Hopp til innhold

Regjeringa beklaga til skeive – ​​​​​​​ Vigdis blei «friskmeldt» i 1976

I dag beklaga regjeringa for korleis skeive har blitt behandla. – Det er mange som no vil retta ryggen og pusta friare, seier aktivisten Vigdis Bunkholdt.

Vigdis Bunkholdt

PIONER: Aktivist Vigdis Bunkholdt har vore ein pioner i homorørsla i mange tiår. I dag høyrde ho regjeringa seia «unnskyld».

Foto: Kent-Gøran Carlsson

– Eg vil på vegner av den norske regjeringa seia unnskyld for at skeive personar blei kriminalisert og straffeforfølgd av norske styresmakter, og unnskyld på vegner av det norske fellesskap, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Torsdag er det 50 år sidan homoforbodet blei skrota, og det ikkje lenger var forbode å vera homofil i Noreg.

I det høvet inviterte i dag statsminister Støre og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen veteranar frå homorørsla, FRI og fleire andre representantar frå dei skeive miljøa til eit møte.

Aktivist Vigdis Bunkholdt er blant dei som har kjent stigmatiseringa og skamma på kroppen.

«Friskmeldt» i 1976

Bunkholdt blir kalla ein pioner innan homorørsla. Ho leverte ein mektig tale etter at regjeringa beklaga til det skeive miljøet klokka 13 onsdag.

Ho minnast tida då homofili framleis var kriminelt, og korleis ein risikerte både straff og sjukeleggjering innan psykiatrien. Ein var innesperra av store murveggar både psykisk og fysisk.

Med Kim Friele som arbeidsleiar begynte det smått utrulege, at murane byrja å ramla for alvor, seier Bunkholdt.

Sjølv om homofili blei avkriminalisert i 1972, var det ikkje før i 1977 at det blei fjerna som ein psykiatrisk diagnose av psykologane.

I talen sin, takka Bunkholdt dei to unge psykiatrane Morten Selle og Reidar Kjær som var med på å sørga for at diagnosen fall ut av diagnoselista.

– Det var deira forteneste at eg blei friskmeld i 1976.

– Eg skal vera ærleg å seia at eg ikkje alltid har forstått kva det vil seia å få ei offentleg beklaging. Men eg fann eit sitat frå Jens Stoltenberg då han gav dei norske jødane ei offisiell beklaging. Då sa han at «like viktig som å beklaga er å læra».

Høyr heile talen hennar her:

Frå kriminell til fri same dag

Ein annan som hugsar den dagen for 50 år sidan godt, er Kenneth Brophy (75). Brophy har vore ope homofil sidan tidleg i 20-åra, dei første åra definert som kriminell.

– Eg hugsar den dagen vi fekk høyre denne kunngjeringa. Vi gjekk inn som kriminelle - og ut som frie.

– Sjølv om paragrafen ikkje har vore mykje brukt, var den der som eit varsel på at man ikkje var fullverdig. Det var mange som hadde det tøft, seier Brophy til NRK.

Kim Friele og Kenneth Brophy hedret på Walk of Fame. Her sammen med ordrører, Marte Mjøs Persen

Kenneth Brophy, her fotografert med Kim Friele, då dei fekk plass på Bergen by sin eigen Walk of Fame.

Foto: Amund Karseth

– For lite, for seint

Støre, som talte klokka 13, peika blant anna på at 119 menneske blei kriminaliserte og straffa for kjærleikslivet sitt. Desse måtte gjennom rettssaker, domfellelse og soning.

– Dette er alvorlege brot på våre viktigaste verdiar: likeverd, rettferd og fridom. Det er rett og slett feil, og når feilen er gjort, må den unnskyldast.

Leiar Inge Gjestvang i FRI er takksam for beklaginga, men meiner det er for seint for mange.

– For mange av oss har det kanskje vore litt for seint og litt for lite. Me veit det er mange som ikkje er blant oss no lengre som gjerne skulle ha høyrt dette her, men for dei skal me ta med den beklaginga vidare i kampen for skeive rettar, seier Gjestvang til NRK.

