Hopp til innhold

Robbie lo av naken Kylie

Robbie Williams lo av Kylie Minouge då ho kledde seg naken. – Eg spolerte nok sjansane mine, skriv han i ny bok.

Kylie Minouge og Robbie Williams

Kylie Minouge og Robbie Williams sang «Kids» saman i 2000.

Foto: IAN WALDIE / REUTERS

Kylie Minogue

Kylie Minouge hadde enda mindre på seg då Robbie Williams ikkje klarte å halde seg.

Foto: PAULO SUTCH / AFP
Robbie Williams

Robbie Williams prøver å seie unnkyld til Kylie Minough etter at han skal ha ledd av ho då ho kledde seg naken framfor han.

Foto: MICHAEL KAPPELER

Williams hadde drøymt om popkollegaen i mange år då dei spelte inn singelen «Kids» for ti år sidan. Minouge strippa i dei siste scenene av musikkvideoen.

– Eg berre braut ut i latter. Og eg trur ikkje det gjorde noko godt inntrykk på Kylie, innrømmer Williams i boka «You Know Me».

Williams skriv at han kjende seg som ein tenåringsgut då han plutseleg såg Minough naken framfor seg. Han hadde vore avstandsforelska i den australske popdronninga sidan han såg ho i såpeserien Neighbours.

Fornærma Kylie

Mannen har eit rykte på seg for å vere ein damemagnet, men klarte ifølgje seg sjølv ikkje å få denne kvinna interessert. Han kunne ikkje forstå kvifor småflørtinga han prøvde seg med, ikkje fungerte.

Williams skriv at for å det gjekk gale då han prøvde å drikke på seg sjølvtillit, og at det slo tilbake på han sjølv.

– Eg trur alt håp om at noko skulle skje, forsvann då eg lo av ho, skriv han.

– Eg kan ha fornærma ho også, for ho må ha kjent seg sårbar også, sidan ho var naken på settet og framfor meg.

Idiot frå Stoke

Williams har vore for flau av episoden til å diskutere han med Minouge, men håpar at å nemne dette i boka si, kan vere ein måte å seie "unnskyld".

– Kan hende likar ho å vere naken, men neppe å bli ledd av av ein idiot frå Stoke (red.anm: heimbyen hans).

Boka er skriven i samarbeid med journalisten Chris Heath, som også skreiv Williams-biografien «Feel».

Sjå Robbie Williams fortelle om boka i ein video på si eiga heimeside:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters