Hopp til innhold

Reiseradio-kaffien

Korleis skal ein lage den perfekte kaffien om sommaren? Reiseradioen gir deg svaret!

Kaffi
Foto: Helga Hem / NRK

Pål Hovengen Plassen

Reporter Pål Hovengen Plassen likte godt Reiseradio-kaffien.

Foto: Helga Hem / NRK

Det er ikkje vanskeleg å lage den perfekte sommar-kaffien om ein berre vil. Det er nesten for enkelt.

Reporter i Reiseradioen Pål Hovengen Plassen tok turen til Kaffebrenneriet for å få hjelp til å lage Reiseradioen sin eigen kaffi, den fekk sjølvsagt namnet "Reiseradio-kaffien".

Hør innslaget her!

Det første ein skal gjere er faktisk å slå på kaffitrakteren.

- Traker har dei fleste av oss, så eg syns det er like godt å lage ein god iskaffi med å bruke vanleg traktekaffi, som ein kan lage heime, fortel barista Synnøve Pedersen.

Men det er viktig med gode råvarer, og den kaffien Synnøve valde kjem frå Etiopia, kaffien sitt heimland.

- Dette er ein frisk og god kaffi med mykje frukt i seg, som er veleigna til å drikke kald.

Med eller utan sukker

Iskaffi

Og slik blei det ferdige resultatet!

Foto: Helga Hem / NRK

- Ein kan faktisk la vere å ha sukker i om ein ikkje vil det. Kaffien er søt i seg sjølv, men eg anbefaler litt sukker, for når ein kjøler ned kaffi blir den bitter, fortel Synnøve.

Sukker, kaffi og is

- Eg har tatt oppi ei god teskje med sukker til kvart glass, så har eg helt ferdigtrakta kaffi som har stått i kjøleskapet ei stund over eit glass med isbitar, fortel Synnøve om Reiseradio-kaffien.

- Veldig, veldig god, og med mykje smak, avsluttar ein nøgd Reiseradio-reporter.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.