– Ein dag for historiebøkene

Som ein del av 50-årsmarkeringa, er heile 2022 via til å vera eit «Skeivt Kulturår». Initiert av Nasjonalbiblioteket, Nasjonalmuseet og Skeivt arkiv, er målet å formidla og diskutera skeiv kunst, kultur og historie over heile landet.

Redaktør Erna Bøyum for det skeive tidsskriftet Blikk skreiv tidlegare i år at markeringa er det perfekte høvet for regjeringa å beklage.

Politiet har òg erkjent at det har blitt gjort feil mot homofile gjennom historia. I 2019 bad dei om unnskyldning for urett og trakassering, og for å ha skapt frykt.

Andre reagerer no på beklaginga.

Tonje Frøystad Garvik og Lene Sleperud

Tonje Frøystad Garvik og kjærasten Lene Sleperud (til høgre) trur beklaginga kan bety mykje for mange.

Foto: IHNE KÅRESDOTTIR

Tonje Frøystad Garvik har tidlegare fortald om skamma som kan komma av å veksa opp som skeiv i ei lita bygd.

Ho synest det er veldig viktig at regjeringa beklagar i dag.

– No er det ikkje dagens politikarar som har skylda for det som har skjedd. Men det at dei tar på seg ansvaret, slik kyrkja gjorde, for at dei har vore med på å skapa eit vanskelegare liv for homofile er eit superviktig signal. Eg blir overraskande rørt.

Jens Kihl, politisk kommentator i Bergens Tidende

Kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende sa i radioprogrammet Dagens tidlegare i dag at pressekonferansen gjorde inntrykk på han.

– Då eg sat og skulle notera frå talen, må eg innrømma at det gjekk ei tåre eller to i notisblokka her, for dette er ein dag for historiebøkene.

Sjå også intervjuet med homokampens førstedame, Kim Friele:

Kim Friele var første norske kvinne som stod frem som lesbisk. Hun har viet livet til homokampen. Hør hennes historie, fortalt til Silje Nordnes.

Kim Friele var første norske kvinne som stod fram som lesbisk. Hun har viet livet til homokampen. Hør hennes historie, fortalt til Silje Nordnes.

Kulturstrøm

  • Dikt om snøskred nominert

    Diktsamlingen «Avhandling om snøskred» av Tilde Strand Bogen er en av tre nominerte bøker til Tarjei Vesaas' debutantpris. Noen av diktene tar utgangspunkt i Kletthammerskredet, et snøskred som gikk i Oppdal i 1868.

    I år er det kun tre bøker nominerte til prisen, mot vanlige fem. De to andre er Maria Horveis roman «Gratulerer med dagen» og M. Seppola Simonsens diktsamling «Hjerteskog».

    Debutantpris skal gå til beste skjønnlitterære debutant under 35 år. Den norske Forfatterforening melder at antallet debutanter under 35 år var lavere i 2022 enn det som har vært vanlig de siste årene.

    Prisvinneren offentliggjøres lørdag 18. mars 2023.

    Tilde Strand Bogen
    Foto: Helge Hansen / Montage
  • Clooney lager amerikansk «Le bureau»

    George Clooney blir både regissør og produsent på en amerikansk versjon av den franske suksesserien «Le bureau». Den franske serien handlet om arbeidslivet til og opplæringen av hemmelige agenter, og ble rost for sin realistisk skildring av agentarbeid.

    Clooney har selv spilt etterretningsagent i filmen «Syriana». Den amerikanske serien vil handle om CIA, og vil også hente inspirasjon fra spionserien «Homeland».

    Le Bureau S05E01
    Foto: Remy Grandroques

Flere kulturnyheter

Beyoncé skreiv Grammy-historie

Med totalt 32 prisar har Beyoncé blitt den mestvinnande artisten i Grammy-historia. Med på vinnarlaget hadde ho bergensaren Jens Christian Isaksen.