foto: Privat. - LES OGSÅ:
Fadnes kom til finalerundane også i fjor og tok då sjetteplassen. Han fortel om ei oppleving langt utanom det vanlege.
– Eg er van med å berre vere på ein fjelltopp i lag med Jokke og Tom Erik. Plutselig står eg midt inni ein storm av blits, store kamera, menneske som snakkar kinesisk, autografjegerar, you name it. Eg trur dei ser på oss som sånne eksotiske rare menneske frå vesten som held på noko veldig farlig.
Frå før har Fadnes sigrar frå ei rekkje andre meisterskap innan vingedraktflyging og er blant favorittane før helgas finalerundar. Etter tidskvalifiseringa fredag ligg han på ein foreløpig andreplass.
– Eg blir sjølvsagt skuffa om eg ikkje vinn finalen, men kjem eg meg heilt dit, har eg nådd målet mitt om pallplassering, seier Fadnes.
170 i puls
Naturleg nok stig pulsen til dei fleste som nærmar seg kanten av stupbratte fjell. Dette gjeld også for fleire erfarne vingedraktflygarar.
Under meisterskapet er det blitt gjort pulsmålingar like oppe i 170. Til samanlikning har 30-åringar ein makspuls på 190. Fadnes meiner det ikkje nødvendigvis er eit hinder for prestasjon.
– Når eg er på toppen av eit fjell, tørr i kjeften og skikkelig, skikkelig nervøs – som er akkurat den same følelsen som 99% av samfunnet hatar å ha – så er eg skikkelig fornøgd. For då veit eg at eg er i stand til å ta vare på meg sjølv i lufta, seier han.
Han presiserer også at flygarane i dette meisterskapet veit kva dei driv med.
– Alle folka som hoppar her er ekstremt erfarne. Dei lev av luftsport og er van med eit høgt spenningsnivå. Du skal stå der og dirre og vere nervøs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Førebudd seg eit år
Gjennom det siste året har Fadnes testa fleire ulike drakter og brukt GPS for å få nøyaktige data på kven av dei som er raskast. Dette for å stille best mulig budd.
– Det gjer at eg no går inn i konkurransen med god sjølvtillit. Det er opp til meg sjølv korleis det går i helga, seier Fadnes.
I tillegg har han, Sommer og Heimen gjennomført fleire treningshopp. Desse er tatt på same stad og på same måte som hoppa i finalerundane.
Ein omkom i fjor
I fjor mista ein av deltakarane livet under eit treningshopp før finalen. Etter denne hendinga gjorde arrangørane vesentlege endringar på løypa. Fleire knappe svingar og andre hindringar er fjerna. Fadnes er ikkje nervøs for å delta.
– Dette er eit veldig trygt hopp. Det er gode marginar, og ingen delar av hoppet inneber ei stor fare, seier Fadnes.
– Blir du ikkje redd?
– Nei, det blir eg ikkje. Nervane eg har er knytt til eit stort og sterkt ønske om å prestere. Viss eg hadde gått opp der no og gjort eit vanlig hopp, hadde eg hatt kvilepuls, seier han.
Sommer er einig.
– Hopp me gjer til filmar er mykje meir risikofylte, så her er me ikkje så bekymra for kva som kan gå gale i forhold til kva me vanlegvis er då, seier han.