Hopp til innhold

Rydd og drep

Denne fyren kan få opptil 500 born, drep han no!

Brunsnigle
Foto: Heidi Rode / NRK

Sommaren er på hell, og det har vore ein sommar der brunsniglen har fått leve fritt. Eller mordarsnigle og iberiaskogsnigle om du vil.

- Eg har høyrt om ein som har plukka 60 000 sniglar i hagen sin, fortel Geir Erik Berge som er dyrlege i Nitimen.

Brunsnigle
Foto: Heidi Rode / NRK

Rydd opp

Det er mange hagar som er blitt invadert av desse sneiglane, og det er då godt å ha Geir Erik, han kan i alle fall hjelpe deg litt med korleis du skal bli kvitt dei, til neste år.

- Rydd i hagen, finn stadane der dei gøymer seg.

Grunnen til at ein bør gjere dette på hausten er at brunsniglen har ein spesiell livssyklus.

- Dei legg egg no på hausten som blir til småsniglar, så overvintrar dei.

Difor fortel Geir Erik at det er viktig at ein ryddar under løv og andre stadar der det er fuktig.

HØR: Innslaget i Nitimen

Når våren kjem

- Når våren kjem bør ein rake og rydde, då kan vi redusere det litt, fortel Geir Erik.

Men det er ikkje alle som er like flinke til å rake og rydde hagen sin. Og då fins det sjølvsagt eit middel som ein kan bruke.

- Jo, det fins noko slikt. Eit stoff som inneheld små rundormar som invaderar sniglane og øydeleg dei.

Og dette er sjølvsagt lov å bruke i Norge.

- Det høyres kanskje litt dramatisk ut, for det blir jo å innføre endå ein art som ikkje høyrer heime her, men rundormen klarar ikkje å etablere seg.

Mange born

Ein brunsnigle utviklar først manneleg kjønnsorgan og deretter kvinnelege, dette gjer til at sniglane kan legge store mengdar egg.

- Dei kan legge mange egg, opptil 400-500 egg. Det betyr at kvar snigle du ser kan bli mamma og pappa veldig mange.

Og det igjen er ikkje så bra i hagen din.

- Det er nok lurt å alliere seg med naboen, for det hjelper ikkje å plukke i din hage om naboen sin er full!

Snill mot dei andre

I Norge har vi rundt 90 forskjellege snigleartar. I utgangspunktet er sniglane bra for økologien vår, dei gjer ein viktig jobb med å rydde opp rusk og rask.

- Dei fleste andre sniglar enn brunsniglen kan ein godt la vere, avsluttar Geir Erik.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters