Hopp til innhold

Jon har målt badetempen for Reiseradioen i 40 år – no kan du også bli med på dugnaden

BALESTRAND (NRK): I over 40 år har Jon Gjeraker levert badetemperaturar frå Sognefjorden til Reiseradioen.

Jon Gjeraker måler badetemperaturen ved Midtnes hotel i Balestrand juni 2020.

VAKKER BADEUTSIKT: Frå brygga til Midtnes hotell måler Jon Gjeraker badetemperaturen i Sognefjorden for Reiseradioen.

Foto: Raghnhild Myklemyr / NRK

No inviterer Reiseradioen og Yr deg til å gjere det same frå din favoritt-badeplass. Klikk deg inn her eller på Yr-appen og del med resten av landet.

I mange år har det vore ein tradisjon i Reiseradioen på NRK Radio at det blir lese opp badetemperaturar frå heile landet heilt mot slutten av sendinga.

Ein av stadane som bli nemnt nesten kvar føremiddag om sommaren er Balestrand i Sogn.

Lang tradisjon

– Det var bror min Odd Inge som byrja med dette i 79–80. Etter det så har det vore vanleg i alle år, fortel Jon Gjeraker.

Hotelldirektøren på Midtnes hotell synest det er stas at alle no kan vere med på å leggje inn badetemperaturar.

– Det er alltid kjekt å loggføre temperaturane. Det er inga plikt, det er berre artig.

At badetemperaturane i Reiseradioen er noko folk er opptekne av, er noko han legg merke til.

– Vi har folk som ringer og etterlyser om det ikkje er sendt inn. Folk saknar det når det ikkje kjem med, ler Gjeraker.

Reiseradioen 2020

SØSTRER PÅ TUR: Søsterparet Else og Cecilie Ramona Kåss Furuseth er blant dei som er programleiarar for Reiseradioen denne sommaren.

Foto: Ole Kaland

– Skapar sommarstemning

Framleis samlar folk seg kring radioapparata – eller radioappen – for å høyre kjende og kjære røyster på Reiseradioen kvar morgon.

Badetemperaturane er ein viktig del av programmet, slår redaksjonssjef i NRK Underhaldning, Rune Lind, fast.

– Eg vil rette ei kjempestor takk til Jon Gjeraker og alle andre som har levert inn badetemperaturar til Reiseradioen i så mange år. Dei har verkeleg vore med på å skapa den riktige sommarstemninga for folk i Noreg, seier Lind.

Han håpar alle dei faste temperaturmålarane held fram, sjølv om det no vonleg blir endå fleire som gjer det.

– For badetemperaturane skal framleis vera ein fast og viktig spalta i Reiseradioen. Ho har vore der sidan lenge før det vart vanleg med mobiltelefonar, ja, nesten før telegraflinja kom til landet.

Rekordvarm juni

Sommaren har hittil ført til høge temperaturar i lufta, og sjølv om det blir eit vêrskifte, så vil temperaturane i sjøen halde seg godt framover.

– Vêret har verkeleg spelt på lag med oss. Denne gongen har det slått til for fullt og gitt oss varme dagar over ein lenger periode. Slikt blir det rekordar av, sa klimaforskar Hans Olav Hygen til NRK for å oppsummere sommaren hittil.

Mobiltelefonen gjer at alle kan skaffe seg badetemperaturar når ein ønsker – til dømes via Yr-appen.

– Men vi skal likevel halda fram med å melda temperaturen på lufta, sjølv om «alle» har mobil. Grunnen er enkel: tradisjon og nostalgi. Ingen sommar utan badetemperaturar i Reiseradioen, slår redaksjonssjef Rune Lind fast.

Jon Gjeraker måler badetemperaturen ved Midtnes pensjonat i Balestrand juni 2020.

LANG TRADISJON: Dersom Jon Gjeraker eller nokon andre på hotellet ikkje får målt temperaturen, er det med ein gang folk som tar kontakt og etterlyser badetempen i Balestrand.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Slik blir du med på dugnaden

Her er supermålar Jon Gjeraker sine gode råd:

  • Lag til eit termometer i eit tau med eit lodd i enden.
  • Senk termometeret ned på ein meter under sjøoverflata
  • La det henge roleg på same stad i fem-seks minutt, les av – så har du badetemperaturen!
  • Deretter klikkar du deg inn på badetemperaturar.yr.no, logg deg inn med din NRK-brukar og registrerer.
Registrering av badetemperaturar.

ENKEL PROSESS: Klikk deg inn på Yr-appen eller nettsida, og registrerer temperaturen på din favoritt-badeplass.

Foto: Yr.no